Hopp til innhold

Her ligg den skotne i busskuret. Tiltalte meiner fornærma knivtruga henne før ho skaut

Mannen trudde han skulle avrettast. Ho som skaut seier det var naudverje fordi fornærma truga henne med kniv. Han seier det var berre ein nøkkel.

Bilde fra politiet av fornærmede som ligger på bakken i et busskur.

SKOTEN I KNEET: Den skadde greidde å kome seg til eit busskur der ambulansepersonell fann han.

Foto: Politiet

Mannen som vart skoten i kneet greidde sjølv å ringe til AMK-sentralen natt til 30. september i fjor.

Ei kvinne (55) er tiltalt for grov kroppsskade fordi ho skaut fornærma med ein pistol. Venen hennar (58) er tiltalt for medverknad fordi han hjelpte kvinna med å lade pistolen så ho kunne trekkje av.

Krangel om våpenkjøp

Dei to tiltalte og den fornærma kjenner kvarandre frå før. Ein gamal Mauser med lyddempar står sentralt i saka. Men kven som kjøpte den av ein tredje person er så langt ikkje avklart. Dei tiltalte meiner fornærma stal den, han nektar.

Uansett var dette bakteppet då han drog til Lademoen natt til 30. september for å snakke med den mannleg tiltalte. Kort tid før hadde han sendt ein SMS til fornærma i form av eitt ord: «Idiot».

Fornærma sa i retten at han ville snakke roleg med tiltalte og forklare at Mauserkjøpet var ein bytehandel med ein tredje person.

Natta til 30. september køyrde fornærma på motorsykkelen sin til Lademoen etter å ha avtalt møte med tiltalte.

Han kom ut på gata der fornærma venta.

Her ifrå er det ulike versjonar på kva som skjedde før skotet kom.

– Mykje flåssnakk og pissprat

Fornærma meiner det var den kvinnelege tiltalte som førte til at situasjonen vart oppheita. Ho kom ut av huset like etter og byrja å skjelle ut fornærma.

Dei to hadde hatt konfliktar før.

– Det var mykje flåssnakk og pissprat, seier fornærma i retten.

Kvinna forklarer at ho såg fornærma stå med motorsykkelhanskane sine opp i andletet til den andre tiltalte. Han sa at fornærma slo etter han. Hanskane hadde harde plastknottar.

Fornærma har ein skade på det eine øyret frå tidlegare. Han meiner kvinna spurte han om han ville ha det andre øyret avskore.

Då tok han fram motorsykkelnøkkelen og spurte om kvinna ville bruke den på øyret hans.

Nøkler vist fram i rettssaken

Nøklar som fornærma seier han hadde i hanskane og heldt mot kvinna. Ho seier det var ein kniv.

Foto: Politiet

Kniv eller nøkkel?

Begge dei tiltalte meiner det ikkje var ein nøkkel, men ein kniv.

Derfor kom pistolen opp, frå lomma til den mannleg tiltalte. Han ville skremme fornærma til å sleppe kniven.

Tiltalte sikta på fornærma før kvinna tok over våpenet.

Fornærma seier kvinna så heldt pistolen mot hovudet hans og at det kom minst tre klikk utan at noko skjedde.

– Eg trudde eg skulle bli avretta, sa fornærma i retten.

Kvinna nektar for å ha halde pistolen mot hovudet hans.

– Eg heldt aldri pistolen over knehøgde. Eg ville skyte i bakken for å skremme han.

Ho meinte det ikkje var vits i å freiste å springe bort frå situasjonen, fordi fornærma ville tatt henne igjen.

Då kvinna ikkje fekk pistolen til å verke, hjelpte medtiltalte henne å lade og avsikre våpenet.

Så skaut ho igjen og trefte fornærma i kneet.

Skuddvinkel bevis i retten

På buksa til fornærma har politiet markert kvar skotet gjekk inn og ut igjen ved kneet.

Foto: Politiet

På sparkesykkel med pistol

Kvinna sa i retten at ho meinte ikkje å skade fornærma.

Ho hadde heller ikkje ammunisjon til pistolen så derfor trudde ho ikkje at den var ladd.

Pistolen, som ho hadde kjøpt, hadde lege i leilegheita til medtiltalte. Ho hevda at ho ikkje visste at han tok den med ut denne kvelden.

Kvinna bestemte seg for å bli kvitt våpenet så snart som råd. Derfor fann ho ein sparkesykkel og forlèt åstaden like etter skotet.

Pistolen er ikkje funnen.

– Den er fjerna frå verdas overflate, sa kvinna på spørsmål frå medaktor Ole Andreas Aftret. Ho fortalde at ein ven av henne har tatt seg av det, men ville ikkje seie på kva måte den er «destruert».

Også den medtiltalte mannen stakk frå åstaden like etter.

Han søkte tilflukt i ei nedlagt fabrikkbygning like ved, med utsyn mot åstaden. Der dukka det etter kvart opp mykje politi som følgje av det som hadde skjedd.

– Eg hadde utsyn til heile «showet», sa han i retten.

Fra venstre: medaktor Ole Andreas Aftret og aktor John R. Sødahl Furunes

Aktorane Ole Andreas Aftret (til venstre) og John R. Sødahl Furunes i retten måndag.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Endra forklaring

Då kvinna vart pågripen, nekta ho først for å ha noko med skytinga å gjere.

Ho sa ho hadde alibi fordi ho var hos ei venninne.

Aktor John R. Sødahl Furunes viste til at dei to tiltalte meiner dei handla i naudverje fordi dei vart truga med kniv.

– Kvifor ikkje då varsle politiet, i staden for å stikke av frå ein såra person, spurte aktor.

– Er du morosam no, svarte den mannleg tiltalte.

Verken han eller kvinna har noko godt forhold til politiet.

– Null tillit, dei (politiet) har herja med meg sidan eg var 14, svarte mannen.

Kvinna sa at ho aldri ringjer politiet «av prinsipp».

Kniv i busskuret

Halvannan månad etter skytinga dukka det opp ein kniv som politiet meiner kan koplast til hendinga på Lademoen.

Nærbilde av kniv på busskur

Kniv fotografert i busskuret same dagen fornærma låg der.

Foto: Politiet
Kniv i busskur
Foto: Politiet

Ein person fortalde politiet at han hadde funne ein kniv i same busskur som fornærma var i då ambulansen kom.

Personen i slutten av 20-åra vitna i retten tysdag.

Han kjenner både dei tiltalte og fornærma.

Vitnet fortalde at fornærma ringde han frå sjukehuset og ville at han skulle gjere han ei teneste.

Vitnet drog til busskuret mens han var på telefon med fornærma.

Der vart ein kniv funnen. Vitnet meiner fornærma bad han ta vare på den. Fornærma seier det var kortmappa og nøklane hans som han ville vitnet skulle sjå etter i busskuret.

Då politiet fatta interesse for vitnet, la han kniven på eit toalett på Solsiden, før han skulle i avhøyr.

Der fortalde han om kniven og like etter fann politiet den på Solsiden.

Politiet sjekka bileta dei tok dagen etter skytinga og såg at det låg ein gjenstand på eit rør oppe under taket på skuret.

Kriminalteknikar Jan Tore Volden viste fram bileta av kniven i retten tysdag. Det er ein stålfarga Batangakniv og liknar veldig på den som er på biletet frå busskuret.

Det vart funne DNA frå han som fann kniven og delar av ein svak DNA-profil frå fornærma, opplyste Volden.

Knivbevis vist fram i rettssaken

Batangakniven falda ut. Delar av ein DNA-profil frå fornærma vart funne på kniven.

Foto: Politiet

Fornærma ristar på hovudet

Den middelaldrande fornærma følgjer nøye med på forklaringane i retten. Fleire gonger ristar han på hovudet og smiler mens dei to tiltalte fortel kva dei meiner skjedde natta til 30. september i fjor.

Han avviser at han viste fram nokon kniv den aktuelle natta.

Kniven i busskuret kjenner han ikkje til, gjentok han tysdag.

Forholdet mellom dei tiltalte og fornærma er ikkje hjarteleg i retten. Begge partar påstår at den andre parten har truga og «overvaka» den andre, både før og etter skytinga.

Dei tiltalte hadde besøksforbod mot han. Då det gjekk ut i januar i år, fekk fornærma valdsalarm.

Skotskaden i kneet og låret plagar han enno. Etter fire operasjonar har han framleis smerter.

Psykisk slit han med søvnmangel og likar ikkje å vere ute blant folk, fortalde han i retten.