Hopp til innhold

Frivillige leitar vidare

Politiet har slutta å leite etter 59 år gamle Torbjørn Foss i Meråker, men frivillige held fram utover dagen.

Leiteaksjon i Sonfjellet i Meråker
Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Vi har sagt at vi vil halde på til vi finn han og vi har eit heilt klart håp om å finne han i live, seier Geir Falck Andersen som er ansvarleg for dei frivillige til NRK Trøndelag.

Sjå video her .

59 år gamle Torbjørn Foss frå Stjørdal blei meldt sakna klokka 2230 søndag kveld, etter at han ikkje kom heim frå ein tur i Torsbjørkdalen i Meråker.

Les også: Leitar med full styrke

Rundt midnatt mandag blei bilen til mannen funnen i Mannsæterbakken. Det har vore utgangspunktet politiet og frivillige leitemannskap har gått etter i fleire dagar.

Små sjansar

Torsdag føremiddag leitte nitti personar og to hundar etter 59-åringen som etter mannen. Trass intens leiting med i fire dagar har ikkje politiet fått nye spor å gå etter.

Torsdag kveld bestemte politiet seg for å avslutte leitinga etter 59-åringen.

– I går henta vi inn ein del sakkunnige vurderingar frå medisinsk hald og dei vurderer sjansen for å finne mannen i live som lik null etterkvart. Det betyr at vi trappar ned søket etter den sakna personen, seier Sigbjørn Bjerkem som er konstituert politimeister i Nord-Trøndelag.

Takksam for hjelpa

Familie, vener og frivillige har leita dag og natt etter Torbjørn Foss. For familien betyr hjelpa dei har fått gjennom veka svært mykje.

– Det er ei uvurderleg hjelp. Vi er kjempetakksame for alle som har stilt opp. Eg har ikkje ord og hjelpa varmar veldig i ein slik situasjon. Vi er takksame for kvar meter som er gått, seier Mari Foss som er dotter til 59 år gamle Torbjørn Foss til NRK Trøndelag.

Omfattande leiting

Politiet har i løpet av veka søkt etter mannen med både hundar, helikopter og store letemannskap, men utan resultat.

Mannen var ute for å ta naturbilete då han forsvann. Han hadde på seg dongeribukse og t-skjorte og var ikkje utstyrt for å overnatte i fjellet.

Den private leiteaksjonen held fram gjennom helga.

– Vi held fram med å leite utover i dag til vi har brukt opp energien. I morgon og søndag startar vi opp igjen klokka 0900. Vi oppmodar alle som kan til å komme å hjelpe oss og leite, seier Geir Falck Andersen.

Har du tips i saka kan du kontakte politiet på telefonnummer 02800.