Hopp til innhold

Gullkjeder for ein kvart million kroner «forsvann» på 18 minutt

Smykketjuvane blei stoppa etter ei intens politijakt, kort tid etter at dei hadde stole gullsmykke for 250.000 kroner. Tjuvane er dømde for ranet, men tjuvegodset har ingen sett snurten av.

Her blir dei rumenske smykketjuvane tatt av politiet på E6 utanfor Trondheim.

KJAPT TATT: Dei rumenske smykketjuvane har fortalt i retten at dei kasta gullsmykka ut av bilvindauget på flukt frå politiet. Biletet er frå pågripinga i Malvik, 18 minutt etter ranet.

Foto: Bertil Lærnes

22. august i år tok to kvinner med seg eit brett med gullkjeder frå Gull Galleriet i Ravnkloa i Trondheim. Dei tilsette i gullsmedbutikken sprang etter kvinnene ut på gata.

Der såg dei kvinnene hoppe inn i ein bil med tre andre som venta utanfor butikken.

Politiet vart varsla. På E6 i Grilstadtunnelen, seks kilometer unna, oppdaga Utrykkingspolitiet bilen og la seg på hjul etter den.

Ransbilen køyrde i opptil 125 kilometer i timen og gjorde fleire farlege forbikøyringar. Halvanna mil seinare vart tjuvane stansa på ein sideveg til E6 i Malvik kommune.

Bilen vart nøye undersøkt av politiet. Men ingen av smykka vart funne.

Ved siste varetelling hadde Gullgalleriet disse smykkene i butikken. Brettet ble stjålet i Trondheim i august 2020.

SMYKKEBRETT: Ved siste vareteljing hadde Gullgalleriet desse smykka i butikken. Brettet blei stole i Trondheim i august 2020.

Foto: Politiet

Ingen finnarar har meldt seg

Før ranet i Ravnkloa denne laurdagen hadde tjuvane vore innom to andre gullsmedbutikkar i Trondheim. Her vart dei bedne om å forlate lokala på grunn av mistenkeleg framferd.

Dei to tiltalte kvinnene tilstod tjuveriet først då dei møtte i Sør-Trøndelag tingrett førre veke. Her fortalde dei at ein av mennene kasta smykka ut av bilen under politijakta.

Spørsmålet er om dei snakkar sant? Eller greidde dei i staden å overlevere smykka til nokre andre medsamansvorne i byen før dei køyrde vidare nordover?

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne trur ikkje det. Han viser til at det gjekk berre 18 minutt frå ranet var over til dei mistenkte vart stoppa i Malvik. Normal køyring frå Ravnkloa til Sveberg tek rundt 20 minutt.

– Eg har inga trur på at smykka vart overlevert til andre, seier Schjetne til NRK.

Sidan opplysningane om at smykka var kasta ut gjennom bilvindaugo kom først no, har ikkje politiet leita etter gullet andre stader.

– Vi har heller ikkje mottatt tips om smykkefunn, trass i at saka var mykje omtala i dagane etter hendinga, seier politiadvokat Jannicke Evjen Olsen til NRK.

Bilete av ein gullring til over 36.000 blei funnen på mobiletelefonen til ein av dei tiltalte kvinnene.

FANN BILETE PÅ MOBILEN: Bilete denne gullringen til over 36.000 blei funnen på mobiltelefonen til ein av dei tiltalte kvinnene.

Foto: Politiet

Butikken får ikkje erstatta tapet

Wenche Malvik jobba i gullsmedbutikken då ranet skjedde. Ho freista å hindre tjuvane i å forlate butikken, men vart dytta til side og ramla. I dag seier ho til NRK at ho opplevde hendinga som dramatisk, men at ho ikkje kjende seg truga.

I retten endra også aktor tiltalen frå ran til grovt tjuveri. Det betyr at butikken ikkje får erstatta tapet fordi forsikringa berre gjeld ran.

Butikkekspeditøren bur sjølv i Malvik. Ho synest det er veldig rart at ingen har funne nokre av gullkjeda i området om dei vart kasta her. Ho har sjølv leita på Sveberg, utan å finne noko.

– Vi måtte jo vente til dei tiltalte vart dømde før vi kunne oppmode personar som kan ha funne smykke, om å melde seg, seier Malvik. Ho håper det kan skje no.

Dyre ringar også forsvunne

Åtte dagar før ranet i Trondheim, var dei to kvinnene også på ferde i ein gullsmedbutikk i Hamar.

Her stal dei åtte ringar til ein samla verdi av nesten 200.000 kroner. Ein av ringane var taksert til 60.000 kroner aleine. Tjuveriet skjedde i opningstida, men vart ikkje oppdaga før eit par dagar seinare.

Overvakingskamera utanfor avslørte kvinnene. Den eine hadde kjøpt ein ring på butikken nokre dagar før. Butikken hadde dermed personopplysningar på kvinna. På mobiltelefonen hennar fann politiet fleire bilete av tiltalte der ho har ringane på seg.

Ingen av desse ringane er heller funne.

Desse to gullringane er stole frå Mestergull CC Hamar.

TJUVERI I HAMAR: Åtte gullringar blei stolne på ein gullsmedbutikk i Hamar vel ei veke før ranet i Trondheim.

Foto: Politiet

Dømde til 11 og 10 månader i fengsel

Alle dei fem som har vore innblanda i tjuveriet er frå Romania. Dei vart varetektsfengsla etter at dei vart arresterte i Malvik.

Måndag vart dei to kvinnene dømde til 11 og 10 månaders fengsel. Sju og seks månader av straffa er på vilkår. Sidan dei har sete i varetekt i 95 dagar, er den vilkårslause delen av straffa sona. Det er allereie bestemt at dei to kvinnene blir sende ut av Noreg neste måndag.

Dei to kvinnene har reist mellom Noreg og Romania i fleire år. Begge er tidlegare bøtelagde for narkotika. Den andre kvinna har også ein dom for grovt tjuveri i 2016.

Verksemda deira ligg nært opp til mobil vinningskriminalitet, meiner retten.

To av dei andre i bilen, har tidlegare fått førelegg på 20.000 kroner for medverknad til grovt tjuveri og vart utvist frå Noreg 22. september. Saka mot den tredje i bilen vart lagt bort på grunn av mangel på bevis.