Hopp til innhold

Oppfordrar barn til å teste seg før skulestart: – Det gjer ikkje vondt

Berre i Trondheim vart det før jul gjort klar 30.000 hurtigtestar.

Maria Rasouli viser hvordan man utfører en koronatest på dukken sin.

LEGEASPIRANT: Maria Rasouli (7) har allereie byrja å øve seg på å vere lege heime i stova.

Foto: Morten Andersen / NRK

Maria Rasouli har rigga til eit legekontor i stova si på Kolstad i Trondheim. Alle pasientane hennar testar og vaksinerer seg.

– Det er berre eit lite stikk, det gjer ikkje vondt, seier ho til dokka si.

Sjuåringen er spent på korleis starten på skuleåret blir.

– Det er litt skummelt. Om nokon kjem med korona på skulen kan alle bli smitta og ta med sjukdomen heim.

For å unngå det har Maria Rasouli fått tildelt ein sjølvtest for korona som ho skal ta 3. januar. Ho oppfordrar andre skuleelevar til å teste seg

– Om vi elevane smittar kvarandre kan vi ikkje gå på skulen, og det er viktig å vere der for at vi skal lære, seier ho.

Tusenvis av elevar testar seg før skulestart

For å unngå at mange personar blir smitta av korona anbefaler Regjeringa at skuleelevar og tilsette i skular og barnehagar testar seg før dei går på skulen igjen etter juleferien.

Berre i Trondheim vart det før jul gjort klar 30.000 hurtigtestar til det. Mange elevar og tilsette fekk med seg testar heim siste skuledag, medan ein del får tildelt hurtigtestar i løpet av romjula, fortel kommunedirektør Morten Wolden.

– Det gjev ein tryggare barnehage- og skulestart, seier han.

I Trondheim blir folk oppfordra til å ta testen same dag som dei skal på skulen. Testar dei positivt for covid-19 skal dei bli heime og ta ein PCR-test for å sjå om dei faktisk er smitta, fortel Wolden.

Testinga hjelper kommunen med å få oversikta over kor mange som er blitt smitta i jula.

– Det er viktig, ikkje minst med tanke på at Omikronvarianten no spreier seg, seier kommunedirektøren.

Mariam Rasouli og Maria Rasouli.

LEGEKONTOR: I stova til familien Rasouli leiker mor og dotter legekontor.

Foto: Morten Andersen / NRK

Det er veldig viktig at vi testar oss

Mora til Maria, Mariam Rasouli erfarer at mange barn gruer seg til testinga, og at mange vaksne seier det ikkje er noko vits i å vaksinere seg fordi dei vil bli smitta uansett.

– Eg meiner det er veldig viktig at vi testar oss og beskyttar helsa vår ved å vaksinere oss, seier ho.

NRK har spurt kommuneoverlege Tove Røsstad om folk følgjer oppfordringa om å teste seg.

– Dei som jobbar med massetestinga i kommunen erfarer at mange gjerne vil bidra med testing før barnehage- og skulestart, seier ho

Mariam Rasouli ber folk om å ta omsyn til fellesskapet og å gjere som styresmaktene oppfordrar dei til.

– Då hindrar vi sjukdom og gjer det tryggare for eldre folk, seier ho.

Barnet hennar Maria Rasouli har tatt ein koronatest før, og er ikkje redd for å gjere det igjen.

– Det kiler litt i nasa og følast litt ekkelt, men det gjer ikkje vondt i det heile tatt, seier ho.

Mariam Rasouli

TEST-OPPFORDRING: Mariam Rasouli erfarer at mange barn gruer seg til å teste seg for korona, og at mange vaksne ikkje ser poenget i å vaksinere seg.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Beskyttar godt mot alvorleg sjukdom

Helse og omsorgsminister Ingvild Kjerkol håper og at alle følger oppfordringa om å teste seg og at dei som får tilbodet vaksinerer seg.

– Vaksinane beskyttar godt mot alvorleg sjukdom. Ta vaksinen. I Noreg opplyser vi godt om nytten til vaksinane, og også om eventuelle biverknadar. Alle spørsmål og usikkerheiter du har får du gode svar på frå gode fagfolk som jobbar med vaksinering i kommunen din, seier ho.