Hopp til innhold

Ut på bilferie i sommar? Her kjem dei beste tipsa for turen

Har du blitt inspirert av alle dei som legg ut idylliske bilete av Noregsferien sin? Me har snakka med tre stykk som kjem med sine beste tips og triks for ein fin tur.

Une og hunden Juster på biltur

TELT ELLER BIL? Det er nokre ting det er greitt å tenke på viss du har planar om å bruke ferien din på å køyre rundt i Noreg.

Foto: Une Cecilie Oksvold

Denne sommaren kjem nok mange til å sette seg bak rattet for å ta ferien i eige land, skal me tru tala frå NHO Reiseliv.

Une og hunden Juster på biltur

Det er mange fine plassar her i Noreg ein kan oppleve på ferie.

Foto: Une Cecilie Oksvold
  • Kom med dine beste bilferie-tips nederst i saka.

På grunn av den svake krona er det nemleg forventa at fleire kjem til å halda seg her i Noreg, framfor utanlands i ferien. Og plassar som Troms og Finnmark, Nordland, Vestland og Agder er høgt oppe på reiselista til folk.

Men kva skal du tenke på viss du vel bilferie i år?

Me har teke ein prat med tre ekspertar som alle bruker mykje tid i bilen sin på tur rundt i Noreg. Dei har alle reist på bilferiar i fleire år, og deler av erfaringane sine på blant anna Instagram.

Dette bør du ha i bilen

  • Godt med kler. Både ulltruser og dunjakker, sjølv på sommaren.
  • God mat.
  • Batteriladar til bilen.
  • Førstehjelpsutstyr
  • Telt og anna utstyr du kan trenge på turen.

Eg er fantastisk god til å tenke «den dingsen får eg sikkert bruk for», noko eg som oftast ikkje gjer. Men eg bruker å lage ei liste over kva eg skal gjere om sommaren, og då veit eg meir om kva eg treng i bilen og ikkje, seier John.

Det same gjer Ida. Ho lager seg ofte ei pakkeliste for sommaren og ei for vinteren. I tillegg til ein turbag som alltid ligg klar i tilfelle ho vil dra på ein spontan tur.

Ida Kathrine Knudtzon Eriksen

Tenk på kva du skal gjere på turen din, når du vel kva du skal pakke med deg. Og eit ekstra klesskift er aldri feil.

Foto: Ida Kathrine Knudtzon Eriksen / Privat

Kvar kan ein sove?

  • Hugs allemannsretten.
  • Sjå etter skilt som seier at det ikkje er lov å campe eller parkere der.
  • Bruk kart og satellittbilete for å sjå om du finn fine plassar der.
  • Viss du køyrer forbi plassar du synest er fine, lagre plassen på kartet, så kan du reise tilbake dit ein annan gong.
  • Ikkje leit etter soveplass på tom mage. Viss ein er svolten og har kort lunte kan det blir ekstra tungt å leite etter ein plass å slå leir.
Une og hunden Juster ligg i bilen og ser på utsikta

Finn deg ein plass med fin utsikt å sette opp camp. Men pass på at du følger reglane der du er.

Foto: Une Cecilie Oksvold / Privat

Skal du på Noregsferie i år?

Les også Biltur med barn? – Ta ned ambisjonene og involver barna

Bilferie

Matlaging

  • Det meste av det du lager heime, kan du òg mekke på primus eller gassbrennar. Så du treng ikkje kjøpe pakkar med turmat i butikken.
  • Tenk enkelt. Ikkje lag rettar der du treng ein drøss koppar og kar.
  • Lag ein matplan for turen. Då er det enklare å ta med dei rette ingrediensane heimanfrå.
  • Pakk ned maten i boksar, så har du kontroll på alt.
  • Kos deg med matlaginga. Unn deg noko digg.
John Hobberstad og hunden Kayla på tur

Det er berre fantasien som set grenser for kva du kan mekke av mat på tur.

Foto: John Hobberstad / Privat

Do og dusj?

  • Du kan gå på do ute, men hugs å grav det ned og ta med søppel tilbake viss du må nummer to.
  • Bensinstasjonar og campingplassar har ofte både dusjar og do ein kan låne eller leige. Berre hugs dusj-sko.
  • Mange rasteplassar har og toalett.
  • Du kan og få skylt deg i elver og innsjøar langs vegen viss du er gira på eit litt forfriskande bad.
Ida Kathrine Knudtzon Eriksen

Ein dukkert i ein innsjø eller ei elv kan vera like forfriskande som ein dusj.

Foto: Ida Kathrine Knudtzon Eriksen / Privat

Les også Syv tips for en mer miljøvennlig bilferie

Bilferie

Hund på tur

  • Ha med nok utstyr til hunden din.
  • Ta med førstehjelp og eventuelle medisinar dei kan trenge.
  • Ta med litt ekstra god mat i tilfelle dei blir litt matlei.
  • Det kan bli veldig varmt i bilen, så pass på at du har ein plass hunden kan vera der det er svalt.
  • Tenk på kva aktivitetar du skal drive med. Kan hunden vera med på desse?
  • Ha med pledd eller sovepose til hunden viss den ikkje har tjukk nok pels.
  • Ha med potesokkar eller liknande viss hunden skal inn i teltet så klørne ikkje øydelegg teltduken.
  • Hugs vatn. Ikkje sats på at det er vatn der dykk skal gå tur.
John Hobberstad og hunden Kayla på tur

Hugs at hunden din og kan synest det er litt skummelt å sove i telt viss den er mest vane med å sove heime i senga si – eller di.

Foto: John Hobberstad

Les også Lofoten blir først ut med bæsjeposer for mennesker

Bunes sett fra veien opp til Helvetestind

Reis sporlaust

  • Du er plikta til å plukke opp etter deg.
  • Ikkje la det ligge igjen dopapir eller våtserviettar.
  • Alt du tek med deg ut i naturen, skal du ta med tilbake.
  • Tenk over kvar du set opp bål og rydd opp etter deg.
Føtter ut av ein bil med utsikt

La det sjå like fint ut når du drar frå ein plass, som då du kom dit.

Foto: John Hobberstad / Privat

Kom med dine beste bilferie-tips: