Nyheitsartiklane vart publiserte 20. februar og 4. mars i år, og vekte mykje merksemd.
Eikrem, som er førsteamanuensis i sosialt arbeid ved NTNU, skuldar avisa for å ha brote god presseskikk på fleire punkt. Mellom anna at dei har vore ukritiske i val av kjelder, og at dei ikkje har vist tilstrekkeleg openheit.
– Eg ser fram til at PFU behandlar klagen, seier Eikrem til NRK.
I klagen skriv Eikrem at Filter sine påstandar ikkje kan etterprøvast.
«Presentasjonen av et par dusin skjermbilder med liker-klikk og noen få kommentarer, skal angivelig underbygge en påstand om «hisset til rasistiske nettdebatter». Det må i så fall være en meget innholdsløs debatt og mislykket hissing ettersom dette, ifølge Filter Nyheter, skal ha strukket seg over flere år», skriver Eikrem.
Framandfiendtlege ytringar
I den første artikkelen til Filter Nyheter i februar, hevdar fleire anonyme kjelder at Eikrem har hatt ein hemmeleg Facebook-konto der han skal ha ytra seg framandfiendtleg. Personen bak kontoen har både delt eigne ytringar og trykt «liker» på andre sine innlegg.
Tidlegare i sommar trua NTNU med avskjed og kravde innsyn i både arbeids-PC og e-post.
I fem månader har NTNU granska saka. Like lenge har dei visst at ein anna person har erkjent å stå bak, utan å undersøke dette nærmare. Dette kjem fram i ein fersk Khrono-artikkel.
I Universitetsavisa er Eikrem tydeleg på at han ikkje ynskjer ein ordkrig med Filter Nyheter om detaljane.
Førebudd på klage
– Vi var ikkje kjent med noko PFU-klage før den blei sendt ut til journalistar, seier redaktør Harald Klungtveit i Filter Nyheter og legg til:
– Ein PFU-klage er noko vi alltid er førebudd på i denne typen saker.
Klungtveit ynskjer ikkje å gå inn på innhaldet og dei ulike punkta i Ver Varsam-plakaten avisa er klaga inn for. Han vil la PFU behandle saka før han kommenterer dette.
FILTER NYHETER: Redaktør i Filter Nyheter, Harald Klungtveit, forsvarar dei presseetiske vurderingane avisa tok i februar.
Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRK– Artiklane våre står sjølvsagt ved lag. Vi har ikkje gjort endringar. Det har ikkje dukka opp fakta som endrar på det vi skreiv i februar, meiner han.
Klungtveit slår fast at dei hadde korrigert artiklane for lenge sidan om dei såg presseetiske brot.
– Vi har veldig høg presseetisk bevisstheit og har gjort grundige vurderingar heile vegen, meiner han.