Hopp til innhold

Her blir politimannen rundlurt – stel stol til mange tusen kroner

Vi blir alle lurt stort sett kvar einaste dag. Kvifor går vi fem på?

Håvard Eide er med i programmet "Lurt" på NRK. Her er han med på å "stjele" en stol.

MED EIT SMIL OM MUNNEN: Lite anar Håvard (til høgre) at han akkurat no er med på å gjere seg skuldig i tjuveri.

Foto: NRK

Håvard Eide er politimann og pappaen til Anna (10). Saman med resten av familien har han takka ja til å vere med i eit nytt TV-program.

I utgangspunktet trur familien at programmet handlar om hjernen vår, og korleis vi lèt oss lure. Dei blir derfor utsette for ei rekkje ulike forsøk heime hos seg sjølv.

Det dei ikkje veit er at ti år gamle Anna har heilt andre planar. Ho har nemleg ein draum om å lure faren skikkeleg. Og dette skal skje ei stund etter at dei opphavlege opptaka til serien er ferdig.

I eit intervju før «eksperimentet» startar, påstår Eide at han mest sannsynleg er ganske vanskeleg å lure.

Eg vil seie at eg ikkje er ein lettlurt type. Det at eg jobbar som politi trur eg kan hjelpe meg. Vi jobbar jo mykje etter magekjensla.

Kvifor går han då rett i fella?

Lenger ned i saka kan du sjå korleis skjult kamera filmar «tjuveriet»

Håvard Eide, politi.

Håvard Eide trudde sjølv ikkje han var særleg lettlurt. No er han ikkje lenger like overtydd: – Eg lækjer meg langflat. Eg gjekk jo rett i baret på alt av lureri her.

Foto: Privat

Er du villig til å stele viss folk ber deg om det?

Vi menneske liker å kjenne oss nyttige. Det å hjelpe andre, gir ei god kjensle. Og det er denne kjensla Anna og hjelparane hennar utnyttar i forsøket på å lure pappaen.

For Anna er nemleg ein del av Opera Trøndelag i Stjørdal, og no er det tid for dugnad. Og Pappa Håvard Eide er ikkje av dei som seier nei til å bidra.

Han møter opp på bestemd stad til rett tid. Saman med ei anna mor er planen å flytte ein haug med esker ut i ein bil. Deretter skal rotet køyrast vekk.

Etter kvart i seansen dukkar nok ein «far» opp på denne dugnaden. Og det er no kaoset startar.

Sjå kva som skjer her:

Vi blir alle lurt stort sett hver eneste dag. Hvorfor går vi fem på?

Sjå korleis Håvard Eide blir lurt trill rundt.

To måtar å handle på

Vi blir lurt kvar einaste dag. Dette kan vere av ulike årsaker: til dømes reklame, eller det å bli utsett for ein spøk eller ein «prank». Og av og til kan vi faktisk også bli lurt av vår eigen hjerne.

Bjørn Hofmann er professor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet på Gjøvik. Han forskar mellom anna innan temaa medisinsk filosofi, vitskapsteori og etikk.

Hofmann synest eksperimentet er gøy.

Det er ein spennande situasjon dei har klart å skape. Og det er godt å sjå at faren stoler på dottera si. At også politifolk har guarden nede.

Bjørn Hofmann

Bjørn Hofmann er forskar og professor ved NTNU.

For å forklare, viser Hofmann til den israelske psykologen Daniel Kahneman. Han er særleg kjent for forskinga si på avgjerdspsykologi.

Om vi bruker forskinga hans, så har vi menneske to måtar å handle på – intuitivt og raskt, og dessutan gjennomtenkt og langsamt. Det tek lengre tid å analysere og vurdere grundig. Dette handlar om korleis vi har utvikla oss som art – og korleis hjernen er kopla, seier professoren til NRK.

Han forklarer vidare at den raske måten å handle på, gjer at vi kan handle effektivt i kvardagen. Vi har jo ikkje tid til å tenke grundig gjennom alt som skjer. Samtidig gjer dette at vi lett tek feil.

Hofmann seier det også handlar litt om personlegdom.

Nokon er nok meir godtruande enn andre og handlar oftare på autopilot. Medan andre er meir skeptiske og tenkjer seg grundig om. Vi er nok lettast å lure når vi er i nye og uvande situasjonar.

Dette kan politimann Håvard Eide skrive under på.

Les også Sju ble rundlurt - betalte 70.000 kroner for smørpakker

Pakke smør i en stekepanne

Les også Jeg har et falskt minne. Det har antagelig du også

Clint Eastwood i oppløsning

– Ikkje så dumt å vere litt kritisk

– Eg vart rundlurt ... ante verkeleg ingen ugler i mosen. Det stoppa litt opp i hovudet då Anna og TV-temaet kom springande mot meg. Og det tok nokre sekund før eg kopla at alt var berre tull og at eg hadde blitt lurt, seier Eide til NRK.

Han trur sjølv settingen hadde mykje å seie.

Eg hadde ingen grunn til å tru at nokon på denne dugnaden var ute etter å stele noko som helst. Vi var der alle for å hjelpe til. Hadde nokon spurt meg heilt tilfeldig i forbifarten om hjelp til å bere ut ein stol og setje han i ein bil, så hadde eg nok vore meir kritisk. Håpar eg.

Eide meiner at for dei fleste av oss er det å vere til hjelp naturleg ibuande.

Og det er jo veldig bra. Men det er ikkje alltid så dumt å vere litt kritisk heller, seier han lattermildt.

Her kan du sjå andre bli lurt av det same trikset som politimannen.

null
Spiller nå
Er du blind på forandring? 00:57
Neste