Hopp til innhold

Marie sin heim har vore 14 timar utan straum

Måndag morgon er fleire tusen personar utan straum.

UVÊR: Det har blåse kraftig i Trøndelag og Møre og Romsdal i natt. Fleire har måtte gjere som familien Raanes og finne fram stearinlys.

UVÊR: Det har blåse kraftig i Trøndelag og Møre og Romsdal i natt. Fleire har måtte gjere som familien Raanes og finne fram stearinlys.

Foto: Privat

Marie Eldbjørg Raanes og mannen i Skaun har måtte bruke stearinlys sidan klokka 18 søndag kveld. Når NRK snakkar med ho måndag morgon har dei ikkje fått straum enno.

Det går greitt for oss. Huset er såpass godt isolert, og vi var heldigvis ferdig med middagen, seier ho.

Raanes bekymrar seg litt for korleis det skulle gå med varene i kjøleskapet og i frysaren.

Vi fekk beskjed om at de skulle prøve å få på straumen til klokka ni igjen, men vi ikkje har ikkje høyrt noko meir, seier Raanes.

Marie Eldbjørg Raanes er sin heim har vore utan straum sidan i går kveld. Dette bildet tok ho på jobb.

STRAUMLAUS: Marie Eldbjørg Raanes er sin heim har vore utan straum sidan i går kveld. Dette bildet tok ho på jobb.

Foto: Privat

14.000 utan straum

I Melhus møter NRK Jon Anders Krokan frå nettselskapet Tensio, Sidan det er for ruskete til å fly med helikopter, flyr dei dronar langs straumnettet i fylket for å finne straumleidningar og mastepunkt som har blitt råka av tre.

– Vi har mange feil og til dels omfattande feil. Det er mange tre som har ramla og rive med seg straumleidningar og mastepunkt, seier Krokan.

Ifølgje Krokan er skadane frå natta sitt uvêr til å samanlikne med dei etter uvêret «Ivar» i 2013.

Jon Anders Krokan i Tensio.

Jon Anders Krokan i Tensio.

Foto: Morten Karlsen / NRK

På det meste mangla 14.000 trønderske hushald straum søndag kveld. Måndag morgon er det framleis fleire tusen som er utan.

Pressevakt i Tensio, Ole Marius Ingvaldsen seier folk må vere budd på å vere utan straum fram til i morgon.

– Det er lenge sidan vi har hatt eit så stort straumbrot. Vi trudde det var gale nok før helga, men dette har vore noko heilt anna, seier Ingvaldsen om uvêret natt til måndag.

Litt før klokka sju var cirka 7.000 av deira kundar utan straum.

– Det er ikkje så enkelt å gje eit godt svar på når folk får straumen tilbake. Vi jobbar så godt vi kan, men det kan dra litt utover dagen før alle får tilbake straumen. Eg kan ikkje love noko om når folk får tilbake straumen, seier Ingvaldsen til NRK.

Fleire skular stengt i dag

Som følge av straumbrot vil barnehagar og skolar i Skaun kommune halde stengt i måndag, opplyser kommunen i ein melding til alle føresette, skriv Adresseavisen.

Sidan temperaturen i barnehage- og skulebygningane i Skaun kommune i Trøndelag er såpass låge etter straumbrotet, ser dei seg nøydde til å halde barna heime i dag.

Kommunen ventar at straumen kjem tilbake i løpet av dagen.

I meldinga opplyser kommunen at det er straumbrot ved alle skular unntatt Buvik skole, der det berre har vore korte straumbrot. Også barnehagane i Buvika held ope ettersom det berre var snakk om eit kort straumbrot i området.

De andre bygga har vore utan straum sidan klokka 18 på søndag.

Også i Melhus er det fire skolar og barnehagar som vil halde stengt som følge av straumbrotet.

Har førebudd seg

Asbjørn Bjørgan (64) og kona Mary Irene bor i Lensvik sentrum, og har vore utan straum sidan 01-tida natt til måndag.

– Det var venta, så vi hadde førebudd oss. Vi ordna oss med lommelykter, talglys og stormkjøkken, slik at vi kan koke oss kaffi på morgonen. Vi gjorde også klart radio med batteri, seier Bjørgan.

Ifølge Tensio skulle straumen komme tilbake i morgontimane måndag, men ekteparet er framleis straumlause.

– Nokon timar utan straum får ikkje store konsekvensar for oss. Det einaste er at vi mistar varme, men vi har mykje ved. Så lenge straumen kjem tilbake i løpet av dagen, går dette bra, seier Bjørgan.

Mary Irene Bjørgan

LYSKOS: Mary Irene Bjørgan drikk morgonkaffi i stearinlys.

Foto: Privat

221 utan straum i Møre og Romsdal

Nettselskapet Elinett som leverer straum mellom Ålesund og Molde melder at det klokka åtte i dag tidleg var 221 kundar utan straum i Molde og Hustadvika kommune.

På grunn av ein feil på høgspentnettet i Tingvoll kommune var rundt 45 kundar på strekninga Skar til Rotås også utan straum.

Det melder straumselskapet Mellom. Det blei i natt funne eit stort grantre som ligg mot linja. Profesjonelle skogryddarar kjem på morgonen i dag for å få treet vekk slik at straumen kan koplast inn igjen.

Velta tre i Sunndal

Velta tre i Sunndal i Nordmøre.

Foto: Tommy Fossum / Driva

Slo ut mobilnett

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har sat gul beredskap i samband været, og får jamlege rapportar frå selskapa Ice, Telia og Telenor.

Dei opplyser at det måndag morgon også er Trøndelag som er hardast råka av problem med mobilnettet.

– Det gjeld spesielt kommunane Skaun, Orkland, Melhus og Midtre Gauldal og Haltdalen. Mobilnettet i Møre og Romsdal ser ut til å ha klart seg brukbart gjennom uvêret per no, skriv Nkom.

Dei opplyser at basestasjonar blir ramma av straumutfall, men at desse skal ha fire timar batteritid, noko som sørgjer for at mobilnetta held lenger enn straumnettet.

– Etter kvart som straumen kjem tilbake vil også mobilnetta komme i full drift, skriv Nkom.