Hopp til innhold

Ja eller nei til Trondheim, det er spørsmålet

Stemmeurna står i publikumsmottaket på rådhuset. I kveld er det folkemøte, der spørsmålet er ja eller nei til å bli ein utkant og ein bydel i Trondheim. Klæbyggene skal ta valet for framtida.

Førehandsrøysting folkerøysting Klæbu 18. april

Her legg Jannice Grendstad som ein av dei første si røyst i urna til Turid Kvalø. At det var ei nei-røyst, la ho ikkje skjul på til NRK. Grendstad arbeider i kommune, og er redd for at ho skal bli nøydd til å skifte arbeidsstad, og må ta arbeid i byen om det blir samanslåing.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Skal dei 6000 innbyggarane i innlandskommunen på høgdene sør og aust for Trondheim ta steget og bli ein del av storbyen? Ja eller nei til å bli del av ein storby, er spørsmålet.

Førehandsrøyste kan dei gjere kvar dag på kommunehuset fram til 9. mai.

Klæbu Rådhus

Klæbu Rådhus, inntil 2016 senter i ein randkommune til Trondheim.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Folkerøystinga er ikkje før da, men innbyggarane skal få godt høve til å røyste, sjølv om dei ikkje har høve til å møte fram på dagen, seier politisk sekretær i Klæbu kommune, Steinar Lianes.

Same prosedyre som ved val

– Vi freister å legge opp til at folk kan ha same moglegheit til å røyste i eit slikt spørsmål som under vanlege val, seier han.

Derfor vil det også bli ope vallokale to veke-kveldar og ein laurdag framover, attåt at ein kan gå på kommunehuset mellom klokka 8 og klokka 15 kvar dag.

Røystesetel ja eller nei til kommunesamanslåing

Røystesetel med ja eller nei til kommunesamanslåing.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Les her om når du kan røyste i Klæbu.

Ein kan også ringe og be om å få røyste heime, og er ein ikkje i bygda, verken i perioden for førehandsrøysting eller på avrøystingsdagen, kan ein også røyste via brev til kommunehuset heime. Ei brevrøyst er det visse bestemte reglar for, men dei finn ein på heimesida til kommunen.

Les her korleis du kan levere brevrøyst.

Måndag kveld er det folkemøte der alle som vil kan møte fram og seie si meining til andre klæbygg, samt få høyre kva kommunane har komme fram til i arbeidet. På møtet vil dei få høre ordførar Rita Ottervik i Trondheim og Klæbu-ordførar Kirsti Tømmervold.

Rita Ottervik og Kirsti Tømmervold

Rita Ottervik (t.h.) og Kirsti Tømmervold, ordførarar i Trondheim og Klæbu, skreiv i vinter under intensjonsavtale om samanslåing.

Foto: Vigdis Wågø-Wares/NRK

Den siste innrømmer et det er liten mot stor. Klæbu med sine 6.000 innbyggarar mot Trondheim sine 186.000. Men Tømmervold ser store føremoner med samanslåing:

– Det er klart at Trondheim kommune med ein mye meir robust økonomi enn oss, kan hjelpe oss. I Klæbu står vi framfor store investeringar, vi må ha ny sjukeheim, og vi skal bygge på skolen vår. I tillegg står vi framfor eit stort kommunalteknisk løft til 180 millioner kroner, fortel ordføraren, som har fått sikring i intensjonsavtalen i alle fall for sjukeheimen. Det var avgjerandre for at ho skulle gå inn for samanslåing, seier ho til NRK.

Klæbu vil auke byens folketal med 3 prosent

Skal dei bli ein del av byen, vil klæbyggen utgjere 3,2 prosent av innbyggartalet i storbyen. Det bur langt fleire i dei store drabantbyane ein må gjennom for å komme til Klæbu, enten ein kjører via blokkbyane på Heimdal, eller gjennom Risvollan, for å komme til den noverande bygrensa.

Utsikt over Klæbu

Utsikt over Klæbu, bygdekommunen som no kan bli ein del av den alt raskare veksande trønderstorbyen Trondheim.

Foto: Gunn Nyborg