Hopp til innhold

Kvinne i 30-åra døydde i Trondheim – ein av tre sikta er avhøyrt

Politiet har avhøyrt ein av dei tre mennene som er sikta for grov kroppsskade med døden til følgje. Mennene vil truleg bli framstilt for varetektsfengsling i morgon.

Politiet i Trondheim gjør undersøkelser etter dødsvold i Trondheim.

Det var væpna politi utfor bustaden på søndag.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Ein av dei tre som er sikta blei avhøyrt i går. Han har gitt ei fri forklaring, og vi jobba no med å sjekke desse opplysningane. Dei to andre blir truleg avhøyrt i dag, seier politiadvokat Hans Vang.

Tre menn blei søndag arrestert etter at ei kvinne blei funne kritisk skadd i ei leilegheit på Lademoen i Trondheim. Kvinna som var i slutten av 30-åra døydde seinare på sjukehuset.

To av mennene blei arrestert i leilegheita, medan den tredje blei tatt seinare på dagen. Alle er sikta med kroppsskade med døden til følgje, eller medverknad til dette.

Ingen av mennene har erkjent straffskuld. Dei vil truleg bli framstilt for varetektsfengsling i morgon.

Politiadvokat Hans Vang

Politiadvokat Hans Vang seier at to av mennene truleg blir avhøyrt i løpet av dagen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kan ikkje utelukke fleire pågripingar

Politiet har også avhøyrt fleire vitne i saka, og har gjort tekniske undersøkingar på staden. Det er endå ikkje kjend kva kvinna døydde av, og politiet vil heller ikkje sei noko om kva type skadar kvinna hadde.

– Det pågår obduksjon no. Vi har identifisert avdøde, men i samråd med pårørande vil vi ikkje gå ut med namnet på dette tidspunktet, seier Vang.

Politiet kan endå ikkje utelukke at det blir fleire pågripingar i saka. Dei tre mennene skal tilhøyre eit belasta rusmiljø, og er kjend for politiet frå før. Vang vil ikkje svare på om dei har noko teori om motiv.

– Det er for tidleg å sei noko om.

Politiet leter gjennom søppelkasser, etter dødsvold i Trondheim.

Politiet har brukt lang tid på undersøkingar både inne i bustaden – og utfor.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Alvorleg sikting

Tore Angen er forsvararen til ein av mennene som blei arrestert i går.

– Det er ein alvorleg sikting. Det er klart at å vere sikta for det her er tøft, seier han.

Angen fortel at mannen endå ikkje har vore inne til avhøyr. Den sikta mannen bur i same område der kvinna blei funne, men Angen vil ikkje svare på om valden har skjedd i mannen si leilegheit.

Politiet bekreftar at ein av mennene bur i leilegheita der kvinna blei funne.