Hopp til innhold

Leitar med full styrke

Nitti personar og to hundar leitar i dag vidare etter ein 59 år gamal mann som er sakna i fjellet i Meråker.

Leiteaksjon i Sonfjellet i Meråker
Foto: Jøte Toftaker / NRK

Mannen blei meldt sakna søndag kveld i 2230-tida, då han ikkje kom tilbake etter ein fjelltur.

Det er ikkje funne nye spor etter mannen og politiet vurderer fortløpande kor lenge dei skal halde fram å leite med full styrke.

– Vi har ikkje diskutert å trappe ned leitinga, men vi har helde på så lenge at det kjem til å bli eit tema om ikkje så altfor lenge, seier operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt, Svein Olav Bruun, til NRK Trøndelag.

Les også: Håper å finne 59-åring i live
Les også: Gir ikke opp søk etter 59-åring

Rundt midnatt, natt til mandag blei bilen til 59-åringen funnen i Mannsæterbakken. Det gav leitemannskapa ein peikepinn på kvar mannen kunne vere, men så langt har leitinga vore resultatlaus.

– Bilen har heile vegen vore utgangspunktet vårt for kvar vi leitar, seier Bruun.

Mannen var ute for å ta naturbilete då han forsvann. Han hadde på seg dongeribukse og t-skjorte og var ikkje utstyrt for å overnatte i fjellet.

Har du tips i saka kan du kontakte politiet på telefonnummer 02800.