Hopp til innhold

No blir Hamideh kasta ut av Noreg

Doktorgradsstipendiat og talsperson for dei iranske studentane ved NTNU i Trondheim, Hamideh Kaffash (30), har fått beskjed om å forlate Noreg innan 1. september. Grunnen er at PST fryktar teknologispionasje.

Hamideh Kaffash

Hamideh Kaffash er stipendiat ved NTNU i Trondheim. No må ho forlate byen innan 15. september.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

– Advokaten min har no fått utvida fristen med fjorten dagar, men da må eg dra, seier Kaffash. Eg har dermed fått tid til å pakke tinga mine, men eg førebur meg på å reise innan to og ei halv veke, seier Kaffash til NRK.

– Eg vart sjokkert, og visste ikkje kva eg skulle gjere. Det var berre ei veke frå eg fekk beskjed til eg skulle vere ute av landet, fortel ho.

Kaffash er ikkje ferdig med studia sine ved NTNU. Studietida i Trondheim skulle vare i tre år, men det har berre gått eitt år sidan ho kom hit.

Redde for teknologispionasje

Hamideh Kaffash fekk tidlegare i år avslag på søknaden sin om opphaldsløyve i Noreg. Saman med NTNU sende ho ein anke til Utlendingsdirektoratet før sommaren. Anken vart avslått.

Grunnen til at studentane ikkje får bli i Noreg, er at styresmaktene er redde for at dei skal ta med seg kunnskap om sensitiv teknologi heim til Iran. UDI viser til paragraf 6-35, første ledd, i utlendingsforskrifta. Den handlar mellom anna om forbod mot overføring av sensitiv teknologi til Iran.

Kaffash arbeider med reduksjon av CO2-utslipp innan ferromanganproduksjon, og seier sjølv ho driv med miljøvennleg teknologi.

Ein student har likevel fått medhald i klagen sin, som hadde same innhald som Kaffash sin.

Reiser heim innan fristen

Leverer underskrifter til Stortinget

Hamideh Kaffash og fleire andre som har fått avslag på søknad om opphaldsløyve, samla inn 13.000 underskrifter som dei leverte til Stortinget. Her er det Frps Sivert Haugen Bjørnstad som får nokre av dei.

Foto: Privat

Kaffash har hatt ei form for opphaldsløyve som heiter «early work start» mens ho venta på mellombels opphaldsløyve. Da ho søkte i fjor haust, fekk ho vite at svaret på søknaden ville komme i løpet av tre månader. I staden tok det sju månader, og ho er redd for at tida i Trondheim no har vore bortkasta.

– Utlendingsnemnda (UNE) handsamar no saka vår, og vi må vente til dei avviser klagen på vedtaket frå UDI. Først då kan vi gå til sak, seier Kaffash.

Ho kjem til å reise heim til Iran innan fristen.
– Eg har ein advokat som kan styre saka for meg, og det er betre for meg å dra frivillig til Iran og vente der på avgjerda, seier ho.

– På eitt vis er eg glad for å dra til Iran og treffe familien min og mannen min, men eg vil aller helst gjere ferdig det eg har starta på i Noreg, seier ho.

Gode vener i Trondheim er saman med henne dei siste dagane før ho må dra.

– Eg har hatt ei god tid i Trondheim, NTNU har kjempa for meg, og gjer framleis sitt beste for at eg skal kunne bli. Men styresmaktene har gitt meg den verste tida i heile mitt liv, seier Hamideh Kaffash.

– Aldri før slik sak i Noreg

Advokat Brynjulf Risnes

Advokat Brynjulf Risnes representerer Hamideh Kaffash.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Advokaten er Brynjulf Risnes, som har spesialisert seg innan strafferett og spørsmål knytt til immigrasjon. Han har mellom anna representert den mykje omtalte Maria Amelie, som no har fått permanent opphaldsløyve i Noreg.

Risnes meiner saka til Hamideh Kaffash er heilt spesiell.

– Det har aldri før vore ei slik sak i Noreg. Vi har så langt ikkje sett ei skikkeleg grunngjeving for at ho ikkje skal få opphaldsløyve, og å klage på noko man ikkje veit grunnen til, er vanskeleg, seier han.

Han stadfester at dei kjem til å ta saka til domstolane når vedtaket frå UNE kjem.

– PST har signalisert at dei ikkje vil endre standpunkt, så avgjerda til UNE vil nok vere den same. Men vi må ha eit endeleg vedtak før vi kan gå til sak, seier Risnes.

Han reknar med at det vil ta nokre månader før saka kjem opp. Og Hamideh Kaffash må førebu seg på å vitne i saka via videooverføring frå Iran.

– Skader Noregs ry

Snorre Valen på Stortinget

Snorre Valen representerer SV på Stortinget.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Snorre Valen, stortingsrepresentant for SV i Sør-Trøndelag, har engasjert seg sterkt i saka. Han meiner det er uforståeleg at Noreg utviser studentar som andre land tar imot med opne armar.

– Det er forferdeleg skuffande at regjeringa ikkje har gjort meir for å sikre ei påliteleg og anstendig handsaming av gjestestudentar frå utlandet. Dette skader Noregs ry som utdanningsnasjon, seier Valen.

Saka har tidlegare i sommar fått brei medieomtale i utlandet.