Hopp til innhold

Køyrde vogntoget i grøfta og avverga frontkollisjon

Tom Arkalo Nielsen fekk seg ei skremmande oppleving på jobb, då eit vogntog kom over i hans køyrefelt. Dette løyste han med å vrenge sitt eige vogntog av vegen.

Tom Arkalo Nielsen

Tom Arkalo Nielsen er glad ingen menneskeliv gjekk tapt, då eit vogntog kom over i hans køyrefelt.

Foto: Anne Brekkvassmo

Tidlegare i dag var to vogntog og to personbilar involvert i ei trafikkulukke. Hendinga skjedde på E6 ved Namsskogan i Nord-Trøndelag. Ingen vart alvorleg skadd, noko ein truleg kan takke lastebilsjåfør Tom Arkalo Nielsen for.

– Politiet sa på ulukkesstaden at det var takka vere ein erfaren sjåfør at det gjekk som det gjekk. Eg er berre lukkeleg ingen menneskeliv gjekk tapt, seier Nielsen.

Det var Namdalsavisa som først omtalte saka.

– Det verka som han fekk ganske panikk

Nielsen har akkurat kommen seg heim etter ein lang dag på jobb. Lastebilsjåføren fekk seg nemleg ei skremmande oppleving då eit anna vogntog kom over i hans køyrefelt.

– Det var to bilar i motgåande køyrefelt som hadde stogga heilt opp då den eine skulle svinge av vegen. Bak desse kom det endå eit vogntog som ikkje klarte å stogge, noko som førte til at han la seg over i mitt køyrefelt. Då hadde eg ikkje noko anna val enn å køyre over på vegskuldra, fortel Nielsen.

Tom Nielsen

Tom Arkalo Nielsen fekk seg ei skremmande oppleving på jobb, då eit vogntog kom over i hans køyrefelt.

Foto: Anne Brekkvassmo

Den erfarne lastebilsjåføren såg i god tid kva som føregjekk på andre sida av vegen, noko som gjorde at han i god tid fekk bremsa ned og lagt seg ut i grøfta.

– Han var veldig uoppmerksam han som kom imot meg. Det verka som han fekk ganske panikk då han såg at det ville gå gale, men det var såpass oversiktleg på vegen at han burde ha sett det, seier Nielsen.

Operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt, Bård Krogstad, bekreftar ovanfor NRK at føraren av det andre vogntoget fekk førarkortet sitt beslaglagt på staden.

Fått mykje positive tilbakemeldingar etter ulukka

Kva som kunne skjedd dersom Nielsen ikkje hadde klart å svinge av vegen vil han ikkje tenke på. Han seier det kunne gått skikkeleg gale, og er glad han oppfatta kva som skjedde i god nok tid.

– Eg tenkte ikkje, eg berre handla, seier lastebilsjåføren.

Han fortel at han har fått mykje positive tilbakemeldingar etter ulukka. Utfallet vart så bra som det kunne blitt, både med tanke på menneska og skader på køyretøyet hans. I morgon er han klar for ein ny dag på jobb.

– Eg rekna med det skal gå greitt. Vogntoget mitt står parkert i Namsos no, så køyrer eg vidare til Bodø i morgon.