– Det går ikkje å behalde pengane på sparekonto. Det er stadig overføringar, så det blir ikkje så mykje sparing, seier Liv Bergskar.
Ho er student ved NTNU saman med Emilie Haugen. Dei er begge samde i at det er vanskeleg å behalde sparepengane.
– Leige, straum, mat og fritid gjer at det ikkje strekk til, fortel Bergskar.
Klarer du å spare penger i måneden?
Brukar Mastercardet
Tal frå SSB viser at det har vorte mindre å rutte med for folk flest, og dermed har det også vorte mindre sparing.
Emilie forklarer at ho har ein bufferkonto som ho berre rører dersom det er krise. Likevel er det kredittkortet som blir teke i bruk når brukskontoen er tom.
– Eg bruker Mastercardet fordi eg veit at eg kan betale det ned neste månad, men det blir jo ein vond sirkel.
Sett av det du klarer
Student Mina Al-Dolaimi (18) fortel at sparing blir nedprioritert når utgiftene er så dyre.
Mina Al-Dolaimi fortel at det er vanskelegare å spare pengar no som ho er student.
Foto: n647955– Eg set inn pengar til sparing kvar månad, men det hender eg tek ut pengar òg, sjølv om eg prøver å unngå det, seier ho.
Ho trur den beste måten å spare på er å setje inn litt pengar etter kvar lønning.
Høge utgifter og låge inntekter
Siviløkonom Hallgeir Kvadsheim forklarer at dei som er hardast ramma av dyre utgifter og høgare rente, er dei som frå før har minst å gå på. Altså dei med låg inntekt og høge utgifter.
– Det er også fleire som ikkje har lagt av pengar, som berre trur at alt ordnar seg. Så kjem det høgare renter og dyrare prisar, seier han.
Siviløkonomen fortel at mange nytta pandemien til å spare og opparbeide seg ein god bufferkonto, men at det no ser ut som om desse reservane er i ferd med å bli tømde.
– Det er vanskeleg å spare med høge utgifter og låge inntekter, seier Kvadsheim.
Så korleis skal ein i alle fall få prøvd å setje av nokon kroner?
– Sett av det du klarer på ein sparekonto. For nokon kan det vere utfordrande å spare 100 kroner.
Hallgeir Kvadsheim meiner at det tryggaste er å ha ein til to månadslønner på bufferkonto.
Foto: Tuva Skei Tønset / NRKEit høgdepunkt i veka
Fleire studentar merkar at det er nødvendig å jobbe ved studiane for å ha råa til å spare. Liv er ein av dei.
Ho hadde tent opp litt pengar før studiestart, men merkar at sparekontoen ikkje varer lenge nok.
– Det er jo kjipt å sjå at det berre går nedover og nedover, forklarer ho.