Hopp til innhold

Høgre går tilbake på målingane i Trondheim

Høgre mistar stemmer, Arbeidarpartiet står på staden kvil, SV er like store som Ap og småpartia står sterkare i ny meiningsmåling.

Kent Ranum smiler til kamera i Trondheim sentrum. Han briller, sort dress og hvit skjorte. Ranum er ordførerkandidat for Trondheim Høyre.

FORNØGD: Kent Ranum er ordførarkandidat for Trondheim høyre. Han er godt fornøgd med den nye meiningsmålinga, til trass for at dei har fallande oppslutning.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Eg synest det er fantastisk gode tal for oss i Høgre, seier ordførarkandidat Kent Ranum om Høgre si oppslutning i Trondheim.

Til trass for nedgang i oppslutning frå førre måling, seier Høgre-leiaren seg fornøgd.

I den siste meiningsmålinga gjort av Norstat for NRK har Høgre ei oppslutning på 29,4 prosent.

Det er ned 4 prosentpoeng sidan førre meiningsmåling i mars, men 8,8 prosentpoeng fram sidan forrige val.

Arbeidarpartiet har ei oppslutning på 16,7 % mot 16,6 % ved førre måling.

Dette gjer at begge partia er avhengig av å ha med seg mange andre parti for å danne eit fleirtal.

Emil Raaen går mot kamera. Han er ordførerkandidat for Arbeiderpartiet i Trondheim.

Emil Raaen trur oppslutninga til Arbeidarpartiet vil bli betre når valkampen kjem ordentleg i gong.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Emil Raaen, er ikkje storfornøgd med resultata, men trur dei vil sjå annleis ut ved valet.

– Den er jo langt på veg som forventa for Arbeidarpartiets del, sånn sett rimar den jo med den nasjonale trenden i tida undersøkinga vart gjord, og så ønskjer me jo sjølvsagt at ho skal bli betre, seier ordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Emil Raaen.

– Me veit at målingar er målingar og valresultat er valresultat. Me er i startgropa av ein valkamp. Me skal komme ut med sakene våre, korleis me vil jobbe for å gjere Trondheim endå betre, seier han.

Partibarometer Trondheim mai 2023

Endringane for partia er målt mot førre meiningsmåling i mars 2023.

PartiOppslutningEndring
29,4%
−4,0
16,7%
+0,1
16,4%
+1,8
10,4%
+1,5
6,5%
−4,3
5,6%
+1,8
5,2%
−0,3
2,9%
+1,7
2,4%
+1,1
2,0%
−0,2
0,7%
0
1,9%
+1,0
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 606 intervjuer gjort i perioden 2.5.23–5.5.23. Feilmarginer fra 0,5–4,6 pp. Kilde: Norstat for NRK.

SV om lag like store som Ap

Medan Raudt fell på målingane og har ei oppslutning på 6,5 %, er SV om lag like store som Ap i Trondheim.

Partiet med ordførarkandidat Mona Berger (SV) i spissen ligg no på 16,4 %.

Mona Berger i Trondheim SV

Mona Berger i Trondheim SV lar seg glede av den nye meiningsmålinga.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det gjev jo veldig energi å få positive målingar på tur inn i full valkamp. Så det er veldig gledeleg for meg og alle dei andre fine folka som jobbar for SV, seier Berger.

Dette håpar Berger gjer at SV får meir å seie i eit potensielt samarbeid med Arbeidarpartiet.

Me har heilt klart lyst til, og kjem også til å krevje, å ha større gjennomslag når me veks sånn som me har gjort no, poengterer ho.

Avhengig av samarbeid med fleire

Både Høgre og Arbeidarpartiet er avhengig av samarbeid med fleire andre parti, og blant desse er det fleire som veks litt i oppslutning.

Dette gleder ordførarkandidaten frå Høgre.

– Samarbeidspartia våre gjer det tilsvarande like godt eller betre og det er også sjølvsagt veldig gledeleg for å vere eit styringsalternativ, seier Ranum.

Men medan fleire parti veks, fell Rødt 4,3 prosentpoeng på meiningsmålinga.

– Me har ambisjonar om å gjere det betre enn dette ved valet. Så me er ikkje jublande fornøgd, men det er no litt feilmargin på meiningsmålinga, så me skal ikkje la det øydelegge motivasjonen vår, seier kommunestyrerepresentant Roald Arentz i Rødt Trondheim.

Også SV er open for samarbeid med andre parti på venstresida i politikken.

Me vil gjerne samarbeide med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, MDG og Raudt, seier Berger.

Mandatfordeling Trondheim mai 2023

Endringane for partia er målt mot valet i 2019.

PartiAntall mandater Endring
Høyre20+6
Arbeiderpartiet12−5
Sosialistisk Venstreparti11+3
Miljøpartiet De Grønne70
Fremskrittspartiet40
Rødt4−1
Venstre4+1
Senterpartiet2−3
Pensjonistpartiet2−1
Kristelig Folkeparti10
606 intervjuer gjort i perioden 2.5.23–5.5.23. Feilmarginer fra 0,5–4,6 pp. Kilde: Norstat for NRK.

– Kan forvente heftig hestehandel og friarferd

Politisk kommentator i NRK Trøndelag, seier målinga viser at det er heilt ope kven som vil regjere i Trondheim etter kommunevalet.

– Verken Arbeidarpartiet eller Høgre har fleirtal saman med dei tradisjonelle samarbeidspartnarane sine. Om denne målinga står seg til valet i september, blir det nok derfor ei heftig hestehandel og friarferd til småpartia, seier Bjørgan.

Linda Bjørgan

Linda Bjørgan er politisk kommentator i NRK Trøndelag.

Foto: Stein Roar Leite

Ho meiner målinga viser at Arbeidarpartiet kan ha mest å hente frå sofaveljarane.

– Dette er veljarar som stemde på Ap ved førre kommuneval i 2019, men som no enno ikkje har bestemt seg. Høgre sine veljarar er meir lojale og der er det lite å hente frå usikre veljarar. Valkampen er ikkje skikkeleg i gang enno lokalt og det kan bli større utslag i målingane når temperaturen i valkampen stig, seier Bjørgan.

Partibarometer Trøndelag mai 2023

Endringane for partia er her målt mot førre meiningsmåling i mars 2023.

PartiOppslutningEndring
24,1%
+2,7
21,2%
−4,7
15,4%
−0,5
9,0%
−1,0
8,2%
+3,2
5,7%
+0,2
5,2%
0
3,4%
+2,1
2,6%
−2,0
2,6%
−0,1
1,1%
+0,5
0,9%
+0,9
0,7%
−1,2
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 612 intervjuer gjort i perioden 4.5.23–6.5.23. Feilmarginer fra 1–4,4 pp. Kilde: Norstat for NRK og Adresseavisen.

Les også Millionar til ny flyutdanning

F-35 fly kommer til Ørland fra USA