Hopp til innhold

Marthe (20) og Tomine (20) har korona og deler rom på fullt isolasjonshotell

For smitta studentar som bur i kollektiv, er det vanskeleg å isolere seg. Trondheim kommune aukar no kapasiteten på sine isolasjonshotell.

Tomine Lysaker Sanden (20) og Marthe Lima (20) er koronasmitta og er på isolasjonshotell i Trondheim.

ISOLERTE: NTNU-studentane Marthe Lima (20) frå Arendal (t.v.) og Tomine Lysaker Sanden (20) frå Hokksund er koronasmitta. Dei fekk same rom på isolasjonshotell, sidan dei bur i studentkollektiv i lag.

Foto: Privat

– Ein blir stressa. Det var ikkje så kult å sende den første meldinga til kollektivet om at ein har testa positivt på koronaviruset. Alle blir jo heilt hysteriske, seier Tomine Lysaker Sanden (20).

Saman med Marthe Lima (20) har ho no sjekka inn på City Living Sentrum. Eitt av Trondheim sine isolasjonshotell for koronasmitta.

Jentene deler rom, sidan dei bur i same studentkollektiv på Moholt med totalt 15 personar.

Smitterekord i Trondheim

Testkapasiteten i kommunen har vore hardt pressa etter ei skyhøg smitteauke.

Fredag fekk heile 113 personar påvist koronasmitte i Trondheim. Det er det høgste registrerte smittetalet kommunen har hatt under pandemien.

88 av dei smitta er mellom 20 og 29 år.

Fleire studentar fortvilar no over lang ventetid før dei får tildelt plass på isolasjonshotell.

– Den siste veka har etterspørselen etter rom der smitta studentar kan isolere seg eksplodert.

Det fortel Ole-Bjørn Nordland, prosjektleiar for koronahotell i Trondheim kommune.

– Eg skjønar godt at dei er urolege for å smitte andre. Det er kjipt.

Blir ikkje isolerte etter positiv hurtigtest

Det er for tida svært mange hurtigtestar som må bekreftast med ordinære PCR-testar. Frå neste veke vil det bli lagt opp til at folk kan ta PCR-testar sjølv heime.

Tomine testa positivt på hurtigtest laurdag. Først på tysdag fekk ho og dei andre personane i kollektivet tatt den ordinære PCR-testen, sidan det var lang kø.

– Eg var heldig og fekk lov til å komme på isolasjonshotell etter at eg hadde positiv hurtigtest, sidan eg bur med så mange andre, fortel Tomine.

Men ho representerer eit unntak frå regelen.

Dersom studentane bur ein plass der dei ikkje kan sjølvisolere seg, vil kommunen kunne stille hotellrom til disposisjon. Men det er først etter at ein har fått positiv PCR-test.

Når ein har testa positivt på hurtigtest, må ein vente til ein har blitt kontakta av smittevernkontoret, før ein i kan få tildelt plass på eit isolasjonshotell i byen.

– Vi jobbar med å få tildelt rom meir effektivt. Det har ikkje vore eit stort behov før no. Det er ein ny situasjon for oss, seier helse- og velferdsdirektør Wenche Dehli til NRK.

Har auka kapasiteten på isolasjonshotella

Det er altså kommunen sitt ansvar at koronasmitta personar har ein eigna stad å gjennomføre isolasjonen på.

Norland presiserer at det er viktig å skilje mellom karantenehotell og isolasjonshotell. Karantenehotell er for innreisekarantene, og isolasjonshotell er for dei som er smitta.

I Trondheim fungerer to hotell som isolasjonshotell for koronasmitta som bur saman med andre, og har behov for å isolerast: City Living Sentrum og Scandic Solsiden.

Desse hotella har hatt 50 rom tilgjengelege for koronasmitta. Langt mindre kapasitet enn karantenehotella.

Under fredagens pressekonferanse i Trondheim informerte kommunen om at dei no har fått på plass 160 nye isolasjonsrom, altså totalt 210 rom.

Dei er i ferd med å flytte dei smitta studentane og andre som treng det over på hotellrom.

– For studentar som bur i kollektiv, små eller store, så er det ei belastning når dei er smitta og skal unngå å smitte dei andre i kollektivet, seier Dehli.

Wenche Dehli, helse- og velferdsdirektør i Trondheim kommune

UTVIDAR KAPASITETEN: Helse- og velferdsdirektør Wenche Dehli informerte under fredagens pressekonferanse i Trondheim kommune at dei utvidar kapasiteten på isolasjonshotell i byen.

Foto: Marita Solheim / NRK

Prioritert i testkø etter positiv hurtigtest

Kommunen ønskjer at dei som har testa positivt på ein hurtigtest sender e-post. Dei som jobbar med smittesporing set deg då opp til ein prioritert PCR-test.

– Studenten bør seie klart ifrå til smittevernkontoret om vedkommande har ein busituasjon der ein er til fare for andre på same bustad, seier Nordland.

Då Marthe fekk positivt svar på PCR-testen var det eigentleg fullt på isolasjonshotella, så smittevernkontoret lurte på om ho kunne isolere seg i kollektivet.

– Eg veit at fleire synest det er ubehageleg at ein er i kollektivet når ein er koronasmitta. Då er ein avhengig at nokon lagar mat, fordi ein ikkje kan gå ut på kjøkkenet sjølv.

Ifølge Nordland er det i enkelte tilfelle aktuelt å ta ut dei friske personane, i staden for den koronasmitta, i leilegheiter eller kollektiv der fleire bur saman.

Begge jentene fekk plass på isolasjonshotell då dei sjølv føreslo å dele rom, sidan dei bur i same kollektiv.

– Alle blei veldig frustrerte av tanken på å ha nokon smitta heime, når dei sjølv har testa negativt, seier Tomine.

Livet på isolasjonshotell

Venninnene har fått første dose av koronavaksinen, og har tenkt at dei er litt trygge.

Akkurat no kjenner begge jentene seg ganske friske. Det var verst då symptoma dukka opp.

– Eg blei veldig dårleg då eg kom til isolasjonshotellet. Om natta var det tungt å puste, og eg vurderte å ringe legevakta dagen etterpå, fortel Tomine.

Dei to førsteårsstudentane får all informasjon under opphaldet på e-post. Det er ingen som sjekkar korleis det går. Men dei kan ringe resepsjonen dersom dei lurer på noko.

– Det blir mykje Netflix og lesing, fortel Marthe.

Jentene er glad for at dei har selskap i kvarandre. Maten får dei levert på døra.

– Vi får lunsj og middag frå Jimi's diner. Frukosten er veldig stussleg. Det er brødskiver i plast og same pålegg kvar dag, seier Tomine og ler.