Hopp til innhold

Med rovdyr på agendaen

Arbeiderpartiets 1. kandidat i Nord-Trøndelag meiner det er grunn til å vere uroleg over rovdyrsituasjonen i heimfylket.

Arbeiderpartiets fraksjonsleder i Utdanningskomiteen på Stortinget, Gerd Janne Kristoffersen
Foto: Sissel Rikheim / NRK

Spesielt har sørsamane sin situasjon vore tema i det siste.

I Nord-Trøndelag Arbeiderparti har spørsmålet kring bestandsmålet blitt tatt opp fleire gonger.

– Målet står framleis fast. Vi er no opptatt av at leiinga av rovdyrpolitikken skal vere mest muleg lokal og at skadedyr raskt blir tatt ut, seier Gerd Janne Kristoffersen til NRK Trøndelag.

Ho legg til at dette er eit svært viktig spørsmål i Nord-Trøndelag og at det difor blir fulgt opp kontinuerleg og vil vere eit sentralt tema på møtekartet når statsrådar kjem på besøk i valkampen.

Inga tru på tvang

Arbeiderpartipolitikarane meiner fleire kommunar i Trøndelag burde diskutere om dei skal slå seg saman for å sikre eit godt helse- og omsorgstilbod, ein god skule, eit godt barnevern og gode tenester elles.

– Men eg trur ikkje på ei tvangssamanslåing, seier Kristoffersen.

Korleis stiller du deg til å finansiere vegutbygginga i Trøndelag med bompengar?

– For å kunne bygge ut vegane i Trøndelag så raskt som vi ønsker, må vi i tillegg til finansiering over statsbudsjettet, bruke bompenger som verkemiddel.

Arbeid til alle

For Gerd Janne Kristoffersen var det likestillingspolitikk, arbeidslivspolitikk og fellesløysingar for dei viktigaste velferdstenestene som blei avgjerande for at ho blei arbeiderpartipolitikar.

Dei neste fire åra vil ho kjempe for fleire saker.

– Arbeid til alle. Unngå ei svekking av Arbeidsmiljølova, samt sikre heiltid til alle som vil ha de og sikre fellesløysingar for velferdstenestene våre.

I val av samarbeidspartnarar er det viktig med same haldning til dei sakene Arbeiderpartiet set høgst. Ho samarbeider helst med Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, og helst ikkje med Framstegspartiet.

Send epost til Gerd Janne Kristoffersen
Møt Gerd Janne Kristoffersen på Facebook