Hopp til innhold

Lydopptak av drapet: – Eg skal bli verande ektefellen din

Drapstiltalte nektar straffskuld for at han let to små ungar vere til stades då han drap mor deira med fleire knivstikk. Men han har erkjent straffskuld for drapet.

Politiets bilde av en blodig kjøkkenkniv. Kniven ble brukt i forbindelse med et drap. Kniven er 20 cm,
total lengde 34 cm.

DRAPSVÅPENET: Bladet på kokkekniven er på 20 cm og låg på kjøkenet.

Foto: Politiet

Dei to små barna til avdøde og tiltalte var til stades i leilegheita der mora (24) vart knivstukken fire gonger.

Ho greidde å kome seg ut av leilegheita og vart funnen på gangen. Der døydde ho av forbløding.

Les også Drapet i Stjørdal: – Vi har dannet oss et bilde av hendelsen

Vi ser ryggen til krimtekniker iført hvit kjeledress. Han har hodelykt på og bærer på et papir. Til høyre ser vi deler av en hvit teltduk, og til høyre en sort varebil. Et sperrebånd merket politi ligger i forgrunnen av hele bildet.

Derfor er mannen (27) også tiltalt for grov mishandling av dei to ungane fordi han let dei sjå kva som skjedde med mora deira. Dette punktet er det Riksadvokaten som har bestemt skal vere med i tiltalen.

To krimteknikere fra politiet iført kjeledress, munnbind og hårnett står med lommelykt og peker på deler av et vindu. De har satt opp tre strimler på tape på vinduet.

Kriminalteknikarar undersøker husvert der kvinna vart knivstukken fleire gonger.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Ukjent motiv

Paret kom til Noreg for om lag fem år sidan. Begge er utanlandske statsborgarar frå eit land i Afrika. Dei hadde opphaldsløyve. Fleire familiemedlemer bur også i Stjørdal.

Motivet for drapet er førebels ukjent.

Fleire familiemedlemer skal forklare seg om forholdet mellom tiltalte og kona.

Opplysingar som er komne fram seinare tyder på at kvinna ønska å avslutte forholdet med tiltalte.

Ei stund etter drapet opplyste politiet at fornærma var gravid i tredje månad då ho vart drepen.

Om tiltalte visste at ho var gravid blir også eit bevistema i saka, får NRK opplyst.

Undersøkingar av fosteret viste at det er tiltalte som var far til det ufødde barnet, opplyste aktor i innleiinga si for retten.

Bistandsadvokat Idar Hegsethtrø står ved siden av aktor Rikhard Haugen Lyng i en rettssal. De kikker mot hverandre og snakker sammen.

Bistandsadvokat for dei to barna, Idar Hegsethtrø, og aktor, statsadvokat Rikhard Haugen Lyng.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Tiltalte på telefon til politiet: – Eg har drepe kona mi

Like etter drapet køyrde tiltalte til politistasjonen i Stjørdal. Der ringde han politiet. Samtalen vart spelt av i retten tysdag.

Her høyrer me tiltalte seie at han står utanfor politistasjonen og at han har med seg dei to barna sine.

– Eg har drepe kona mi, seier tiltalte.

Han oppgir namnet sitt og adressa der kona er.

Klokka 19.58 ringjer ein nabo til AMK og fortel at det ligg ei kvinne i gangen utanfor leilegheita hans. Han ber ambulansen kome med ein gong.

Ambulansen kom raskt og lege erklærte kvinna død på staden.

Åstedet for drap i Stjørdal august 2023.

Slik såg det ut på åstaden etter drapet.

Foto: politiet

Drapshendinga på lyd

Tiltalte vart avhøyrt natt til 27. august. Då ville han ikkje svare på om han ville erklære seg skuldig i drapet.

Då ekteparet og ungane møttest på kvelden drapsdagen, gjorde kona eit opptak på mobilen sin. Det startar mens paret og dei to ungane går opp til leilegheita.

Vi høyrer mannen spørje fleire gonger om kona trur han er ein idiot. Han klagar over at ho stadig går ut på besøk med ungane utan å seie ifrå når ho kjem heim.

Oppe i leilegheita held tiltalte fram med å stille dei same spørsmåla. Lyden av det som er metall høyrest. Dette meiner aktor er kniven som tiltalte tek opp.

Kvinna skrik og roper: – Eg skal bli verande din ektefelle.

Det er det siste retten høyrer ho seier før ho blir drepen.

Dei to ungane skrik. Dette er dei sju første minutta av opptaket som vart funne på avdøde sin mobil.

Då tiltalte vart konfrontert med dette i avhøyr 31. mars erkjente han straffskuld for å ha drepe kona si.

Dommer Lars Inderberg Vodal sittende i den midtre stol i dommerpodiet. Han er i ferd med å sette retten. Vodal har et par runde, mørke og karakteristiske briller på seg. Vodal er også iført svart dommerkappe. Han har rødt slips på seg.

Tingrettsdomar Lars Inderberg Vodal leiar retten saman med to meddomarar.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Dotter: – Pappa kom med kniv

Dottera som er under skulepliktig alder, forklarte seg i tilrettelagd avhøyr tre dagar etter drapet.

Delar av videoavhøyret vart spelt av i retten tysdag.

Ein tolk omset det ungen seier til norsk.

Politikvinna har spesialutdanning i barneavhøyr.

Ho startar med å seie at ho og barnet skal snakke om mamma og kva som skjedde den dagen.

– Pappa er fengsel, seier barnet og legg til:

– Han skal kome snart.

Litt seinare seier ho:

– Pappa kom med kniv, og så mamma hadde mykje blod, så ringde politi.

Jenta seier at faren fann kniven i eit skap. Ho seier også fleire gonger at ho veit at mamma er død.

Tiltalte: – Eg var veldig sint inne i meg

Tiltalte forklarer seg i retten via tolk.

Om drapsdagen fortel tiltalte at det var dårleg stemning mellom han og kona då han stod opp laurdagsmorgonen.

Nokre veker før hadde kvinna sagt at ho ønska giftering. Tiltalte svarte at han var like glad i henne og i barna deira, utan giftering.

Fornærma og dei to ungane var mykje borte heimanfrå i denne tida.

Dei var hos familien hennar, mellom anna mor og søster som også bur i Stjørdal.

På dagtid var kvinna på skule og ungane i barnehagen.

Ut på laurdagen drog han til Trondheim med ein kompis.

Då tiltalte kom tilbake til husværet i Stjørdal på ettermiddagen var kona og dei to ungane ikkje heime. Ho svarte ikkje då han ringde henne.

Etter mykje fram og tilbake der tiltalte freistar å få tak i kona, så møtast dei utanfor huset der dei budde.

Også mor og søster til avdøde var der.

Det vart ei ordveksling der søster til kvinna sa at det var vanskeleg å snakke med ein som var dum.

Dette reagerte tiltalte på og bad både mor og søster om å gå heim og la dei vere i fred.

– Eg var veldig sint inne i meg, seier tiltalte i retten.

En krimtekniker iført hvit kjeledress er på vei inni et telt. Han har også en hette på hodet, et munnbind på haka og blå engangshansker.,

Kvinna vart funnen død i gangen utanfor leilegheita. Teltet med kriminalteknikarane er sett opp ved inngangspartiet til bustadkomplekset.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Tiltalte: – Var borte ei stund, så såg eg blodet

Krangelen heldt fram mens dei stod på det kombinerte kjøkenet og stova.

Ungane sat på sofaen. Kona og han var ved kjøkenet, ifølgje tiltalte.

– Eg hugsar, eg var borte ei stund. Eg mista hukommelsen nokre sekund.

Så såg han masse blod. Han trur ikkje han kan hugse knivstikka.

Han meiner at ungane ikkje fekk med seg mykje av det som skjedde.

Etter knivstikkinga byrja kvinna å ta seg ut av leilegheita og ned trappa.

Tiltalte tok med seg ungane og gjekk etter henne.

Barna såg blod mens dei gjekk ned trappa, men at han freista å skjerme dei, fortel han.

Aktor spør kva det betydde at kona hans på lydopptaket seier at ho framleis skal vere ektefellen hans.

Tiltalte kan ikkje hugse.

Han kan heller ikkje svare på om kona hadde planar om å gå frå han.

– Var kona di redd for deg?

– Nei, vi hadde budd i lag i mange år.

Han stadfester at det er den krangelen retten har fått høyre på opptaket frå mobilen til kona.

Visste ikkje at kona var gravid

Etter drapet vart avdøde obdusert. Då vart det oppdaga at kona var 12 veker på veg.

I retten avviste tiltalte at han visste om dette.

Aktor viste til vitne som har fortalt at han var spurt om dette i barnehagen ein dag han henta ungane sine.

Han stadfesta i retten at ein tilsett hadde sagt at hen hadde høyrt at kona hans hadde ein baby i magen.

Tiltalte svarte at han ikkje la vekt på det og ikkje trudde på det.

Aktor meiner bevisføringa vil kaste betre lys over om tiltalte burde ha skjønt at kona var gravid.

Tiltalte fortel at han drakk alkohol både fredag og laurdag.

Aktor spør kor rusa tiltalte kan ha vore drapskvelden på ein skala frå ein til ti, der «ein» er edru.

– Sju, svarer tiltalte.

Han legg til at han sjeldan drakk.

Forklarte seg om knivstikka i avhøyr same natta

– Kvifor seier du deg skuldig i drap om du ikkje hugsar noko, spør forsvarer Knut-Erik Storlykken Sørvik.

Tiltalte seier at dette har han tenkt mykje på etter at han vart pågripen.

– Det har tatt tid å innsjå at det var meg

Forsvarer les opp frå politiavhøyret som vart gjort same natta etter drapet.

Då forklarte tiltalte at han vart sint fordi kona ikkje ville svare han på kvifor ho var så mykje borte med ungane. Då henta han ein kniv og stakk kona i ryggen eller nakken.

– Det ser ut som du hugsar det betre då enn no, seier forsvarer.

På spørsmål frå forsvararen sin om tiltalte før dette visste kor farleg det er å stikke nokon med kniv, svarer tiltalte «nei».

Forsvarer Knut-Erik Storlykken Søvik fra Thomassen advokatfellesskap sittende i retten. Han har på seg en svart kappe.

Forsvarer Knut-Erik Storlykken Søvik.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Trøndelag tingrett skal behandle saka i fire dagar til. Onsdag skal politiet presentere kriminaltekniske og elektroniske funn.

Seinare skal mellom anna fleire familiemedlemer av avdøde vitne.