Aktor vil ha 11 års fengsel: – Drapstiltalte kunne ha kome seg unna mor

Tiltalte hadde fleire sjansar til å kome seg unna mora før han utøvde den dødelege valden mot henne, meiner aktor. Statsadvokat Unni Sandøy la ned påstand om 11 års fengsel for son til avdøde.

Kvinne funnet død i Trondheim 09.09.20

AVDØDE BOREN UT: Mor til tiltalte vart drepen 9. september 2020. Sonen meiner det var naudverje.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Tiltalte (34) meiner han handla i naudverje då han drap mora si på Byåsen i Trondheim i fjor haust. Han har sagt at han vart redd henne då han såg det svarte blikket hennar.

Forsvarar meiner tiltalte var utilrekneleg og må frifinnast.

Tiltalte har sagt at han var redd mora og at han «fraus fast» då ho bad han flytte seg på stovegolvet på grunn av smittevern. Mora skal ha klort han i andletet då ho kom mot han.

– Tiltalte overdimensjonerer redselen han hadde for mor

Allereie då kunne han kome seg unna, meiner aktor. I staden hamnar mora nedover trappa og blir liggande på avsatsen. Det er valden tiltalte utøver der som er grunnlaget for tiltalen.

– Men «fraus» han fast? spør aktor.

– Nei, han bevegar seg etter mora nedover trappa, trakkar og hoppar på henne. Det er inga «fryshandling». Kroppen hans lystra, den gjorde det han ville, seier aktor.

– Tiltalte overdimensjonerer redselen han hadde for mor, legg ho til.

Aktor viser til at tiltalte berre ein time før mora kom hadde vore på besøk hos eit nabopar. Han nemnde ikkje noko om at han var redd.

Heller ikkje i ein telefonsamtale med ei venninne like etter.

Tiltalte brukte også fleire månader på å flytte ut frå huset til mor og til bustaden der drapet skjedde. Han sneik seg inn i kjellarhusværet hos mor, for å unngå at ho skulle vite at han var der.

Dette samsvarer dårleg med ein person som er redd for vedkomande, sa aktor.

Livløs kvinne funnet på Byåsen i Trondheim.

KRIMINALTEKNIKARAR: Drapet skjedde i barndomsheimen til mora, der tiltalte hadde flytta inn like før.

Foto: Bjarte Johannessen / NRK

– Grensene for naudverje er overskridne

Aktor Sandøy meiner tiltalte hadde fleire høve til å kome seg unna mora. Då ho låg på avsatsen kunne tiltalte klatra over henne og sprunge ned og ut av huset.

Jakka til mora hadde hekta seg fast i ein radiator på veggen i trappa. Etter to harde trakk på ryggen var avdøde allereie ute av stand til å springe etter tiltalte, meiner aktor.

Det tredje og dødelege åtaket, der tiltalte hoppa på henne mens ho låg på magen, førte til at ribbein og brystkasse vart trykt inn. Mora døydde momentant som følgje av store skader på hjartet.

– Grensene for naudverje er for lengst overskridne, meinte aktor.

Sandøy viste til at ingen legejournalar eller eigenerklæringar frå tiltalte viser at mora mishandla han fysisk opp gjennom åra, slik han har sagt.

Aktor sa at forholdet mellom mor og son openbert har vore konfliktfylt.

Bilder fra politiet i Byåsen-drapet

TRAPPA: På avsatsen vart mora liggande etter at sonen heiv henne ned trappa. Der trakka og hoppa han på henne tre gonger.

Foto: politiet

Meiner mora var psykopat

Fleire gonger under rettssaka har det kome fram at tiltalte meiner den avdøde mora var psykopat. Ekskjærasten var ei av dei som fortalde om dette då ho vitna. Ho var ein viktig samtalepartnar for tiltalte også etter at forholdet tok slutt. Det var henne han ringde til og fortalde at det hadde skjedd noko med mora hans, og at ho låg i trappa.

På PC-en hans fann politiet artiklar som tiltalte hadde søkt opp. Fleire av artiklane handla om psykopatar. Mellom anna denne saka frå 2008.

Den las tiltalte 18. august 2019 ifølgje søkehistorikken hans.

Fleire av vitna fortalde at tiltalte sa til dei at mora måtte vere psykopat på grunn av måten ho oppførte seg mot han.

Vener av avdøde vitna om ei kvinne som var omsorgsfull, snill og god og aldri viste sinne. Far til tiltalte fortalde derimot at han sjølv vart angripen før sonen var fødd.

Dei siste par åra oppsøkte tiltalte fleire alternative behandlarar for å snakke om korleis han hadde det. Ein av dei sa i retten at ho hadde tilrådd tiltalte å oppsøke psykolog.

– Tiltalte skal dømast ut ifrå førestillingar han hadde

Forsvarar Steinar Jacob Thomassen er usamd med aktor i tolkinga av naudverje i denne saka.

– Sjølv om fornærma døydde av skadane, kan ein ikkje utan vidare påstå at grensa for naudverje er overskriden. Tiltalte skal dømast ut ifrå kva førestillingar han hadde då mora kom mot sonen i stova.

Forsvararen viste til dei sakkunnige som retten har oppnemnd. I erklæringa deira står det at det ikkje kan utelukkast at tiltalte lir av paranoide vrangførestillingar.

Tiltalte si meining om at mor var psykopat har openbert prega tilværet hans, meiner forsvarar.

Han viser til episodar ein månad før drapet. Då mora hamra på døra til kjellarhusværet og opna vindaugo utanfrå, vart tiltalte veldig redd og gøymde seg i husværet. Drapsdagen vurderte tiltalte å overnatte ute i skogen i sovepose fordi han var så redd for at mora kunne kome.

Forsvarar meiner tiltalte hadde ein sterkt avvikande sinnstilstand som gjer at han ikkje var tilrekneleg då drapet skjedde. Derfor må han frifinnast, sa Thomassen, som saman med Torfinn Svanem representerer tiltalte.

Bilder fra politiet i Byåsen-drapet.

INNGANG TIL KJØKENET: Tiltalte har forklart at han freista å få henne inn på kjøkkenet under basketaket. I staden ramla ho ned trappa.

Foto: Politiet

– Utviklingsforstyrringa burde blitt oppdaga då tiltalte var barn

Forsvarar Thomassen meiner aktor hoppar for lett over spørsmålet om tiltalte var utsett for fysisk vald frå mor i barndomen.

– Det er ikkje alltid slik at barn fortel andre om slikt.

Dei to sakkunnige som vart oppnemnde av retten etter at tiltalte vart fengsla, har hatt fleire samtalar med han. Dei meiner tiltalte kan ha ei gjennomgripande utviklingsforstyrring.

Slike personar kan ha store vanskar med å sjå ei sak frå andre sider enn si eiga, opplyste dei sakkunnige.

Psykiater og overlege Solveig Klæbo Reitan sa at utviklingsforstyrringa heilt sikkert hadde gitt seg utslag i barndomen.

– Eg er overraska over at det ikkje vart avdekka då tiltalte var barn, slik at han kunne fått hjelp.

Aktor har tatt omsyn til diagnosen og meiner straffa skal minskast med eitt år, til 11 års fengsel.