– Eg tenkjer at det er ein grunn til at vi skal sjå på reglane våre, om vi skal gjere dei meir opne.
Det seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.
Ho ønskjer å utfordre reglane for kven som kan ha gravferda i norske kyrkjer, og meiner det kan vere rom for livssynsopne gravferder eller gravferder knytt til andre religionar i kyrkjelokala deira.
– Gjer inntrykk på meg
Ideen kom etter ein kommentar frå forfattaren Agnes Ravatn i Aftenposten i fjor med tittelen «Gravlegg meg, men ikkje i gymsalen»
– Det gjer inntrykk på meg når folk seier til meg at dei har eit sterkt forhold til kyrkja på ein stad som kanskje er det einaste vakre rommet med berarar av lange linjer og store forteljingar og at ein ønskjer å bli gravlagd der.
Mange i det kristne miljøet har reagert på forslaget. Ein av dei er sjefredaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk.
Leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.
Foto: CF-WESENBERG / CF-WESENBERGSa nei i 2020
– Alle er velkomne i kyrkja, også når dei skal gravleggje sine døde. Men når dei vel ei kyrkje som ramme rundt avskjeden, så er det ikkje så mykje å forlange at gravferda skal skje ut frå den kristne tru med ei kristen ramme.
Eit liknande forslag var også oppe på Bispemøtet i 2020, men vart den gong nedstemt.
Selbekk meiner det er merkeleg at ein ønskjer eit slikt forslag velkomme. Han fryktar det handlar om at besøkstala i Den norske kyrkja går ned, og at ein ønskjer å trekkje folk til kyrkja på anna vis.
– Eg meiner det er feil veg å gå og trur det er dit vi er på veg med Raaum som vegvisar.
Kan ikkje endre på kyrkjerommet
Raaum avviser påstanden frå Selbekk, og meiner at besøkstala i Den norske kyrkja er stabile.
Samtidig legg ho til at skulle eit slikt forslag bli vedteke, vil det ikkje bli sånn at ein kan fjerne ting frå kyrkjerommet for å halde ei gravferd.
– Det er ikkje aktuelt å endre på noko eller dekkje til noko. Så viss ein ønskjer å bruke kyrkjerommet, må ein tole å vere omgitt av evangeliet forkynt gjennom kyrkjekunsten og arkitekturen og alt det eit kyrkjerom består av.
Men Selbekk står også på sitt, og meiner at forslaget er dårleg.
– Ønskjer ein ei kyrkje, må ein ta med litt Gud og Jesus på kjøpet.
Vebjørn Selbekk liker ikkje forslaget
Foto: Jon Bolstad / NRK