Frå nyttår forsvann merkenamnet Trønderbanen, og no ber fylkesvaraordførar i Sør-Trøndelag Beate Dahl Eide om ei orientering frå leiinga i NSB.
- Trønderbanen har vore svært vellykka, og det skuldast grep og endringar som leiinga i Trondheim har gjort. Det er synd at NSB ikkje ser verdien av dette, og vi er sterkt bekymra over tendensen vi ser. NSB flyttar utviklingsoppgåver til Oslo, NRK sentraliserer leiinga til hovudstaden og Avinor bygger ned på Værnes. Alt dette er med på å svekkje mulegheitane for utvikling i Trøndelag, seier Dahl Eide.
Beate Dahl Eide
Blei ikkje orientert
I eit brev til NSBs styreleiar og konsernsjef skriv Dahl Eide at omorganiseringa av lokaltogtrafikken kan føre til eit dårlegare samarbeid mellom NSB og dei lokale politikarane.
Ho trekkjer og fram at endringane har skjedd utan at politikarane blei orientert.
- Eg seier meg lei for det som har skjedd. Dette er ein prosess som har foregått i det stille og vi som regionale politikarar har ikkje hatt mulegheit til å påverke den. Eg synst det er ei oppsiktsvekkjande utvikling i arbeidet til NSB.
- Handlar uklokt
Brevet frå fylkesvaraordføraren i Sør-Trøndelag er ikkje den første protesten mot NSB sine endringar i Trøndelag.
Fylkesråd for samferdsel Susanne Bratli i Nord-Trøndelag meiner NSB handlar uklokt. Beate Dahl Eide legg ikkje skjul på at ho ønskjer at NSB snur og let Trønderbanen leve vidare.
- Det hadde vore det aller beste, seier Dahl Eide.
Tek ikkje sjølvkritikk
Informasjonssjef Preben Colstrup i NSB ønskjer ikkje å kommentere brevet frå fylkesvaraordføraren i Sør-Trøndelag, men seier på generelt grunnlag at selskapet reindyrkar merkevara NSB.
- Det er to typar tog, regionaltog og lokaltog, og det følgjer vi. I tillegg gjer vi det politikarane bestemmer, nemleg å effektivisere NSB slik at det blir meir kostnadseffektivt.
Fylkesvaraordføraren hevdar at omorganiseringa har skjedd i det stille, kva er din kommentar til det?
- Ei intern omorganisering av NSB bør ikkje skje i full offentlegheit etter vår oppfatning, seier Colstrup.