Hopp til innhold

Nea Radio på lyttartoppen: – Vi er kjerringa mot straumen

Ut med FM, og inn med DAB. I desse skiftande radio- og medietider vil lokalradioen Nea Radio gå imot straumen. Dei aukar staben, utvidar dekningsområdet, og seier jatakk til både FM og DAB.

Nea Radio utvidar

Redaktør og dagleg leiar i Nea Radio, Andreas Reitan.

Foto: Brandseth/Ulvolden/Lorentzen/Nesvold / NRK

– Vi er kjerringa mot straumen. Vi er ein annleis radio. No investerer vi 3 millionar kroner i DAB, men vi utvidar også FM-nettet vårt.

Dette seier Andreas Reitan, redaktør og dagleg leiar i Nea Radio. Han fortel at på denne måten klarer dei å nå nye målgrupper med både FM og DAB. Dette er viktig når nærradioen no utvidar staben for å dekke eit større journalistisk område.

Til no har dei dekka Selbu, Tydal og Holtålen og Røros kommune. No vil dei nå nye lyttarar i både Stjørdal og Malvik kommune.

Kart over Nea Radio sitt dekningsområde og nye sendarar.

Nea radio vil framover dekke Selbu, Tydal, Holtålen, Røros, Stjørdal og Malvik kommune. I tillegg kjem det DAB-sendar i både Trondheim og Melhus.

Foto: Brandseth/Ulvolden/Lorentzen/Nesvold / NRK

Best på lokalradio

Blant lokalradioane i landet er det Sør-Trøndelag og Rogaland som gjer det best. Nea Radio har hatt opptil 40 % dagleg oppslutning, noko som vil seie at nesten halvparten av dei som bur i dekningsområdet høyrer på kanalen dagleg.

Samanlikna med for eksempel Radio 102 i Haugesund (25%) eller Radio 1 Trondheim (3%) ser ein at blant landet sine lokalradioar ligg Nea Radio på lyttartoppen. Ein kan og samanlikne med større kanalar som P4 (22%) og Radio Norge (10%).

No setter lokalradioen opp sju nye DAB-sendarar, og to av desse er plassert utanfor dekningsområdet. Den eine er i Trondheim, medan den andre blir i Melhus. Utanom desse set Nea Radio også opp to splitter nye FM-sendarar.

– Det er fordi vi har stor tru på FM framleis har livets rett. Vi har ingen tru på at folk kastar FM-radioane sine, seier Reitan.

Lokalradioane i Norge får halde fram med å sende over FM-nettet i fem år til, og Reitan peikar på poenget om at 7 av 10 bilar framleis ikkje har fått installert DAB.

– Vi veit også at i indre delar av Trøndelag, der vi bur oppi fjella, er dekninga for DAB dårleg.

Må dumpe NRK

Nea Radio får inntektene sine gjennom reklame, bingo, og frivillig lisens. Radioen har også vore den einaste i landet som har sendt frå NRK P1 utanom sine eigne sendetider, noko som no vil ta slutt. I det NRK går over til DAB blir det ikkje lenger mogleg for Nea å sende frå P1.

Sak om Nea Radio

Styreleiar i Nea Radio, Jan Erik Steen, er trist over at forholdet mellom NRK P1 og lokalradioen no tek slutt.

Foto: Brandseth/Ulvolden/Lorentzen/Nesvold / NRK

– Eg trur både vi og NRK er lei oss for det. Det har vore løysinga vår dei siste 25 åra, og det har vore svært positivt for både oss og NRK, seier Jan Erik Steen, styreleiar i Nea Radio.

Han peikar på at det blir mest synd på NRK som ikkje lenger har moglegheita til å ha sendeflate hos Nea Radio, og at det heile hadde vore enklare dersom NRK hadde hatt ei overgangsperiode kor dei sende både på DAB og FM.

– Men det er sett ei effektiv sperre for det, og då blir det slik, seier Steen avsluttande.