Hopp til innhold

Køyrde skadd mann til sjukehuset – mista førarkort og fekk fartsbot

Kollegaen hans fekk ein planke i hovudet. Då ambulansen ikkje kunne kome, køyrde den sikta sjølv kollegaen sin til sjukehuset. Undervegs fekk han fartsbot på 13.500 kroner.

Heimdalsmyra i Trondheim

126 KM/T: Mannen vart målt til 126 kilometer i timen på E6 på veg mot St. Olavs hospital.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

No har bilføraren i slutten av 40-åra fått medhald i retten om at førarkortet hans ikkje skal inndragast slik politiet ville.

– Klienten min meiner han var i ein naudrettssituasjon. Då skal ein ikkje blir straffa med bot og tap av førarrett i mange månader, seier forsvarar Mats Haugen til NRK.

Målt til 126 kilometer i timen i 80-sone

Det var 9. juni at den sikta og ein kollega heldt på å sette opp eit dokkehus på fritida.

Under arbeidet, fekk kollegaen ein tung planke i hovudet. Kona hans ringde etter ambulanse. Den kunne ikkje kome.

Heimdalsmyra i Trondheim

NEKTAR Å BETALE: Mannen vil ikkje betale bota på 13.500 kroner.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Derfor køyrde sikta den skadde sjølv til sjukehuset i Trondheim, knappe to mil unna.

I 80-sonen på E6 over Heimdalsmyra vart han lasermålt til 126 kilometer i timen.

Litt nærare sentrum vart mannen stansa av politiet. Han viste fram førarkortet og forklarte situasjonen. Han fekk så lov å køyre den skadde til sjukehuset.

Men dagen etter vart førarkortet inndrege og politiet oppretta sak på fartsoverskridinga.

Retten: Ein naudrettssituasjon

Planken knuste fleire bein i andletet til kollegaen og det måtte opererast inn titanplater.

Politiet ville inndra førarkortet i sju månader.

Det meinte den sikta var heilt urimeleg med tanke på omstenda. Førre veke fekk han medhald i Trøndelag tingrett.

Lova opnar for å ikkje straffe nokon dersom det er snakk om naudrett, slik det er formulert i paragraf 17. Der står det at ei handling er lovleg når den

«blir foretatt for å redde liv, helse, eiendom eller en annen interesse fra en fare for skade som ikke kan avverges på annen rimelig måte»

og:

«denne skaderisikoen er langt større enn skaderisikoen ved handlingen».

Tingretten meiner det er meir sannsynleg at det dreia seg om naudrett enn at det ikkje gjorde det i den aktuelle saka.

Retten viste også til at køyreforholda var gode, og at fartsoverskridinga skjedde over ei kort strekning.

Bot på 13.500 kroner står framleis

Det mest presserande for sikta, var å få førarkortet tilbake.

Forsvarer Mats Haugen

FORSVARAR: Advokat Mats Haugen.

Foto: Virtus Advokat AS

Retten behandla derfor berre det spørsmålet førre veke. Men mannen nektar også å betale bota på 13.500 kroner, sjølv om han erkjente å ha brote fartsgrensa.

– Etter rettsavgjerda om naudrett, reknar eg med at politiet kjem til å legge bort bota, slik at vi slepp å ta også den i retten, seier forsvarer Haugen.

Tysdag ettermiddag har NRK fått kommentar til saka frå politiadvokat Ole Andreas Aftret.

– Vi registrerer at retten meiner dette er straffritt fordi det kan sjåast på som naudrett. Dersom politiet meiner det same etter endt etterforsking, blir saka lagt bort, seier han.