Hopp til innhold

Den nasjonale skjenkestoppen er oppheva: Vegrar seg likevel for å fylle øltankane

Nokre restaurantar fyller ikkje opp øltankane no. Dei tør ikkje.

San Sebastian Trondheim

OPNAR ATT: Trondheimsrestauranten San Sebastián opnar dørene att. Dei treng å servere alkohol om dei skal tene pengar.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Det nasjonale skjenkeforbodet vert oppheva fredag.

Folk fleire stader kan no nyte alkohol på restaurant, så lenge dei et eit måltid til.

Restauranten San Sebastián i Trondheim er blant fleire som har kjøpt inn alkohol igjen, etter fleire veker med forbod mot å servere det.

Men klok av skade, fyller dei ikkje opp dei største øltankane sine. Dei tør ikkje.

Føler seg ikkje trygg

– Vi har desse bølgene med smitte opp og ned, opp og ned. Det å stenge kostar mykje pengar. Vi tør ikkje å fylle opp tusenliterstankane før vi føler det er trygt.

Det seier restauranteigar Steinar Hyll.

Fredag hentar han tilbake 20 tilsette, som har vore permitterte frå dei tre restaurantane han eig.

Men kor viktig er det eigentleg for restaurantane å få lov å servere alkohol igjen?

Steinar Hyll, som eiger av restauranten San Sebastian i Trondheim.

OPNAR MED FORHOLDSREGLAR: Steinar Hyll, som eig restauranten San Sebastián, tør ikkje å fylle dei største øltankane sine, i frykt for å måtte stenge på ny.

Foto: Bent LIndsetmo / NRK

Frykt for ny stenging

– Det betyr alt, seier regiondirektør for NHO, Tord Lien.

– Det betyr forskjellen mellom å tape pengar og å tene pengar. Det betyr at vi kan opne igjen og hente folk tilbake til jobb, og sakte men sikkert byrje å ta igjen noko av dei store, store tapa folk i bransjen har hatt, seier han vidare.

Restauranten San Sebastián i Trondheim er langt ifrå aleine om å kvi seg for å fylle øltankane, ifølge Børge Beisvåg i Næringsforeningen i trondheimsregionen:

– Folk er redde for å opne for fullt, sidan smittesituasjonen kan føre til ny stenging. Det er nok ein god del som tar denne typen forholdsreglar. I frykt for ei ny stenging.

Vil gi pengar for tapt matlager

Regjeringa seier dei vil dekke utgifter for bedrifter som har måtta kaste utgåtte varer i løpet av tida dei har måtta halde stengt.

Dei vil at verksemder, uansett storleik, i sin heilskap skal få kompensert for tap av ferskvarer gjennom ei søknadsordning. Ferskvarer som til dømes mat, øl og blomster.

Men ordninga er ikkje godkjent.

EFTAs overvakingsorgan undersøker om den følger EØS-reglane.

– Departementet arbeider no med å få ordninga godkjent av ESA. Vi veit ikkje kor lang tid dette vil ta, skriv statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem (V) i ein e-post til NRK.

Regjeringa foreslår at tapt varelager skal kompenserast i perioden frå november 2020 til april 2021.

– Dei som allereie har søkt og fått pengar gjennom kompensasjonsordninga, kan sende ein tilleggssøknad for tapt varelager. Bedrifter må oppfylle vilkåra under kompensasjonsordninga for å kunne søke, forklarar Sunde-Eidem.

Statssekretær Lucie Katrine Sunde-Eidem

GLAD FOR OPNING: Lucie Katrine Sunde-Eidem (V) er framom alt veldig glad for at restaurantar og barar no kan servere gjester igjen. Men ho forstår òg at dei siste nedstengingane har vore svært krevjande for veldig mange.

Foto: Nærings-og fiskeridepartementet

– Lurt å vere forsiktig

Fleire kommunar i Trøndelag har dei siste vekene måtta stenge ned som følge av ukontrollerte smitteutbrot. Mellom anna Steinkjer og Stjørdal i nord, og Midtre Gauldal sør for Trondheim.

Sjølv om smitten er lav i Trondheim trass i det, er frykta stor for at det snart snur, fortel Børge Beisvåg frå Næringsforeningen i trondheimsregionen:

– Det bransjen har lært seg, er jo at det er lurt å vere forsiktig. Ting er såpass uføreseieleg at ein ikkje veit korleis det slår ut om vi får nye nedstengingar.

Han understrekar og at krava til skjenkestopp klokka 22.00 og matservering medfører at fleire bedrifter i utelivet framleis må halde stengt.

– Dette er absolutt ingen full gjenopning, men ei forsiktig gjenopning, som primært omfattar restaurantar.