I går vart det kjent at Fosen Mekaniske Verksteder i Rissa har fått pålegg frå Arbeidstilsynet om manglande sikkerheit ved bedrifta.
Arbeidarar kritiske
Arbeidarar NRK var i kontakt med meinte Arbeidstilsynet var for slette i sin rapport, og at ikkje alle relevante forhold var dokumentert.
Sektorleiar Torgeir Alvsåker i Arbeidstilsynet vedgår at enkelte forhold kan ha blitt utelate.
The World
Det er spesielt forholda ombord i skipet "The World" som har vore kritisert av tilsynet.
Det var ved to tilsynsbesøk det siste halve året at inspektørane frå Arbeidstilsynet fann kritikkverdige forhold ved bedrifta, og ombord i skipet. Men dette skal no være i orden, seier Torgeir Alvsåker.