Hopp til innhold

Frifunnen for valdtekt i gapestokk

Mannen i 40-åra blei dømt til ni år i fengsel for å ha valdteke to kvinner. No er han frifunnen for valdtekta mot ei av kvinnene, men vurderer å anke til høgsterett.

gapestokk- brukt i BDSM- og eid av tiltalte i voldtektssak i Trøndelag tingrett 2023

GAPESTOKK: Mannen er frifunnen for valdtekt av sambuaren medan ho var fastlåst til gapestokken.

Foto: Politiet

– Han er glad for at straffa er meir enn halvert, men har er ikkje i mål enno. Han er ikkje fornøgd med at han er dømt for dei eine valdtekta.

Det seier forsvarar til mannen, advokat Mette Yvonne Larsen til NRK.

Straffa er redusert frå ni år til fire år og to månader i fengsel.

Mannen blei i Frostating lagmannsrett frifunnen for å ha valdteke sambuaren sin, men er framleis dømt for valdtekt av den andre kvinna.

Les også Valdteken i gapestokk tre gonger – tiltalte dømd til ni år i fengsel

gapestokk- brukt i BDSM- og eid av tiltalte i voldtektssak i Trøndelag tingrett 2023

Vurderer å anke til høgsterett

– Han er veldig fornøgd med dommen frå lagmannsretten og i alle fall det at han er frifunnen, seier Larsen.

Men dei er ikkje einig i at mannen skal domfellast for valdtekt mot den andre kvinna.

– Han er ikkje fornøgd med at han er dømt for den eine valdtekta.

Difor vurderer forsvararen og mannen om dei skal ta saka vidare igjen.

– Me driv no i denne augneblinken og ser på om det er mogeleg å bringe saka vidare til høgsterett.

Forsvararen stiller seg kritisk til korleis etterforskinga har føregått i saka mot 40-åringen.

– Han er jo glad for at han har blitt trudd på, at han ikkje er ein som valdtek sambuaren sin. Men at dei har praktisert ei form for sex som er litt uvanleg for andre, legg forsvararen til.

NRK har forsøkt å komme i kontakt bistandsadvokaten til kvinnene utan hell.

Les også Sikta for å ha valdteke fire kvinner: – Horribelt, seier mannen i 40-åra

Trondheim tinghus

Meiner han ikkje er skuldig i valdtekt

Heilt sidan han vart arrestert og varetektsfengsla i april i 2022, har tiltalte halde fast ved at han ikkje er skuldig i valdtekt.

Han la ikkje skjul på at han hadde eit aktivt seksualliv med fleire kvinner der det også vart praktisert BDSM-sex.

–Det var frivillig, men røff sex, sa sikta då han forklarte seg i fengslingsmøte i mai 2022.

Det sentrale bevistemaet for lagmannsretten har vore om fornærma gav samtykke til BDSM-sex i form av eit avtalt stopp-ord.

Ordet var «raudt» ifølge mannen.

I lagmannsretten gjekk dommarane gjennom fleire videoar, men stopp-ordet blei aldri brukt.

Kvinnene meiner dei ikkje kjente til dette ordet.

Men lagmannsretten meiner det er tilstrekkeleg tvil om det er eit overgrep eller ein form for eit avtalt spill, står det i dommen.

Eit nytt videoopptak gjer at lagmannsretten meiner det er tilstrekkeleg tvil om det var valdtekt av sambuaren.

Sambuaren var fastlåst til ein gapestokk ved dei tre høva mannen no er frifunnen for.

Det var Adresseavisen som omtalte frifinninga først.

Bestemmande mindretal førte til frifinning

Les også Valdtektssikta hadde skjulte kamera på «sexromet» i huset

Kolbjørn Margido Lium, Vegard Aaløkken og forsvarer Erik Vatne under fengslingsmøtet i en voldtektssak i Trondheim i august 2022.

I lagmannsretten var dommarane ueinige i om det var samtykke mellom mannen og sambuaren.

Eit bestemmande mindretal, to fagdommarar og ein meddommar, meiner at mogelegheita for at det var samtykke mellom partane gjer at mannen skal frifinnast for forsettleg valdtekt.

Fire meddommarar meiner at ein munnleg avtale om BDSM-sex mellom partane kan utelukkast. Men samstundes meiner dei fire at ein ikkje kan utelukke at mannen oppfatta at det var ein avtale med samtykke.

Difor blir mannen frifunnen for valdtekt av sambuaren og gapestokken blir ikkje inndratt.

Mannen er framleis dømt for ei valdtekt til samleie mot den andre kvinna og for seksuell krenkande åtferd.

Han må også betale erstatning 240.000 kroner til kvinna han er dømt for å ha valdteken og 175.000 kroner til sambuaren.