Hopp til innhold

Eva skulle sjå på OL då huset hennar vart påtent av brannstiftar

Eva Lund (68) skulle stå opp grytidleg for å få med seg handballkamp frå OL. I staden bråvakna ho midt på natta av ei røyklukt som kom frå kjellaren.

Brann Namsos

HUSET TIL FAMILIEN LUND: Eva og Kolstein var glade for at Eva hadde sove i førsteetasjen då det brann i huset natt til onsdag.

Foto: Kjetil Langeng

– Det er heilt grufullt. Eg er veldig glad for at eg ikkje visste at brannen var påtent då det skjedde, seier Eva Karin Lund i telefonen til NRK.

Ein mann er sikta for grovt skadeverk etter at han vart arrestert i samband med tre brannar i Namsos i natt. Han sit no i varetekt og skal bli avhøyrt i løpet av dagen.

Den sikta er ein kjenning av politiet, men skal ikkje ha vore involvert i brannrelatert kriminalitet før, opplyser Line Marthe Fuglum Juliussen onsdag formiddag.

Fuglum Juliussen er seksjonsleiar for etterforsking i politiet i Namdal.

– Eit av husa har fått ein god del skadar, dei andre åstadane vart mindre skada av brannane, seier ho.

Hei!

Har du informasjon eller bilete av brannane i Namsos i natt? 

Send meg gjerne ein epost!

Vakna av røyklukt

I det eine huset med tre etasjar, bur Eva og Kolstein Lund. Kolstein var på moltetur i Namsvatnet og ikkje heime då brannen starta. Han fekk ein telefon frå kona kl. 05 i natt til onsdag den 4. august.

– Soverommet er eigentleg i andre etasje, så det var jo veldig bra at ho låg i første etasje, seier Kolstein.

Eva fortel at ho denne kvelden hadde lagt seg i TV-stua. Ho ville stå opp tidleg for å sjå på handballsendinga frå OL i Tokyo som gjekk litt over seks på morgonen. Men det var noko heilt anna enn vekkarklokka som rista henne ut av søvnen.

– Eg vakna av ei veldig sterk røyklukt og eg gjekk ut av senga for å sjå kva det kunne vere.

Då ho opna døra ned til kjellartrappa slo røyken imot henne.

– Då skjønte eg at eg måtte komme meg ut og ringe brannvesenet.

Raskt etter varsla ho dei næraste naboane.

– Eg var redd det kunne skje ein eksplosjon. Eg såg jo flammane på nedsida.

På det tidspunktet visste ho ikkje at brannen var påtent. Ho trudde det var snakk om eit uhell.

Starta brann på tre stadar

– Det vart påtent på tre forskjellige adresser. Politiet har arrestert ein mann som er mistenkt i saka, meldte operasjonssentralen onsdag morgon.

Ifølgje operasjonsleiar Wenche Johnsen byrja etterforskinga av brannane med ei melding om at ein person skulle ha gått og luska i eit nabolag i Namsos rundt klokka 05.00.

Ein person hadde blitt vekt av at hunden bjeffa og gjekk ut for å sjå kva det var. Då såg ho ein mann og ringde politiet.

Brann Namsos

NAMSOS: Politiet på ei adresse i Namsos.

Foto: Kjetil Langeng

Leita etter mann då dei oppdaga brann

Politipatruljen gjekk seg ein runde i området for å leite etter personen og oppdaga ein brann utanfor ein bustad.

– Det var openbert at det var nokon som hadde starta brannen, seier Wenche Johnsen.

Då politiet såg at brannen var påtent med vilje, gjekk dei vidare og oppdaga brann nummer to, som var ein halv kilometer unna, opplyser Johnsen.

– Politiet hadde på dette tidspunktet ei aning om kven det var som hadde tent på. Patruljen drog derfor mot bustaden til vedkommande og oppdaga brann nummer tre like ved bustaden.

Den sikta vart pågripen rundt klokka 06.00. Krimteknikarar har undersøkt stadane der det har brunne.

Den sikta skal ha forsøkt å tenne på denne altanen i Namsos i natt.

FORSØK: Den sikta skal ha forsøkt å tenne på denne altanen i Namsos i natt.

Foto: Kjetil Langeng

Eva: – Handballinteressa redda meg

– Eg er enno litt skjelven, seier Eva Lund eit halvt døgn seinare.

– Hadde eg sove i overetasjen hadde heile huset brunne ned, det er eg sikker på.

Ho seier ho hadde flaks oppi det heile.

– Det var handballinteressa mi som redda meg,

Om paret nokon gong kan flytte inn att i huset kan berre tida gje svar på, seier ho, og legg til at dei har ein bustad der dei kan bu i tida framover.