Hopp til innhold

Svenskane protesterer mot vindmøllepark

Svenske politikarar er forundra over at konsekvensane av ein vindmøllepark i Meråker, nær grensa, ikkje er utgreidd på svensk side. Dei krev no å få seie meininga si.

Vindturbiner

I Meråkerfjella er det planlagt rundt 50 vindmøller. Nokre av dei vil ligge berre 800 meter frå svenskegrensa og området der svenskane har bestemt at det skal vere fritt for vindmøller.

Foto: Kjell Herskedal, Herskedal, Kjell, Kjell Herskedal / Scanpix

Svenskane har etter internasjonale konvensjonar rett til å uttale seg om slike planar.

– Vi meiner at dette er ei etablering så nær svensk jord at det trengs ei konsekvensutgreiing for den svenske sida. Ei slik utgreiing har vi ikkje sett enno, seier Leif Nord, ordførar i Åre kommune.

Det er E.ON Vind Sverige som har søkt NVE om konsesjon til å opprette vindkraftanlegget heilt aust i Meråkerfjella.

Skal vere fritt for vindmøller

Dei rundt 50 planlagde vindmøllene er tenkt å komme berre 800 meter frå riksgrensa mot Sverige, og vindmølleparken grensar til eit svensk fjellområde der Åre kommune har vedtatt at det skal vere fritt for vindmøller.

– Dette har vi tatt ei prinsippavgjerd på. Vi kan tillate einskilde vindkraftverk, men ikkje parkar, seier Nord.

Han er difor overraska over at konsekvensar på svensk side ikkje er utgreidd for det planlagde Kopperå vindkraftverk i Meråker.

– Ei konsekvensutgreiing må jo omfatte alle områda som ligg rundt vindmølleparken. Ein kan ikkje stoppe berre for at det går ei riksgrense der, meiner han.

– Grensa skal ikkje ha noko å seie

Svenskane har etter internasjonale konvensjonar rett til å ha meining om slike planlagde tiltak nær grensa.

– Det er slått fast i den såkalla Esbo-konvensjonen, forklarer Egon Enocksson i det svenske Naturvårdsverket.


Esbo-konvensjonen gir rettar dersom det blir planlagt noko i eit land som kan påverke miljøet i eit anna land. Då skal folk, organisasjonar og styresmaktene i nabolandet ha same rett til å komme med synspunkt på same vis som i landet der verksemda blir planlagt.

Naturvårdsverket skal samordne høyringsfråsegner på svensk side for å sende til NVE i løpet av mars.

Ut frå Esbo-konvensjonen er det òg plikt til å utgreie eventuelle konsekvensar for nabolandet, meiner Enocksson:

– Vi tolkar det slik at sjølve grensa ikkje skal ha noko å seie. Om konsekvensane av vindmølleparken strekker seg inn i eit anna land, må det vere konsekvensutgreiing på begge sidene av grensa, seier Enocksson.

– Ikkje godt nok utgreidd

Alt da det vart sendt ut melding om den planlagde parken i 2012, peika reindriftsinteresser på svensk side og Jämtlands ornitologiske foreining på negative konsekvensar av ein vindkraftpark, og ville ha utgreiingar.

Det same gjorde länsstyrelsen i Jämtlands län. Dei bad òg om å vurdere alternativ plassering av vindkraftparken, bort frå snaufjellet og over til skogslandskap der konfliktane er mindre – i tråd med den vedtekne vindkraftpolitikken i Jämtland.

No, to år etter, er ikkje dette godt nok utgreidd, meiner ordføraren i Åre kommune, og tenkjer på følgjene vindkraftparken kan få på ei rekkje område på svensk side.

Han er mest bekymra for naturen og dyra.

– I tillegg bur det samar i området, og vi har eit turistanlegg som ligg i nærleiken. Vi vil ha ei ordentlig beskriving og ein analyse av kva ein slik park vil ha å seie for oss her i Sverige. Og det kjem vi til å halde fast ved, seier Leif Nord.

Vil ha dialog med svenskane

Noregs vassdrags- og energidirektorat er fullt klar over at dei er forplikta til å ta omsyn til svenskane. Det seier Rune Flatby, avdelingsdirektør i NVE.

– Eit av formåla med denne høringsprosessen som er no, er jo nettopp å få fram om utgreiingane er gode nok. Vi får sjå på dei krava som har kome, saman med länsstyrelsen på svensk side, og så finne ut om det er behov for fleire konsekvensutgreiingar, seier Flatby.