Hopp til innhold

Med fokus på rettferd

Rettferd og fellesskap er viktige kampsaker for Arbeiderpartiets 2. kandidat Gunn Karin Gjul.

Gunn Karin Gjul (Arbeiderpartiet)
Foto: Stortinget

– Ei rettferdig deling, arbeid til alle og satsing på fellesskapsløysingar var viktg for meg då eg valte parti, seier Arbeiderpartiets 2. kandidat i Sør-Trøndelag Gunn Karin Gjul til NRK Trøndelag.

Dei neste fire åra vil Gunn Karin Gjul som opphavleg kjem frå Ørlandet kjempe å nå klimamålet.

– Eg vil sørge for at dei ambisiøse klimamåla om å vere karbonnøytral i 2030 blir omgjort til praktiske handlingar i Noreg, seier Gjul.

Fokus på skule

Når ho skal velje samarbeidspartnarar på Stortinget er det fleire saker som er viktige.

– Eg samarbeidar med parti som vil bruke pengar på skule, helse og omsorg i staden for skattelette. Eg vil helst halde på det raudgrøne samarbeidet med Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Høgre og Framstegspartiet.

Positiv til bom

Gunn Karin Gjul syns det er greit å finansiere vegutbygginga i Trøndelag med bompengar for å få fortgang.

– Bompengefinansiering av vegane på Fosen er initiert frå næringslivet og kommunane på Fosen nettopp med ei grunngjeving om at det vil vere den einaste mulege måten å få bygd nye vegar på i løpet av kort tid.

Ja til rovdyr

Vil du ha meir eller mindre rovdyr i Trøndelag? Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Eg støttar dagens rovdyrpolitikk der vi ønskjer levedyktige stammer av alle dei fire store rovdyra i Noreg.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Eventuelle kommunesamanslåingar må skje frivillig. Kommunane må sjølv ønskje det, seier Gjul.

Send epost til Gunn Karin Gjul (lenke til epost)
Møt Gunn Karin Gjul på Facebook
Besøk Gunn Karin Gjuls Blogspot og VG-blogg