Hopp til innhold

– Klarer ikkje å tenke på framtida

I eit nesten tomt husvære på Moholt i Trondheim sit Hamideh Kaffash, den iranske NTNU-stipendiaten som må ut av Noreg fordi styresmaktene fryktar at ho driv med teknologispionasje.

Hamideh Kaffash kastes ut av Norge om 11 dager, myndighetene mener kunnskapen hennes kan være en trussel. Både hun og fagmiljøet ved NTNU fortviler.

Hamideh Kaffash har berre nokre dagar att i Trondheim.

Hamideh i leiligheten

Den siste tida til Hamideh har gått med til å selje tinga sine.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Akkurat no er eg ikkje i stand til å tenke på framtida, seier ho.

Billetten heim til Iran er bestilt. Den 15. september reiser ho. Utan å få gjere ferdig det ho starta på, nemleg ein doktorgrad ved NTNU. I verste fall har ho brukt eitt år i Noreg til inga nytte.

Vondt i magen

– Det har vore ti månader under press. Det har vore veldig hardt for meg, eg har hatt mykje vondt i hodet og magen. Særleg i det siste, seier Hamideh.

Da ho kom til Trondheim hausten 2013, var planen at ho skulle bu i byen i tre år for å forske på reduksjon av CO2-utslipp. Ho og fleire andre studentar frå Iran søkte om å få opphaldsløyve.

Det gjekk over eit halvt år før svaret kom, og svaret var negativt. Grunnen som Utlendingsdirektoratet oppga, var at Politiets Tryggleiksteneste (PST) var redde for at studentane ville bruke det dei lærde i Noreg til å lage atomvåpen i heimlandet.

Hamideh og dei andre klaga på vedtaket. Nokre av dei fekk medhald, andre ikkje. Blant dei som ikkje fekk medhald var Hamideh. Saka hennar ligg no hos Utlendingsnemnda. I slutten av august fekk ho brev frå politiet med varsel om at ho må ut av landet.

Måndag 15. september set ho seg på flyet.

Bitter på styresmaktene

Hamideh Kaffash og Robert Fritzsch

Hamideh er glad for venene ho har fått i Noreg. Her saman med Robert Fritzsch i kantina på Gløshaugen.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Eg har ikkje hatt tid til å legge ein plan for kva eg skal gjere når eg kjem til Iran. Truleg må eg kvile meg nokre veker når eg kjem fram, seier Hamideh. Så får eg finne ut kva som skjer.

For det er ikkje slik at ho kom frå ein dårleg situasjon i Iran.

– Eg hadde det godt økonomisk, eg hadde ein god jobb, og eg studerte. Eg kunne fint ha blitt verande der. Men eg bestemde meg for å dra til Noreg for å få eit betre liv.

No må ho forsøke å sjå den lyse sida av situasjonen.

– Eg skal heim til ektemannen min, og eg gler meg veldig til å sjå han att. I tillegg har eg fått verdifull erfaring her i Trondheim og på NTNU, og minst 300 nye vener! Det er ikkje verdas undergang, seier ho.

Men ho er bitter på dei norske styresmaktene.

– Har gjort alt eg kan

Leverer underskrifter til Stortinget

13000 skreiv under på opprop til støtte for studentane som fekk avslag på søknad om opphaldsløyve.

Foto: Privat

– Dei har leikt med framtida mi og karrieren min. Eg representerer ikkje Iran eller regjeringa der, eg er berre ein vanleg person som ikkje har gjort noko gale, seier Hamideh.

– Forskningsprosjektet mitt er fredeleg og miljøvenleg. Eg kan ikkje forstå korfor eg får denne handsaminga i verdas friaste land.

Ho kjenner seg trygg på at ho har gjort alt ho kan for å bli verande.

– Eg har snakka med politikarar som Snorre Valen, Sivert Bjørstad, Per Sandberg og til og med statsminister Erna Solberg. Dei var samde med meg i at situasjonen er uakseptabel. Men ingen ting skjer, seier Hamideh.

Les også: Demonstrerer for iranske studentar

I leilegheita på Moholt i Trondheim er det meste av møbler og kvitevarer borte. Det er gjenklang i stua.

– Eg er i ferd med å selje det siste no. Da eg kom hit for ti månader sidan, måtte eg kjøpe alt, så det er mykje å få unna på kort tid, seier ho.

– Men det ser ut til å ordne seg. No får eg vente på kva Utlendingsnemnda seier om saka mi, seier ho.

Dersom UNE held fast på avslaget som Utlendingsdirektoratet har gitt, vil Hamideh Kaffash og advokaten hennar gå rettens veg med saka.