Hopp til innhold

Saksøkt for å jakte ved eigen gard – baserer seg på 150 år gammalt brev

Geir Håvard Hjelde er saksøkt av Værdalsbruket med Bjørn Rune Gjelsten, ein av Noregs rikaste, i spissen.

Geir Håvard Hjelde med magen ryper i hendene. En hund ligger på gresset.

SAKSØKT: Geir Håvard Hjelde er saksøkt for å drive med rypejakt i eit område familien har jakta i 150 år.

Foto: privat

Eg kan ikkje la dette passere fordi Gjelsten kjem, ein mangemilliardær. Han kunne kjøpt ti advokatar mot meg. Eg kan ikkje akseptere at den retten forsvinn utan kamp.

Det seier Geir Håvard Hjelde til NRK.

Han er saksøkt av Bjørn Rune Gjelsten sitt selskap Værdalsbruket for å jakte på eit område dei meiner han ikkje har rett til å jakte på.

Men Hjelde bur på ein gard som har vore i familien i 150 år. Og med garden meiner han det følger ein rett til å jakte på nettopp dette området, kjent som Jurdal og Væren allmenning.

– Gjelsten saksøker ein liten mann og det er ubehageleg, legg Hjelde til.

Hjelde ville gå til mekling med Gjelsten, men det ville ikkje skogeigarselskapet.

I 1912 kjøpte Værdalsbruket eit område frå kommunen der Jurdal og Væren allmenning ligg.

Skogeigarselskapet meiner Hjelde ikkje har rett til å jakte her og grunngjev det i ei jaktlov frå 1899 og eit brev frå 1874.

Kart som viser hvor stort areal Værdalsbruket eier i Verdal kommune.

Værdalsbruket eig 58 prosent av Verdal kommune. Det er områda innanfor dei svarte linjene.

Foto: Skjermdump / AS Værdalsbruket

Bygselbrev frå 1874

Begge partane trekk fram eit bygselbrev frå 1874. Bygselbrevet er ein leigekontrakt mellom grunneigar og tippoldefaren til Hjelde, som var leiglending.

Då hadde tippoldefaren jaktrett.

Partane er ueinige i om jaktretten følger garden der Hjelde bur no når Værdalsbruket eig området han jaktar i.

Skal me kontakte Lilli Bendriss for å få hjelp til å vekke dei døde frå grava for å få bistand til å greie på kva partane meinte i 1874?

Det spør advokat Steinar Mageli som representerer Hjelde i rettssaka før han konkluderer med at det er dei skriftnære kjeldene som må brukast.

Avskrift av bygselbrev frå 1874.

Avskrift av bygselbrevet frå 1874.

Foto: privat

Meinte partane at det skulle stiftast ein evigvarande særrett til denne eigedommen?

Det spør advokat Guri Uvsløkk Vagnildhaug som representerer Værdalsbruket i saka.

Ho meiner det ikkje er grunnlag for å seie at jaktretten framleis gjeld mellom anna fordi det var ein leigekontrakt. Men Hjelde er ueinig.

Les også Gjelsten kjøper nesten 60 prosent av trøndersk kommune

Bjørn Rune Gjelsten

Særrett til jakt?

I 1929 kjøpte oldefaren til Hjelde garden og jaktretten følgde med.

– Då står det at me kjøper garden med tilhøyrande rettigheiter i fjellet, legg Hjelde til.

Men Værdalsbruket som kjøpte jaktområdet i 1912, meiner dette ikkje gjeld på grunn av ei jaktlov frå 1899.

Værdalsbruket er av den klare oppfatning at det ikkje var stifta noko særrett til jakt, seier Uvsløkk Vagnildhaug.

I lova frå 1899 kom det eit forbod mot å skilje jaktrett frå eigedomsrett. Og sidan Værdalsbruket eig området det blir jakta i meiner selskapet at berre dei har jaktrett her.

– Værdalsbruket vrir seg unna, seier Mageli i retten.

Værdalsbruket er Noreg sitt nest største private skogeigarselskap. Selskapet eig 58 prosent av heile Verdal kommune.

– Det burde ikkje vere noko problem å få jakta, det er enorme område, seier Hjelde.

Værdalsbruket vil ikkje kommentere saka utover det som er sagt i retten.

Guri Uvsløkk Vagnildhaug og Steinar Mageli i Trøndelag tingrett.

Advokatane Guri Uvsløkk Vagnildhaug og Steinar Mageli på kvar si side av søksmålet i Trøndelag tingrett.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Les også Flere vil jakte småvilt: Sindre (20) er en av de ivrige

Jeger Sindre Snøtun fra Nittedal