Hopp til innhold

Mindretalet ville ikkje døme tiltalte for drap

Ein 34 år gamal mann er dømd til 11 års fengsel for å ha drepe mora si på Byåsen i september i fjor. Men retten delte seg i synet på om tiltalte skulle dømast for drap.

Bilder fra politiet i Byåsen-drapet

HAMNA PÅ AVSATSEN I TRAPPA: Tiltalte hadde fleire sjansar til å kome seg unna mora mens ho låg skadd, meiner aktor.

Foto: POLITIET

Klokka 14 fredag starta tingrettsdomar Anne Marie Selvaag opplesinga av domen i Sør-Trøndelag tingrett.

Retten: Inga paranoid vrangførestilling

Mora døydde etter at tiltalte trakka og hoppa på ryggen hennar tre gonger mens ho låg på reposet i trappa ned frå stova. Der hamna ho etter eit basketak med sonen. Retten er ikkje samd med forsvararane i at tiltalte kunne ha ei paranoid vrangførestilling.

Tiltalte erkjente å ha drepe mora, men meiner han handla i naudverje fordi han var redd for kva mora ville gjere. Forsvarer meinte tiltalte var utilrekneleg og derfor måtte frifinnast.

Dei rettspsykiatrisk sakkunnige meiner tiltalte har ei utviklingsforstyrring, men at han ikkje var psykotisk eller utilrekneleg. Dette støttar retten.

Aktor avviste naudverje og la ned påstand om 11 års fengsel, slik retten også har kome til.

–Tiltalte hadde fleire sjansar til å kome seg unna mora då ho hamna i trappa, sa statsadvokat Unni Sandøy i prosedyren førre veke. Retten er samd med aktor i at tiltalte hadde sjanse til å passere henne i trappa og flykte.

Fleire vener av avdøde vitna under rettssaka. Dei fortalde om ei kvinne som var veldig roleg og omsorgsfull.

Dei hadde aldri sett verken mor eller tiltalte sint.

I domen skriv retten at det var eit konfliktfylt forhold mellom mor og son dei siste par åra. Men ingen vitne har sett tiltalte bli fysisk eller psykisk mishandla av mora slik tiltalte hevdar.

Fleire vitne skal i ettertid ha skjøna at avdøde var redd for sonen. Faren hans fortalde derimot om at avdøde hadde angripe han før tiltalte vart fødd.

Retten delt i synet på om tiltalte skal dømast for drap

Retten er usamde om tiltalte måtte forstå at handlinga hans kunne føre til at mora døydde. Fleirtalet, tingrettsdomar Selvaag og ein av meddomarane, meiner tiltalte måtte forstå at valden mest sannsynleg ville føre til døden. Derfor må han dømast for forsettleg drap, meiner fleirtalet. Meddomaren i mindretal meinte det var snakk om grov kroppsskade med døden til følgje, noko som gir lågare straff.

–Påtalemakta har forståing for at retten er delt i synet på om tiltalte meinte å drepe. Det var også det punktet vi såg på som mest komplisert, seier aktor Unni Sandøy til NRK.

–Men vi konstaterer at retten er samd med påtalemakta på dei mest vesentlege punkta om skuld og straff, seier aktor.

Etter ein kort samtale med tiltalte opplyste forsvarer Torfinn Svanem i retten at domen blir anka.

Tiltalte er også frådømt retten til å arve den avdøde mora.

Far hennar og dermed morfar til tiltalte har ikkje kravd oppreisningserstatning. Då han vitna i retten sa han at han håpa barnebarnet vart frifunnen.

Les meir om saka her