Hopp til innhold

Millionar til ny flyutdanning

I revidert statsbudsjett vil regjeringa bruke 5 millionar til ny utdanning for flyingeniørar i Noreg.

F-35 fly kommer til Ørland fra USA

FLYINGENIØR: Regjeringa påpeiker at det er behov for flyingeniørar i både militær og sivil luftfart.

Foto: Ole Andreas Vekve / Forsvaret

– Me må sikre oss kompetanse innan kritiske samfunnsområde. Luftfarten er ei av desse.

Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Slik det er i dag finst ikkje slike utdanningar i Noreg og me hente denne kompetansen frå utlandet.

Eg er veldig glad for at me no kunngjer at det blir opptak allereie neste år her i Trondheim, legg Borten Moe til.

Administrerande direktør i NHO luftfart, Erik Lahnstein, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe snakkar med to studentar . Studentane sit i framgrunnen med ryggen til. Borten Moe og Lahnstein står.

Administrerande direktør i NHO luftfart, Erik Lahnstein, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe snakkar med to studentar om den nye ingeniørutdanninga.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Frå hausten

Målet er at bachelorstudiet skal vere oppe å gå frå hausten 2024. Dermed vil dei fyrste flyingeniørane vere ferdigutdanna våren 2027.

Regjeringa peiker på at det er behov for minst 20 flyingeniørar kvart år framover og at det er viktig å utdanne personar med rett kompetanse og som er tryggingsklarert.

– Flyingeniørar er kritisk om me skal få maks effekt ut av våre nye kampfly, maritime overvakingsfly og helikopter, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Anne Borg, rektor ved NTNU, snakker på pressekonferanse om at det skal opprettes ved universitetet. Hun står, snakker og ser på Ola Borten Moe som sitter ved et bord.

Rektor ved NTNU, Anne Borg, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe, la fram planen for flyingeniørutdanninga på NTNU.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Stort behov

I tillegg har Forsvarsmateriell og NHO Luftfart tidlegare påpeikt behovet for å utdanne ingeniørar med denne kompetansen.

– Det er ei knappleik på denne kompetansen både nasjonalt og internasjonalt, seier administrerande direktør i NHO luftfart Erik Lahnstein.

Administrerande direktør i NHO Luftfart, Erik Lahnstein, smiler og ser inn i kamera.

Administrerande direktør i NHO luftfart, Erik Lahnstein, beskriv dette som ei fantastisk nyheit.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Han påpeiker at når det er stor mangel på ingeniørar som leier det tekniske arbeidet, er det også ein risiko for å ikkje få utnytte kompetansen til teknikarane som skrur på flya.

– Det er viktig for sikkerheit, produktivitet og for å utvikle norsk luftfart vidare. Og skal me lukkast med ei grøn omstilling treng me dyktige ingeniørar, legg Lahnstein til.

Difor vil regjeringa opprette 25 nye studieplassar ved NTNU i Trondheim, for å sikre denne kompetansen.

Anne Borg, rektor ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.

Rektor ved NTNU, Anne Borg, trur flyingeniør blir eit populært studium frå hausten 2024.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Dette skal me ta på oss og me gler oss til å sette i gang, seier Anne Borg rektor ved NTNU.

Rektoren er no klar for å forme dette og vil snakke med bransjen, fagmiljø og næringslivet for å sikre eit godt studietilbod.

– Også har me fagmiljø innan maskinteknikk, elektroteknikk og datateknikk som er nødvendig inn i ei sånn type utdanning, legg ho til.

Dersom det hadde vore ei mogelegheit då han søkte høgare utdanning, hadde Sean Helge Sasson, søkt på flyingeniør.

Eg trur at fly er noko veldig mange ser opp til. Både fordi flya er oppe i lufta og ser fysisk opp til dei, men også fordi mange synest det er stilig, legg Sasson til.

Sean Helge Sasson, student ved NTNU, smiler lett og ser inn i kameraet.

Sean Helge Sasson, student ved sivilingeniørlinja produktutvikling og produksjon, håpar bachelor i flyingeniør kan bli ei femårig sivilingeniørutdanning etter kvart.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Forslaget til regjeringa vil koste 5 millionar kroner i 2023 og 2024. Fullt trappa opp vil det koste 13,1 millionar kroner frå og med 2029.

Les også Samordna opptak viser krise for lærerutdanningene

Mattetime