Hopp til innhold

Tale (14) må alltid ha med seg hjelp – no kan kvardagen hennar bli litt enklare

I ein stadig meir digitalisert kvardag, har ordninga for følgjekort hengt etter. Men no står ei ny løysing på trappene. – På høg tid, seier interesseforeining.

Tale Solnørdal Aasheim sitter i rullestolen. Ved siden av henne sitter assistentene Helga Ystad Derås og Maiken Karlsen. Maiken hjelper Tale med å holde oppe nakken, mens Helga holder en i-pad foran Tale.

FØLGJEPERSONAR: Assistentane Maiken Karlsen og Helga Ystad Derås bruker mykje tid med 14 år gamle Tale, og hjelper henne med det meste.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

– Dette er følgjekortet til Tale, seier Tone Solnørdal og dreg fram eit slite, laminert kort.

– Det er det vi har med oss når Tale skal i Pirbadet, på kino eller på konsert. Då får ho med seg to av assistentane sine, og kan vere med og gjere det ho har lyst til.

Ledsagerbeviset til Tale Solnørdal Aasheim. Et slitt, laminert kort.

Dette har vorte godt brukt i mange år, men skal snart pensjonerast.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Tale er den 14 år gamle dottera til Solnørdal.

Ho har ei alvorleg grad av cerebral parese, og treng derfor hjelp til det meste. Med dette følgjekortet får ho ha med seg den hjelpa ho treng utan å betale ekstra for det.

Men kortet byr også på nokre utfordringar. For det finst berre eitt eksemplar, og dette må delast mellom familien, skulen, avlastingsbustad og ti assistentar i turnus.

Det seier seg sjølv at det kan vere vanskeleg å halde styr på.

Tale Solnørdal Aasheim sammen med moren Tone Solnørdal. De ser hverandre i øynene og ler.

Det er mange utfordringar dei møter på i kvardagen, men snart er det å gløyme følgjekortet ikkje ein av dei for Tone Solnørdal og dottera Tale.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

– Det blir eit stressmoment, for det er mykje ein må tenkje på når ein skal ut og gjere ting. Det blir litt sånn «å farsken, kor var det igjen?», fortel assistent Helga Ystad Derås.

Ho har rett nok sjølv til gode å gløyme av følgjekortet, men ho veit om fleire i yrket som har opplevd nettopp det.

– Det er fort gjort, og då blir det dyrt. Då er det full pris for to ekstra vaksne, seier Solnørdal.

– Det går ut over andre ting ein då ikkje kan ta seg råd til.

Men snart kan livet bli litt enklare.

Tale Solnørdal Aasheim sammen med assistenten sin Helga Ystad Derås. Helga ler godt etter å ha fortalt en vits til Tale.

Tale synest det er gøy når assistentane tøysar og vitsar med henne. Og det synest assistent Helga òg.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Har alltid med seg mobilen

Frå 1. januar 2024 skal nemleg ei løysing med digitalt følgjekort vere på plass.

Tenesta er utvikla av KS Digitale fellestenester på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

– Det er veldig motiverande å jobbe for digitale løysingar som kan bidra til at innbyggjarane i Noreg får ein betre kvardag, seier dagleg leiar for KS Digitale fellestenester, Sidsel Nordhagen.

Ho viser fram eit døme på eit digitalt følgjekort på mobilen sin.

– Det er veldig kjekt å ha det på mobilen, for mobilen har ein alltid med seg.

Hender som holder en mobil, hvor et eksempel på et digitalt ledsagerbevis vises. I eksempelet på mobilen er det Sidsel Nordhagen, daglig leder for KS Digitale fellestjenester, sitt navn og bilde som brukes.

Sjølv om det blir opp til kvar enkelt kommune om dei vil utskrive digitale følgjekort, skal dei likevel bli aksepterte over heile landet.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Målet er at flest mogleg skal kople seg på, seier Nordhagen, men samtidig er det er opp til kommunane sjølv å velje om dei vil ta i bruk løysinga.

Så langt har i overkant av ti kommunar meldt si interesse, mellom anna Molde, Bærum, Bergen, Bømlo og Trondheim.

Les også Fotballstjernene kunne ikke sitte stille da de hørte Melinas (6) historie

Melina og mamma Victoria koser

Gjeld cirka 50.000

I sistnemnde har eit einstemmig bystyre allereie vedteke å innføre ordninga så raskt som mogleg, etter forslag frå Kjetil Utne i Høgre.

– Trondheim har på mange vis vore ei sinke når det gjeld tilbodet til menneske med funksjonsnedsetjingar. I staden bør vi gå føre og vise korleis det kan gjerast, seier Utne.

– Eg håpar alle andre kommunar innfører dette så raskt som mogleg – det er ingen grunn til å la vere å gjere det.

Kjetil Utne fra Trondheim Høyre står på fortauet utenfor Trondheim rådhus. Han ser mot kamera og smiler. I bakgrunnen ser en Nidarosdomen.

– Vi har venta lenge nok på dette, seier Kjetil Utne i Trondheim Høgre.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Håvard Ravn Ottesen i Handikappede barns foreldreforeining (HBF) seier at denne tenesta har vore etterspurd i mange år, og han forventar at alle kommunane i Noreg tek han i bruk.

– Rundt om i dette landet er det cirka 50.000 personar med følgjekort. Eit digitalt følgjekort betyr at ein kan leve livet på lik linje med andre, utan å måtte bruke tid på å leite etter eit gammaldags, utdatert kort, seier Ottesen.

– Det er på høg tid at ein blir litt moderne også for gruppa vår.

Håvard Ravn Ottesen i Handikappede Barns Foreldreforening. Han ser rett inn i kamera med et halvveis smil. Trær i bakgrunnen.

– No kan ein bruke mindre tid på å leite, og meir på å leve, seier Håvard Ravn Ottesen i Handikappede barns foreldreforeining (HBF).

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Enklare også for kommunane

Budsjettramma er på 5 millionar kroner, som vart løyvde av regjeringa allereie i 2019.

Avdelingsdirektør Anna Bjørshol i Bufdir forklarer at grunnarbeidet med testing og å kartleggje behov har teke tid, men etter at dei gav oppdraget til KS tidlegare i år, vart det verkeleg fart på sakene.

– Vi er veldig glade for at dette no er på plass, seier Bjørshol, og påpeikar at det ikkje berre er brukarane som kjem til å nyte godt av løysinga.

– Det blir enklare for kommunane å administrere og ha oversikt over følgjekortet.

– Sånn som ein saksbehandlar i Bømlo har fortalt, så bruker dei unødvendig mykje tid på manuelle oppgåver. Med denne løysinga ser dei fram til å gi ei endå betre teneste til innbyggjarane sine.

Anna Bjørshol avd.dir i Bufdir

Avdelingsdirektør i Bufdir, Anna Bjørshol, håpar at dette er ei teneste mange kommunar vil ta i bruk.

Foto: Ida Yasin Andersen/NRK

Vurderer å brenne det gamle

Tone Solnørdal i Trondheim gler seg til å kunne ta det digitale kortett i bruk.

– Når vi foreldre og assistentane også kan få det på telefonane våre, så har vi det tilgjengeleg til kvar tid, seier ho.

– Vi slepp å tenkje på at det blir attgløymt, vi slepp å tenkje på om vi mistar det. Det blir ein mindre ting å tenkje på, og det er ei stor forbetring.

– Men kva skal de gjere med det fysiske følgjekortet når de ikkje treng det meir?

– Nei, sei det. Anten så heng vi det opp på veggen, eller så brenn vi det. Tale får bestemme, ler Solnørdal.

I forgrunnen av bildet sitter Tale Solnørdal Aasheim i rullestolen sin og geiper i en blid grimase. Bak står assistent Maiken Karlsen.

Sjølv om ho har store fysiske utfordringar, er Tale ei aktiv jente.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Les også Benjamin vet aldri om han blir henta av skoleskyssen

Benjamin står ute og venter på drosjen

Les også Kommunen krevde ulovlig avgift for tilsyn av barn med særskilte behov – må tilbakebetale 750.000 kr

Steinkjer ungdomsskole