Kværner Verdal
Foto: Johannes Børstad / NRK

Næringslivet i Trøndelag

Oppsummert

Oppsummert: Siste nytt om næringslivet i Trøndelag.

  • NHO-undersøking bekymrar

    Koronatala i ei fersk medlemsundersøking i NHO uroar regiondirektør Tord Lien i NHO Trøndelag. Han er spesielt bekymra for unge arbeidstakarar med lite utdanning. – Vi må slå fast at dette ikkje er over enno. Situasjonen er meir krevjande enn tidlegare i haust. Det er store forskjellar mellom regionane. Heldigvis ligg tala lågare her i Trøndelag, seier han til NRK.

    Tord Lien, NHO
    Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK
  • 20 mister jobben i Lierne

    20 ansatte mister jobben i Lierne, når selskapet Blåfjell nå må kaste kortene. Gründer John Helge Inderdal, som også startet opp Lierne Bakeri, har satset millioner på oppdrett av røye på land. – Hovedgrunner er de akutte og vedvarende salgsutfordringene som følge av koronaepidemien, sier Inderdal i ei pressemelding. Det fremgår også at etableringen av produksjonsanlegget har vært svært utfordrende.

  • Planlegg settefiskanlegg i Malm

    Styret i sjømatselskapet SalMar har i kveld vedteke å gå vidare med planane om å bygge nytt anlegg for produksjon av settefisk på Tjuin industriområde i Malm i Steinkjer kommune. Det opplyser oppdrettsselskapet til NRK. Dei skal etter planen bruke ein milliard kroner på prosjektet.