Hopp til innhold

42 tilsette ved St. Olavs hospital er koronasmitta

St. Olavs hospital har no det høgste talet innlagde pasientar med koronasmitte sidan mars 2020. Kapasiteten er nær sprengt.

Trondheim by med Nidarosdomen.

TRONDHEIM: Onsdag fekk 212 personar påvist koronavirus i Trondheim. St. Olavs hospital opplever stort press.

Foto: Roger Myren / NRK

Behovet for sengekapasitet aukar, samtidig som avdelingane på St. Olavs hospital har fleire ferdigbehandla pasientar liggande som ventar på ein kommunal plass.

– Det truar pasientsikkerheita. Derfor har vi heva beredskapen og utsett noko av den planlagde kirurgien for å ha nok senger til dei som treng oss mest, skriv kommunikasjonsdirektør Marit Kvikne i ein e-post til NRK.

Sjukehuset opererer no på gult beredskapsnivå og har innført fleire tiltak den siste veka.

Blant anna må ein no halde einmetersregelen, og fleire sosiale arrangement i sjukehusregi har blitt avlyste.

Det var Adresseavisen som først omtalte saka.

Fleire tilsette smitta

42 tilsette ved sjukehuset har den siste veka fått påvist koronasmitte. Dei fleste av dei har blitt smitta utanfor sjukehuset.

– Vi har mange tilsette med barn i skulen, og dei fleste er smitta på grunn av det, skriv Kvikne.

Helse Nord-Trøndelag har mellom fem og ti smitta tilsette til saman i Levanger og Namsos.

– Vi skal møte pandemistaben i morgon og vurdere kva slags tiltak som kan vere aktuelle å innføre. Det vil sannsynlegvis bli å auke beredskapen, seier administrerande direktør Tor Åm.

Fleire av smittetilfella i regionen kjem frå besøkande med symptom som i etterkant har vist seg å vere koronasmitte.

212 nye smitta i Trondheim

Onsdag fekk 212 personar påvist koronasmitte i kommunen. Det er det nest høgste talet registrert på eitt døgn under pandemien.

Smittetoppen i Trondheim var på 218 nye tilfelle 2. november.

123 av dei som fekk påvist koronasmitte i går er under 20 år.

12 pasientar er no innlagde på St. Olavs hospital med koronavirus. Tre av desse får intensivbehandling, éin med respirator.

I løpet av det siste døgnet har også ein person døydd av korona ved sjukehuset. Det bekreftar kommunikasjonsdirektøren til NRK.

I alt har ti pasientar døydd av korona ved St. Olavs hospital sidan pandemien starta.

Onsdag vart det vedteke å innføre nye koronarestriksjonar i Trondheim. Det er innført trafikklysmodell i grunnskulen, og munnbindpåbod i kollektivtrafikken.

– Vi håpar dette er nok. Dei fleste er vaksinerte, bortsett frå barna, der det no er mykje smitte. Vi håpar at det ikkje er så strenge tiltak som skal til før vi får bukt med dette, sa kommuneoverlege Tove Røsstad då vedtaket var eit faktum.

Ho la vekt på at omfattande testing kanskje er det viktigaste tiltaket.