Hopp til innhold

Forsvararar vil ha halvert straff for tiltalte i utpressingssak

Påstandane i fengselsstraffene i utpressingssaka i Trondheim er alt for strenge. Påtalemakta og media har haussa opp saka der tilknytingane til «Foxtrot» er svært vage, meiner forsvararane.

De seks forsvarerne i Foxtrot-saken. Noen av dem står, andre sitter, men de er alle ved forsvarsbenken. På første rad, fra venstre Live Sjuve Johansen (stående) og Ole Magnus Strømmen (sittende). På andre rad, fra venstre Sugin Varatharajan (sittende) og Ole Richard Holm-Olsen (sittende). Bakerst på tredje rad, fra venstre Siv Aida Rui (stående) og Morten Andreassen (sittende).

OPPHAUSA SAK: Dei seks forsvararane meiner både politi og media har haussa opp utpressingssaka i Trondheim.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Det er heller ikkje nok bevis for å døme tiltalte som ein del av ei kriminell gruppe, sa forsvarer Live Sjuve Johansen i prosedyren sin torsdag.

Les også Ran knytt til Foxtrot i Trondheim: Ber om opp til åtte års fengsel

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

Onsdag bad aktor om mellom seks og åtte års fengsel for dei tre politiet meiner er sentrale bakmenn bak ranet av ein trøndersk artist.

Totalt er seks personar tiltalte for medverknad til grovt ran.

Hovudmennene og 19-åringen i Trondheim er også tiltalte for å tilhøyre ei organisert kriminell gruppe. Dette meiner aktor at dei også må dømmast for.

Svensken gav beskjed om at artistsonen ikkje skulle utsettast for vald

Forsvarer Live Sjuve Johansen fra advokatfirmaet Bratlien sittende i retten. Hun løfter blikket og kikker rett foran seg. I bakgrunnen kan vi skimte en uniformert politimann.

Advokat Live Sjuve Johansen forsvarer den 25 år gamle svenske tiltalte.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Den 25 år gamle svensken har erklært seg skuldig i grovt ran.

Då han vitna i rettssaka hadde han med seg eit papir der han las opp det han ville forklare. Han erkjente at det var stemma hans som høyrdest på telefonsamtalar med den trønderske artisten.

Svensken sa at føremålet med å kidnappe sonen til artisten i mai i fjor var å få tatt eit bilete av sonen med ein pistol mot hovudet. Dette skulle få faren til å betale det som skulle vere narkogjelda sonen hadde.

Forsvarer Live Sjuve Johansen sa i prosedyren torsdag at tiltalte var klar på at 19-åringen ikkje skulle utsettast for vald.

Bevisa i saka er meldingar og telefonsamtalar mellom dei tiltalte og den fornærma artisten.

Men heller ikkje her har vi det heile biletet, meiner forsvararen for svensken. Ho viste til at beslaga av mobildata ikkje er fullstendige. Svar på meldingar kan vere borte og det er fleire oppkall mellom tiltalte som ikkje er svart på.

Ikkje nok bevis for å bli dømt for organisert kriminell aktivitet

Om argumenta imot at tiltalte er ein del av ei kriminell gruppe, viste forsvarar Sjuve Johansen til kva retten har fått presentert.

Planlegginga av ranet med utpressinga ber ikkje preg av å vere så veldig profesjonell. Meldingane mellom dei involverte vitnar om ein del usikkerheit om kven som skal gjere kva.

Mykje av kommunikasjonen går føre seg på deira eigne mobiltelefonar som lett kan sporast. Pengane vart overførte til deira eigne bankkonti før dei vart sendt vidare og så investert i bitcoin.

Det kan verke som om dei tiltalte heller ikkje hadde tenkt tanken om at overføringane kunne ha vorte stoppa av banken deira, påpeika forsvararen for svensken.

Aktor Per Morten Schjetne sa onsdag at retten kan legge til grunn at svensken også har drive med narkotika i «stor skala» saman med ein 26 år gamal tiltalt frå Austlandet.

Aktor la rett nok til at det ikkje er tunge bevis for det, påpeika Sjuve Johansen.

Svensken er heller ikkje tiltalt for narkotikabrotsverk.

Påtalemakta kan ikkje då ta ein «snarveg» utan meir bevis og påstå at tiltalte kan dømast etter mafiaparagrafen. Derfor må retten frifinne klienten hennar for dette, meiner forsvararen.

Forsvarer for nordmann: – Eit «hinsides» straffeforslag

Forsvarer Ole Magnus Strømmen fra advokatfirmaet Bratlien i retten. Han står ved forsvarerbenken og vi ser ham fra siden. I bakgrunnen kan vi skimte forsvarer Live Sjuve Johansen.

Aktor meiner klienten hans skal dømast til åtte års fengsel. –Eit hinsides straffeforslag, seier forsvarar Ole Magnus Strømmen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Også forsvararen for den 25 år gamle nordmannen reagerer på aktors påstand om åtte års fengsel for klienten sin.

– Eit «hinsides» straffeforslag. Det er jo straff ein kan få for drapsforsøk, sa forsvarer Ole Magnus Strømmen i prosedyren. Klienten hans forklarte seg i retten om det han var tiltalt for. Han erkjente grovt ran og sjølvvasking av pengane.

– Etter råd frå meg har han ikkje forklart seg om andre si rolle i saka, sa Strømmen.

Han slutta seg til forsvarar for svensken om at dette ikkje ber preg av eit profesjonelt utført ran.

– Du får ikkje meg til å meine at ein person som oppgir sitt eige kontonummer er særleg proff, sa Strømmen.

Han viste då til at klienten hans brukte sitt eige bankkontonummer for overføringa av delar av utpressingspengane. Krypterte apper som Signal eller liknande, er heller ikkje noko spesielt som berre kriminelle brukar, påpeika Strømmen.

Les også Svenske knytt til Foxtrot pressa artist: – Jobbar du med oss blir det ikkje noko problem

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

– Retten må ikkje la seg påverke av ein folkekjær artist

Strømmen sa at det artisten og familien hans opplevde i mai i fjor er alvorleg.

Klienten hans truga til dømes med at familien til artisten ville bli parterte om han ikkje betalte.

– Partering er ikkje noko koseleg. Men det er ingen grunn til å tru at dette ville ha skjedd, sa Strømmen.

Han la til at dei fleste telefonsamtalane mellom klienten hans og artisten gjekk føre seg i ein sivilisert tone. Forsvararen sa at også han likar den fornærma.

Men retten må sjå på bevisa, ikkje forma.

– Retten må ikkje la seg påverke av ein folkekjær artist frå Trondheim.

25-åringen må også frifinnast for å ha medverka til oppbevaring av hasj fordi bevisa ikkje held. Hasjen vart funnen hos kjærasten til ein av dei medtiltalte.

Han har sagt at 25-åringen ikkje hadde noko med det å gjere.

Strømmen meiner at rett straff for grovt ran og sjølvvasking er rundt tre års fengsel.

Gjorde ei enkel veneteneste

Forsvarer Sugin Varatharajan fra advokatfirmaet Rogstad. Han står i retten, løfter blikket og kikker til siden. Han smiler forsiktig.

Forsvarer Sugin Varatharajan meiner både politi og media har haussa opp saka.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Advokat Sugin Varatharajan forsvarer tredjemann som også er tiltalt for å vere ein del av ei kriminell gruppe. Det var hos 26-åringen politiet fann hasjpartiet på dryge 28 kilo.

Tiltalte hadde sona i lag i Oslo med klienten til Strømmen.

Men 26-åringen nektar for å ha visst noko om ranet eller kidnappinga av sonen til artisten like før. Tiltalte gjorde ein enkel veneteneste ved å skaffe ein «burnertelefon» og ringe ein samtale til artisten 18. mai.

Pengane som den medtiltalte kameraten gav han, trudde han var frå sal av ei klokke.

Varatharajan sa i prosedyren sin at klienten hans ikkje sit att med ei krone.

Forsvararen sa at retten ikkje må la seg blende av at det er nokre vage tilknytingar til eit kriminelt svensk miljø.

Til liks med Sjuve Johansen og Strømmen meiner Varatharajan at bakteppet for saka er haussa opp, både av politiet og av media.

–Ført bak lyset av andre

Ein 20 år gamal mann har erkjent å ha medverka til grovt ran.

Han sende vidare ei trusselmelding til artisten.

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betle penger. Det ligger en pistol på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

Det blei skrive eit trusselbrev som aldri kom fram til artisten. Innhaldet i brevet fekk artisten på SMS.

Foto: politiet

–Meldinga var for dryg og tiltalte er ført bak lyset av andre, sa forsvarer Ole Richard Holm-Olsen i prosedyren sin torsdag.

Aktor la ned påstand om 270 timar i samfunnsstraff for 20-åringen.

Den 19 år gamle tiltalte frå Trondheim som vidaresende trusselbrevet til 20-åringen bør dømast til to års fengsel.

Eit av åra slepper han å sone om han ikkje bryt lova igjen, meinte aktor.

Siv Aida Rui forsvarer 19-åringen som ikkje tidlegare er straffedømt.

Ho meiner rolla han hadde i saka er så perifer at han ikkje skal dømast for å ha medverka til grovt ran.

Dersom han skal straffast bør det vere samfunnsstraff, meinte Rui.

Kryptoeksperten bør frifinnast, meiner forsvarer

26-åringen som sa ja til å kjøpe kryptovaluta etter å ha fått overført 312 tusen til sin konto, bør frifinnast. Det meiner forsvarer Morten Andreassen.

Han meiner det ikkje var openbert for tiltalte at han burde skjønt pengane kom frå ei straffbar handling.

– I beste fall snakkar vi om at tiltalte var aktlaus, ikkje at han handla med vilje eller forsett, slik aktor meiner, sa Andreassen.

Skal han dømast, snakkar vi om ei bot eller fengsel på vilkår, meinte forsvararen.

Aktor meiner 90 timar samfunnsstraff er det rette.

Dom i saka kjem 3. mai.