Hopp til innhold

Ljøkelsøy vraka igjen

Roar Ljøkelsøy er igjen vraka frå verdscuplaget i hopp.

Roar Ljøkelsøy
Foto: Lovric, Primoz / SCANPIX

Roar Ljøkelsøy sto over NM i Granåsen førre veke for å delta på verdscuprenn i Sapporo i Jampan, men heller ikkje der fann han tilbake til formen.

- Det stemmer at Roar blir heime og trener fram mot rennet i Willingen om to veker, seier landslagstrener Geir Ole Berdahl til Nettavisen.

Slit med sittestillinga

Hoppveteranen frå Orkdal har slite med sittestillinga og balansen når han startar tråkket på hoppkanten.

Ifølge landslagstrenaren blir han for defensiv og får ikkje utnytt beina slik han har trent på og kan.

- Dette må terpast om igjen og om igjen, for at vi skal få det til. Og då kan vi like godt øve heime, seier trenaren.

Siktar mot skiflyging

Roar Ljøkelsøy ligg på ein 34. plass samanlagt i verdscupen, og ser no framover mot VM i skiflyging i Oberstdorf  21. februar.

Der er orkdalingen tittelforsvarar og tek ikkje opp plassen for nokon av dei andre på det norske laget.

Dei neste vekene skal han nytte til å trene seg i form saman med hopparane i Trønderhopp.

- Dette var noko Roar ynskte sjølv også, understrekar Berdahl til Nettavisen.