Hopp til innhold

Uvêret held fram – skapar kaos på vegane

Det er vanskelege køyreforhold fleire stader i landet og fleire fjellovergangar er stengde. Landet blir «pepra» med snøbyer, melder meteorologane.

Vogntog av vegen på Frøya

GLATTE VEGAR: Den semitraileren hamna i ettermiddag i grøfta ved Dyrøya på Frøya.

Foto: Ronny Teigås

Nok ei bølgje med uvêr har treft Noreg, etter ei veke som allereie har vore av det heftige slaget.

Ekstremvêret «Gyda» vart søndag etterfølgt av uvêr som skapte trøbbel for flytrafikken og straumbrot for fleire tusen nordmenn. Men mykje nedbør, kaldare temperaturar og sterk vind har skapt problem igjen.

Torsdag føremiddag vart det meldt om eit snøskred ved Myrkdalen i Voss. Politiet, ambulanse og skredpatrulje rykte ut.

Ifølgje Vest politidistrikt skal ein person delvis har vorte teke av skredet. Det er ingen opplysningar om andre har vore i området, skriv politiet på Twitter.

Vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen fortel til NRK at personen var i eit område ved Revhaugen saman med to andre.

– Tilsynelatande skal ingen av dei ha nokon skadar, seier Hartvigsen.

BRØYTING PÅ VIKAFJELLET: Brøytemannskap i sving på Vikafjellet torsdag. Video: Stokkebø Maskin AS.

Påverkar trafikken

Uvêr har prega trafikkbiletet særleg på Vestlandet, i Midt-Noreg og Nord-Noreg.

E 136 er torsdag føremiddag stengd etter at ein lastebil og ein personbil kolliderte ved Flatmark i Romsdalen.

Føraren av personbilen som var involvert i trafikkulukka mellom Flatmark og Skiri er sendt til sjukehus for undersøking og behandling.

Trafikkulukke E136 Romsdalen Fladmark Skiri

ULUKKE I ROMSDALEN: Ein personbil og ein lastebil kolliderte ved Flatmark på E136 i Romsdal torsdag føremiddag.

Foto: Arnt Olsen

Torsdag ettermiddag melder politiet om store trafikale problem på E136 i Romsdalen. Det er snakk om fleire mindre trafikkuhell. I tillegg står fleire vogntog fast og må legge på kjetting. Politiet har ein patrulje på staden.

Også i Vestland har det vore fleire trafikkuhell torsdag.

Torsdag føremiddag hamna tilhengaren til ein lastebil i grøfta på vegen opp til skisenteret Hodlekve i Sogndal.

På Årdalstangen i Sogn har ein personbil og ein lastebil kollidert. Politiet har ikkje sjølve vore på staden, men opplyser til Sogn Avis at det ikkje er snakk om personskadar.

På E39 ved Skei i Sunnfjord køyrde ein brøytebil i grøfta torsdag morgon, skriv Firda.

Kjell Olav Førde køyrde frå Skei til Sandane på jobb og såg brøytebilen. Han fortalde at det var vanskelege køyreforhold på staden.

– Det er litt vanskeleg å sjå køyrebana. Det er så kvitt og det er snøføyk inn frå sidene, sa han til NRK.

I Leirvik i Sogn var to bilar involverte i ei trafikkulukke i morgontimane. Ein person vart frakta til sjukehus i Førde, den andre føraren vart frakta til legevakt.

– Brannvesenet er framme på staden. Dei melder om at det er glatt på staden, opplyste Vest politidistrikt på Twitter.

Ved Ostereidet i Alver køyrde ein bil utfor vegen og hamna på taket torsdag morgon. Føraren skal vere uskadd, opplyser politiet.

Brøytebil i grøfta ved Skei i Jølster

HAMNA I GRØFTA: Ein brøytebil hamna utfor vegen ved Skei i Sunnfjord torsdag morgon.

Foto: Jorid Lothe / Firda

Nattestenger vegar i Nordfjord

På grunn av dårlege vêrmeldingar blir fleire vegar i Nordfjord stengde frå klokka 21 torsdag kveld. Dette gjeld:

  • 5744 Fossebakken-Navelsaker ved Navelsakerstranda.
  • 5722 Veslebygda-Flo
  • 5723 Sande-Bødal
  • 5724 Sandnes-Briksdal
  • Fv. 5720 Hjellestranda er allereie stengd.

Vegstengingane vurdert på nytt fredag kl. 09.

Mange stengde fjellovergangar

Vêret skaper også utfordringar for fleire fjellovergangar:

  • Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt. Ny vurdering fredag kl. 09.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Ope
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Styrt trafikkavvikling.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Stengt. Ny vurdering kl. 17.
  • Fv. 889 Snefjord – Havøysund: Stengt. Ny vurdering kl. 14.
  • Fv. 50 Aurland-Hol: Stengt. Kolonnekøyring mellom Nilsegard og Øyestølen frå kl. 14.
  • E10 Bjørnfjell: Stengt.
  • E6 Saltfjellet: Ope.
  • E6 Dovrefjell: Ope.
  • E6 Kvænangsfjellet: Stengt grunna ras. Ny vurdering fredag kl. 12.
  • E6 Sennalandet: Ope.
  • E6 Trondheim sørfrå: Stengd i Storlerbakken mot byen, melder Statens vegvesen. To vogntog står fast. Politiet er på staden.
  • E6 sør-Troms, Open ved Fossbakken der to vogntog har sperra vegen i fleire timar.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Ope.
  • E134 Haukelifjell: Ope.
  • Rv. 52 Hemsedal: Styrt trafikkavvikling.
  • Fv. 60 Strandafjellet: Ope.
  • E16 Filefjell: Ope.
  • Fv 27 Venabygdsfjellet: Opnar klokka 16.30, men kan bli stengt på kort varsel. Redusert sikt og isdekke. Kjetting vert tilrådd.
  • E14 Stjørdal – Meråker: Open ved Gudå etter berging av eit vogntog som har sperra vegen lenge.
  • RV3 rydda og open etter berging av to vogntog ved Innset mellom Kvikne og Ulsberg, fortel Statens vegvesen.

Fylkesveg 17 Bindal – Foldereid er torsdag føremiddag opna ved Årsandøy etter bilberging. Vegen har vore stengt eit par timar.

Trafikkuhell i Trøndelag

Torsdag føremiddag åtvarar politiet i Trøndelag om at det er svært krevjande køyreforhold mange stader.

– Det blir meldt om svært utfordrande køyreforhold, med tett snøvêr og glatte vegar i heile fylket. Vi har fleire vogntog som har problem i fleire delar av fylket, skriv politiet på Twitter.

Flere utforkjøringer

ENDA I GRØFTA: Vanskelege køyreforhold resulterte i mange utforkøyringar.

I Rennebu hamna eit vogntog på taket utfor vegen på fylkesveg 700 mellom Berkåk og Meldal torsdag føremiddag. Trafikken passerer på staden.

Seinare hamna også ein semitrailer i grøfta, denne gongen på E6 ved Rennebu.

Semitrailer av vegen i Rennebu

PROBLEM PÅ GLATTA: Semitrailer hamna i grøfta på E6 ved Rennebu.

Foto: John J. Storholt

Ingen vart skadde då to bilar støyte saman ved Skovgård i Trondheim torsdag morgon. Derimot førte uhellet til at det er trøbbel i trafikken i krysset Jakobsliveien/Hørløcks veg,

Litt før kl. 9 blei det meldt om at to vogntog stod fast på E6 mellom Stavå bru og Berkåk sentrum.

På riksveg 3 ved Innset i Trøndelag vart elt stengt grunna berging av vogntog.

– Det må reknast med korte stans inntil 15 minutt inntil berging er fullført, opplyste Vegtrafikksentralen Øst.

For tredje gang på få dagar hart bilar hamna utfor vegen på fv. 17 ved Solhaug ungdomshus i Namdalseid. Det vert meldt om svært glatte vegar i området.

Utfor fv 17 i Namdalseid

GLATT VEGAR: Her gjekk det gale ved Namdalseid.

Foto: Hans Petter Hestmo

Trøbbel for ferjesamband

Uvêret har i tillegg skapt problem for Hurtigruten, som ikkje klarte å leggje til kai i Bergen onsdag, på grunn av sterk vind. Fartøyet måtte heller legge til kai eit lite stykke unna den vanlege kaia i Jekteviken.

Torsdag føremiddag blei sambandet Buavåg-Langevåg i Bømlo innstilt grunna kraftig vind.

På Vestlandet var ferjesambandet frå Stårheim kl. 06:00 og Isane kl. 06:20 innstilt grunna uvêr, melde Vegtrafikksentralen Vest.

Mildare i helga

Landet blir i augneblinken «pepra» med snøbyer frå nordvest, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

Snøbyer frå nordvest

SNØBYER: Snøbyene kjem frå nordvest torsdag. Utover dagen blir det mindre nedbør og lengre opphald mellom byene.

Foto: Meteorologisk Institutt

Ifølge statsmeteorolog Elbjørg Moxnes kan ein vente at det kjem fleire snøbyer utover torsdagen.

–- I dag er det meir stabilt kaldt med snøbyer, heilt frå Rogaland i sør til Finnmark i nord, fortel ho.

Det er ute gult farevarsel for snø for Møre og Romsdal, Trøndelag og Sogn og Fjordane som går til torsdag kveld. Det er også ute gult farevarsel for Ofoten og Troms. I Finnmark og for fjellet i Sør-Noreg er det gult farevarsel for snøfokk.

– Det roar seg litt til kvelden og blir nok gradvis betre forhold, seier Moxnes.

Til helga ser det ut til å bli mildare vêr mange stader. Fredag blir det derfor ein ny runde med overgangsvêr.

Ho fortel at folk på Vestlandet vil merke stigande temperaturar allereie i morgon. Så går mildvêret vidare mot Trøndelag fredag kveld og så vidare nordover.

– Ein må belage seg på at det blir litt rufsete forhold når det skiftar så mykje frå dag til dag, seier Moxnes og oppmodar folk om å følge med på varsla.

Stor snøskredfare

Det er også stor fare for snøskred i Trøndelag og i delar av Nordland fylke, som onsdag var på faregrad fire. Torsdag er det også varsla faregrad fire i Troms, på grunn av kraftig snøvêr dei siste dagane, som no går over til mildvêr og regn.

Skredfaren er heller ikkje venta å betre seg dei neste dagane.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sende tysdag kveld ut ei pressemelding der dei skreiv at dei set ny beredskap for snøskred i region Midt-Noreg.

Brøyting på Vikafjellet

TRAVEL DAG: Brøytemannskapa på Vikafjellet har nok å gjere torsdag.

Foto: Stokkebø Maskin AS

Ventar vanskelege køyreforhold

Vêr- og køyreforholda i Finnmark vil forverre seg utover ettermiddagen og kvelden. Det seier Bente Nyland som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen nord.

– Det er spesielt i Øst – Finnmark og på Magerøya at forholda blir verre, seier Nyland.

Naudetatane har i ettermiddag rykt ut til ei trafikkulukke i Sorsvingen i Hammerfest mellom ein personbil og ein buss. Skadeomfang er førebels uvisst, melder politiet.