Han har sett båtar i fjæra før

– Det skjer ikkje ofte, men eg kan hugse at det har skjedd fire gongar før at ein båt går på grunn her, seier Jakob Hagen.

Jakob Hagen

Jakob Hagen fortel at det er fjerde skipet han har sett stå i fjæra.

Foto: Stein Lorentzen

– Me er van med at det står ein båt i fjæra med 10-15 års mellomrom, fortel Jakob Hagen til NRK.

Hagen trur grunnstøytinga har skjedd grunna ein navigasjonsfeil.

– Det er frykteleg sterk straum her, men eg trur grunnen til at båten hamna i fjæra er ein navigasjonsfeil. Dei skulle ha gått midt i leia her ute, men skipet har skifta kurs ved Terningen fyr, seier han.

Han fortel at sonen ringte på morgonen søndag og spurde om han hadde fått med seg det som hadde skjedd.

– Eg hadde sove og ikkje fått med med båten i fjæra. Men eg tok meg ein tur utover i grisveret. Då fekk eg vite at mannskapet var ombord og at dei hadde straum og varme.

Natt til søndag

Norgeskart.no

MS Scan Master gjekk på grunn utanfor Hemnskjela i Snillfjord kommune.

Foto: Kjartan Ovesen

Det 72 meter lange lasteskipet med eit mannskap på seks, grunnstøytte natt til søndag. Ingen personar vart skadd, og det var heller ikkje lekkasje frå skipet, opplyste Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS).

Søndag formiddag opplyste HRS at skipet skulle verte fjerna ved flo sjø ved 01-tida natt til mandag. Men planen vart utsett på ubestemt tid.

MS Scan Master er eigd av Grøntvedt Shipping på Brekstad, og er på 1250 dødvekttonn. Båten har trafikkert kysten av Midt-Noreg i fleire år. NRK har førebels ikkje lukkast med å få kontakt med Grøntvedt Shipping.

MS Scan Master

MS Scan Master gjekk på grunn utanfor Hemnskjela i Snillfjord kommune.

Foto: Stein Lorentzen

Liten fare for lekkasje

Skipet er ein ombygd produkttankar som i dag fraktar fiskeavfall. Ombord er det 15 kubikk med diesel.

– Åtte kubikk ligg i ein skjerma tank og resten i skrogtanken. Det er liten fare for lekkasje, sa Jan Willy Holbu i Kystverket til NRK tidlegare i dag.

– Me skal finne ut korleis me skal losse fiskeavfallet i løpet av dagen, heldt Holbu fram.

Han sa då at målet var å få skipet av grunn i dag.

Scan Master står fortsatt i fjæresteinene i Snillfjord.

MS Scan Master står fortsatt i fjæresteinene i Snillfjord.

Video fra Trøndelag

Julestemning for store og små.
Rekordmye regn førte til store problemer i hele Trøndelag. Ras stengte blant annet E14 mellom Stjørdal og Storlien , og i Selbu ble mer enn 400 personer isolert da veien ble sperret av skred.
Store nedbørsmengder har gitt stengte veger og togavsporing