Hopp til innhold

Gler seg til å snakke med folket om bøker

– Eg har hatt ei fantastisk byrjing på reisa med desse to forfattarane, sa kronprinsesse Mette-Marit etter møtet med forfattarane Helga Flatland og Roy Jacobsen på Trondheim Bibliotek.

Kronprinsessen starter årets Litteraturtog i Trondheim

H.K.H Mette Marit og forfattarane

H.K.H kronprinsesse Mette- Marit møtte forfattarane Roy Jacobsen og Helga Flatland på Trondheim Bibliotek tysdag.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Kronprinsessa la tysdag ut på ei ny litteraturreise. Men før ho gjekk om bord på toget frå Trondheim hadde ho eit litterært møte med forfattarane Helga Flatland og Roy Jacobsen. Temaet på Trondheim Bibliotek var dei sjølvbiografiske bøkene på biblioteket, og kronprinsessa var nøgd etter møtet.

– Det var ein fantastisk start på reisa. No gler eg meg til å reise vidare og møte folket. Eg gler meg til å snakke med folk om kva dei leser og korleis dei leser, sa H.K.H kronprinsesse Mette-Marit.

Mette Marit på Trondheim bibliotek

H.K.H Mette-Marit under forfattarmøte på Trondheim Bibliotek tysdag.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Togreise

H.K. H Mette Marit før togreisa

Her møter H.K.H kronprinsesse Mette Marit forfattarane Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg før ho går om bord på litteraturtoget til Oppdal.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Like før klokka 10 tysdag morgon gjekk ho om bord på toget på Trondheim sentralstasjon, der reisa går vidare til Oppdal, Ringebu, Hamar og til slutt Lillehammer. På Lillehammer skal H.K.H kronprinsesse Mette-Marit opne Norsk Litteraturfestival.

I toget er den eine vogna bygd om til bibliotekvogn og vogna er fylt med favorittbøkene til kronprinsessa.

– Det blir to flotte dagar på toget, heldt H.K.H kronprinsesse Mette-Marit fram før togreisa.

I Oppdal er temaet for møtet med forfattarane Harald Rosenløw Eeg og Tore Renberg ungdomstid.

Viktig å presentere litteraturen

H.K.H Mette Marit og ordførar i Trondheim Rita Ottervik

H.K.H kronprinsesse Mette-Marit helser på ordførar i Trondheim Rita Ottervik før avreise til Oppdal.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

Forfattaren Roy Jacobsen var oppteken av kor viktig det er å snakke om litteratur etter møtet med kronprinsessa.

– Det er veldig fint. Me har no ein ekstremt god moglegheit til å presentere litteratur og det gjer eg med glede, sa Jacobsen.

Og forfattarkollega Helga Flatland var samd.

– Eg tykkjer det er flott. Og eg er glad for at kronprinsessa har lyst til å fronte litteratur på denne måten, sa Flatland.

Ulike generasjonar

Kronprinsessa var oppteken av kor viktig det er å samtale med forfattarar av to ulike generasjonar på Trondheim Bibliotek.

– Det er fint å kunne samtale med forfattarar som skriver om identitet frå to ulike generasjonar. Det har vore eit flott møte, sa H.K.H kronprinsesse Mette-Marit.

Etter forfattarmøtet på Oppdal går ferden vidare sørover. Kronprinsessa skal vidare møte forfattarane Ida Hegazi Høyer og Maria Navarro Skaranger. Dei skal snakke med kronprinsessa om røter og identitet på Biblioteket i Hamar. Kronprinsessa skal møte ti norske forfattarar i løpet av den to dagar lange reisa.