Far til tiltalte: Avdøde angreip meg og kalla meg eit «rasshøl»

Nære venninner av den drepne kvinna meiner ho var veldig snill, roleg og aldri aggressiv. Far til tiltalte seier han vart angripen av ho.

Kvinne funnet død i Trondheim 09.09.20

AVDØDE BLIR BOREN UT: I same huset skal far til tiltalte vorten angripen av avdøde for 35 år sidan.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eg trur det eg har å seie har stor betydning for lagnaden til guten.

Slik byrja far til den drapstiltalte vitnemålet sitt i Sør-Trøndelag tingrett torsdag.

Faren og avdøde var berre i lag i tre veker. Då oppdaga ho at ho var gravid.

I denne tida var han ein gong med henne på besøk til foreldra hennar. Her skal det ha vorte ein krangel.

Avdøde skal ha angripe far til tiltalte

Avdøde skal vekselvis ha skulda mannen for å ikkje ha ryggrad, og at han hadde eigne meiningar. Ho skal også ha kalla han eit «rasshøl» ifølgje vitnet.

Den no avdøde kvinna gjekk mot vitnet, slo han i andletet, sparka, klora og reiv hår av hovudet hans.

– No ser de korleis NN (namn på avdøde) er, sa eg. Men det gjorde de vel ikkje, sa mannen og viste til at foreldra hennar hadde hendene framfor augo mens det gjekk føre seg.

Morfaren som skal ha vore vitne til åtaket vitna i retten tidlegare i veka.

Livløs kvinne funnet på Byåsen i Trondheim.

KRIMINALTEKNIKARAR VED HUSET: Sonen vedgår drapet, men seier det var naudverje.

Foto: Bjarte Johannessen / NRK

Men han var ikkje spurt om denne episoden for 35 år sidan.

Etter dette bestemte vitnet seg for å ikkje ha noko med den gravide kvinna å gjere. Men han sa at han gjerne ville vere i livet til ungen som var på veg.

Det ville ikkje avdøde, fortalde han i retten. Ho skal ha sagt at ho ønska seg ein unge, men at faren ikkje skulle vere ein del av livet til barnet.

Venninner har skjøna at avdøde var redd sonen

Far til tiltalte har ikkje hatt særleg kontakt med sonen før dei siste par åra. Men han hadde klart inntrykk av at sonen var redd for mora si.

– NN (namn på tiltalte) er ein snill og grei gut som ikkje er i stand til å lyge, sa han i retten torsdag.

Nære venninner av avdøde fortel om ei kvinne som var veldig roleg og omsorgsfull.

Dei har aldri sett verken mor eller tiltalte sint.

Venninnene reagerte på at sonen ikkje hjelpte mora med gjeremål.

Fleire vitner sa i retten at dei i ettertid har skjøna at avdøde var redd for sonen.

Til ei venninne skal avdøde ha fortalt at sonen hadde krevd å få vete kva mora hadde gjort gale i barndomen hans. Dette var i februar 2020. Sonen hadde gått etter henne i stova og mora hadde svart at ho ikkje kunne sjå at ho hadde gjort noko feil.

Avdøde fortalde om dette på telefon til vitnet og var opprørt.

I retten sa vitnet at det var uvanleg at avdøde var så open fordi ho var ein veldig privat person.

Venninna kontakta politiet etter drapet fordi ho ville fortelje korleis avdøde var som person.

Bilder fra politiet i Byåsen-drapet.

TRAPPA: Avdøde ramla ned denne trappa i basketak med sonen.

Foto: Politiet

Tiltalte hadde ny avtale med krisesenteret to dagar etter drapet

I slutten av august i fjor kontakta tiltalte krisesenteret anonymt. Han fekk ein samtale med ein tilsett som vitna i retten torsdag.

I møtet fortalde tiltalte om psykisk vald frå mora. Han meinte dette ville halde fram sjølv om han snart skulle flytte ut av huset til mora og til huset på Byåsen der bestefaren budde.

På spørsmål frå aktor kva inntrykk den tilsette fekk av tiltalte, sa han:

– Han verka plaga og undertrykt. Konflikten hadde gått føre seg i mange år og hadde vorte altoppslukande i livet hans. Det verka som om han var i ei boble han ikkje kom seg ut av, sa vitnet frå krisesenteret.

Senteret kunne ikkje gje han plass dersom han ikkje trengde akutt vern mot mora. Tiltalte fekk beskjed om at dersom det skjedde noko alvorleg, måtte han kontakte senteret igjen og eventuelt politiet.

Det vart avtalt nytt møte 4. september, men det måtte krisesenteret avlyse. Tiltalte fekk ein ny time til 11. september.

To dagar før skjedde drapet i huset på Byåsen.