Hopp til innhold

Kan du yte førstehjelp ved ei ulukke?

Berre ein av fem veit korleis dei sikrar frie luftvegar hos alvorleg skadde- eit avgjerande grep om du kjem først til ei ulukke. Norsk Luftambulanse aksjonerte i dag overfor bilistar i Trondheim.

Norsk Luftambulanse lærte bilistene om frie luftveier under en aksjon på Flakk.

VIDEO: Arve Eliassen, instruktør i Norsk Luftambulanse, demonstrerer på Eldbjørg Ellefsen.

Arve Eliassen er instruktør i Norsk Luftambulanse. Han stilte seg i dag opp i ferjekøen på Flakk for å lære bilistar førstehjelp og kva dei skal gjere om dei kjem først til ei ulukke.

– Veit du kva du skal gjere, dersom du kjem til ein ulukkesstad, som førstemann?

Eldbjørg Ellefsen

Bilist Eldbjørg Ellefsen seier ho kjem til å gjere det ho kan, dersom ho kjem først til ein ulukkesstad.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Han spør bilist Eldbjørg Ellefsen.

– Eigentleg så veit eg jo det da, men det er ikkje sikkert eg gjer det, seier ho.

For det er ikkje så enkelt å ta grep når ein står midt opp i situasjonen.

Tre punkt

Arve Eliassen

Arve Eliassen snakka onsdag med bilistar om førstehjelp på ferjeleie på Flakk.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

– Det viktigaste er å sikre staden, varsle 113 og sikre frie luftvegar til dei som eventuelt er skadde, seier Eliassen.

Norsk Luftambulanse informerte i dag bilistar på ferjeleie på Flakk om kva dei skal gjere ved ei ulukke.

Bilist Eldbjørg Ellefsen seier ho kjem til å gjere det ho kan ved ei ulukke.

– Eg kjem til å gjere så godt som eg kan, sjølv om helsa ikkje er så god, smiler ho.

Frie luftvegar

– Det er særs viktig å sørge for frie luftvegar, dersom nokon er medvitslause, seier Eliassen.

Det er berre eit enkelt grep som skal til.

– Folk kan gjere stor forskjell ved å kunne nokre enkle grep.

Norsk Luftambulanse

Norsk Luftambulanse informerte onsdag bilistar på ferjeleie på Flakk om førstehjelp.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK