Hopp til innhold

Ikea droppar Black Friday - meiner kjøpehysteriet har gått for langt

Møbelkjeda meiner kjøpehysteriet har gått for langt og droppar ekstra billige varer på årets største handledag.

Kjøpehysteri under Black Friday

HYSTERI: Ikea tek avstand frå kjøpehysteriet rundt Black Friday. Her frå fjorårets timesal på sko ved Norwegian Outlet i Vestby i Akershus.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Vi synest Black Friday har gått litt av hengslene og ønskjer å stramme den opp. Det gjer vi ved å ha den store strammedagen, seier Randi Schjetne som er sjef ved Ikea i Trondheim til NRK.

  • Let du deg friste av gode tilbod på Black Friday? (kommenter nederst i saka)

Største salsdagen i året

Randi Schjetne

GJENBRUK: Sjef ved Ikea i Trondheim, Randi Schjetne, oppfordrar kundane sine til å tenke gjenbruk på Black Friday.

Foto: Hilde Grande / NRK

Black Friday har blitt den største enkeltståande salsdagen i året. Tradisjonen kjem frå USA og dei første norske butikkane heiv seg på trenden i 2010.

I fjor blei det nok ein gong sett ny rekord i omsetnaden og nordmenn handla for over tre milliardar kroner på Black Friday. I Norge er det siste fredag i november butikkane lokkar med ekstra billige varer og timestilbod.

Møbelkjeda Ikea har i fleire år vore med på trenden, men i år er det stopp. No er det gjenbruk som gjeld.

Vi ønskjer å sette fokus på at vi kan ta vare på det vi allereie har, i staden for å springe ut og kjøpe nytt, seier Schjetne.

Ho vil ikkje vere med på at møbelkjeda gjer dette for å få betre reklame.

– Vi gjer dette fordi vi trur på det. Vi trur på det for kundane våre og at dei skal ta betre vare på møblane sine og at det igjen skaper ein betre kvardag for dei.

Får støtte av fleire

Une Aina Bastholm på Bodø Jernbanestasjon

POSITIVT TILTAK: Miljøpartiet de Grønnes Une Bastholm er glad for at Ikea bidreg til å gjere folk meir bevisst på gjenbruk.

Foto: Martin Steinholt / NRK

Både Norges Naturvernforbund og Miljøpartiet de Grønne og roser Ikea for å droppe den amerikanske kjøpedagen.

– Det er flott at store aktørar som Ikea går først og viser at ein annan veg er muleg. Stadig fleire i Norge er opptatt av miljø og rettferd, difor trur eg Ikea kan styrke omdømet sitt og med det også tene pengar på å oppfordre til miljøsmarte val, seier Une Bastholm som er nasjonal talsperson og stortingsrepresentant for Miljøpartiet de Grønne til Kampanje.

På gata i Trondheim er det delte meiningar om Black Friday.

– For å vere ærleg er eg imot det. Som mange på min alder er jeg ikkje for det forbrukarsamfunnet vi har. Eg tenker at Black Friday med ei amerikansk salshøgtid er ikkje det vi treng, for vi har nok ting, seier Torunn Rasmussen.

– Eg har kjøpt eit par ting på Black Friday som eg har hatt nytte av, men eg er vel ikkje den største handlaren, seier Bodil Johansen.

Laber svart fredag

KJØPEFEST: Butikkane bugner av billige varer siste fredag i november.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Kjøpefest heile veka

Jomar Asbøll, senterleder Trondheim Torg

GODT SAL: Senterleiar ved Trondheim Torg innrømmer at Black Friday gir gode inntekter.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

Men mange butikkar nøyer seg ikkje berre med ein svart fredag. Fleire gjer heile veka til ein gigantisk kjøpefest.

Ved kjøpesenteret Trondheim Torg har dei ingen planar om å slutte med tradisjonen Black Friday. Der har senteret dei to siste åra hatt mellom 50 og 60 prosent høgare omsetnad på Black Friday, samanlikna med ein vanleg fredag.

– Om ein held seg til ein dag, synest eg det er greit. Men slik det har vore i Norge dei siste åra med Black Friday-veke, Black-weekend og heile køyret over fleire dagar synest eg det er uheldig, seier Jomar Asbøll som er senterleiar ved kjøpesenteret Trondheim Torg.