Hopp til innhold

NRK erfarer: Erling Moe held fram som varaordførar i Trondheim

Slik NRK forstår det skal det vere klart at Erling Moe (V) held fram som varaordførar når byråd og parlamentarisme skal innførast i Trondheim.

Erling Moe (V)

VARAORDFØRAR: Erling Moe held fram som varaordførar i Trondheim opplyser NRK sine kjelder.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Det får NRK opplyst frå kjelder.

Men varaordføraren vil ikkje bekrefte dette til NRK.

– Den avgjersla er ikkje tatt, så det kan eg ikkje kommentere, seier Erling Moe.

Heller ikkje ordførar Kent Ranum vil kommentere noko.

– Ingen ting er klart før alt er klart, seier Ranum.

Ranum held fram som ordførar også når parlamentarismen skal innførast i byen.

Les også Han blir historisk byrådsleder: – Veldig oppsiktsvekkende

Kristian Dahlberg Hauge og Kent Ranum

Parlamentarisme

Etter planen skal byråd innførast i Trondheim 13. juni.

Då går byen frå den såkalla formannskapsmodellen over til parlamentarisme.

Det er Høgre, MDG og Venstre som dannar det nye byrådet, også kalla byregjering.

– Det har vore forhandlingar oss imellom. Med base i sentrum-høyre plattforma er vi einige om at det er vi tre partia som dannar byrådet.

Det sa Kent Ranum då avtalen mellom dei tre partia var på plass i mars.

Kor mange fagbyrådar som skal oppnemnast i Trondheim er ikkje kjent på noverande tidspunkt.

I Oslo og Bergen er det sju byrådar inkludert byrådsleiaren.

Byråd i Trondheim med Høyre, Venstre og MDG. her representert ved Venstres Erling Moe (t.v), Line Fjørstad fra MDG og Kent Ranum (H).

Historisk makttrio skal styre Trondheim

Dahlberg Hauge blir byrådsleiar

Tidlegare Frp-politikar Kristian Dahlberg Hauge blei i førre veke presentert som ny byrådsleiar i Trondheim.

Han har sidan 2021 vore nærings-, miljø- og samferdselsdirektør i Trondheim kommune, men fråtrer denne stillinga umiddelbart.

– Det er ei stor og viktig oppgåve som eg føler meg motivert til å ta fatt på. Det var umogeleg å seie nei til ei sånn oppgåve, sa Hauge då han blei presentert i ny rolle.

Les også NRK erfarer: Kristian Dahlberg Hauge blir byrådsleder i Trondheim

Kristian Dahlberg-Hauge