Hopp til innhold

Ekstremvêret «Gyda»: Då dei ikkje blei henta måtte dei evakuere i eigen båt

Ekstremvêret var på sitt mest intense torsdag. I Stjørdal kommune i Trøndelag har 47 personar blitt evakuerte på grunn av høg vasstand.

Folk blir evakuerte i båt fra flommen i Stjørdalselva.

EVAKUERER: Rita Rønning og familien blei evakuerte i Stjørdal i Trøndelag.

Foto: Privat

Det har blitt sendt ut rekordmange raude farevarsel frå NVE i samband med uvêret.

I Stjørdal fekk Rita Rønning og sambuaren torsdag morgon beskjed om at dei ville bli henta av naudetatar.

Etter tre timar ute i uvêret innsåg dei til slutt at ingen kom til å komme.

Heldigvis hadde familien ein båt i garasjen. Då kunne dei evakuere sjølv.

– Det var utruleg flaks, seier Rønning.

Linn Sofie Rønning (t.v) og Rita Rønning på evakueringssenteret i Stjørdal.

Linn Sofie Rønning (t.v) og Rita Rønning på evakueringssenteret i Stjørdal.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Ikkje alle vil evakuere

Øystein Sagen, operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt seier at evakueringsarbeidet er avslutta inntil vidare.

– Det er ikkje alle som vil la seg evakuere. Det har vore enkelte som har motsett seg det.

Det er etablert to evakueringssenter i området. Politiet vil gjere fortløpande vurderingar utover kvelden.

I alt 47 personar er evakuerte eller har evakuert seg sjølv i Stjørdal på grunn av uvêret, opplyser ordførar Ivar Vigdenes itt før kl. 22.30.

Hallvard Vognild blei vitne til at ein ispropp losna i elva Orkla i Trøndelag.

Lenger sør i Trøndelag var Hallvard Vognild (51) på veg nedover mot Ulsberg i Trøndelag då han såg store isflak flyte nedover elva Orkla.

– Det var ganske heftig å sjå på og det dundrar godt i elva. Eg sprang opp ei skråning til slutt for å stå på sikker avstand, seier Vognild.

Fleire vegar i Trøndelag er stengde som følgje av overfløymingar, jordras og undergrave vegar.

Rindal kommune er isolert.

E39 på Vinjeøra i Heim er stengt på grunn av store øydeleggingar. I tillegg er fylkesvegar i Rindal, Meldal, Verdal, Haltdalen og Meråker stengt på grunn av overfløyming.

E39 på Vinjeøra.

NATURKREFTER: Store øydeleggingar på E39 Vinjeøra.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Framleis raudt farevarsel

NVE varsla at ekstremvêret ville bli må sitt mest intense torsdag.

Det er særleg sør og aust i Trøndelag at Gyda skaper utfordringar i form av store nedbørsmengder.

Det er registrert fleire mindre skred i heile fylket, og NVE forventar framleis høg skredfare.

– Vi har vassføring i fleire elver og det er venta meir nedbør kommande døgn, så flaumvarselet vil framleis vere på raudt nivå, seier Terje Thuseth, regionsjef for NVE i Trøndelag.

Ved Hegra bru torsdag morgen. Fotograf: Hilde Ravlo.

Ved Hegra bru torsdag morgon. Fotograf: Hilde Ravlo.

Det er venta at både Verdalselva, Stjørdalselva, Gaula og Orkla i Trøndelag vil falle i løpet av kvelden eller natta.

– Men dette er avhengig av nedbøren og temperaturutviklinga, så det er litt usikre prognosar, seier Thuseth.

– Flaumane heng litt etter. Flaumtoppen kan komme natt til fredag, legg han til.

Symde i land frå bil

I Melhus, sør for Trondheim, blei postbodet, Pål Meistad, overraska over enorme vassmassar under ei bru på ruta si.

– Eg hadde planar om å køyre uti, då eg plutseleg ser to personar som veivar med hendene til meg, seier Pål Meistad.

Dei to sto og hakka tenner og var gjennomblaute. Umedvitne om kor mykje vatn det var under brua, hadde dei køyrt uti vatnet. Til slutt stod bilen med vatn heilt opp til taket.

– Dei hadde akkurat svømt i land etter ha å kome seg ut av bilen, seier Meistad.

Han fekk tatt med dei to til bilen sin då ei drosje kom køyrande. Drosjesjåføren køyrde dei til ein bensinstasjon i nærleiken.

– Eg veit ikkje korleis det går med dei no, men dei var rimeleg sjokkerte i alle fall, seier Meistad.

Innvendig fra vann som flommer inn i buss

Innvendig frå vatn som fløymer inn i buss. FOTO: Iver A. Holm

Vakna av raset som trefte huset

I eit bustadfelt i Bergslia i Meldal i Trøndelag er fleire bustader råka av jordras som gjekk natt til torsdag.

– Eg vakna i 02-tida av eit dump. Då eg gjekk ut og sjekka såg eg ingenting då eg berre såg framfor huset, seier Bård Kalstad.

Skredet gjekk frå lia bak, over to vegar, før det stoppa i husveggen hans. Førebels veit han ikkje om heimen hans har fått nokre skader.

– Eg trur det har gått bra. Men eg veit ikkje enno. Det er mogleg det har kome noko inn i sokkelen, held Kalstad fram.

Et ras stengte begge veier inn til boligfeltet i Nedre Bergslia i Meldal.

RAS: Eit ras stengde begge vegar inn til bustadfeltet i Nedre Bergslia i Meldal i Orkland. Foto: Privat

Fekk kjellaren full av vatn

Like etter klokka 01:00 natt til torsdag melde politiet i Trøndelag om store vassmassar ved eit hus på Hegra i Stjørdal. Vatnet renn ut på E14.

Birgitte Bjørngaard bur i huset, og fekk kjellaren full av vatn. Ho sat uvitande i stova då politiet ringde på døra.

Kjellaren full av vatn

VATN: Kjellaren til Birgitte Bjørngaard i Stjørdal er full av vatn.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Vi var førebudde på at det kunne bli litt vatn i kjellaren, men at det vart mykje var litt overraskande, seier ho til NRK-reporteren på staden.

Både Tensio, kommunen, politiet og brannvesenet har vore innom huset i løpet av natta.

Birgitte Bjørngaard

TENSIO: Straumselskapet Tensio sjekkar om Birgitte Bjørngaard framleis kan bu i huset sitt i Stjørdal, eller om ho må bli evakuert.

Foto: Bjarte Johannnesen / NRK