Hopp til innhold

Sikta for å ha valdteke fire kvinner: – Horribelt, seier mannen i 40-åra

Mannen i 40-åra seier sexen han hadde med dei fire fornærma var frivillig. Han meiner skuldingane frå kvinnene er hemn, men legg ikkje skjul på at han hadde eit svært aktivt seksualliv.

Trondheim tinghus

TRONDHEIM TINGHUS: Den sikta møtte i fengslingsmøte nummer i dag.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Tysdag ettermiddag vart han varetektsfengsla i nye fire veker med brev- og besøksforbod.

Tidlegare på dagen forklarte han i fengslingsmøtet.

Sikta for to nye valdtekter

Mens mannen har sete i varetekt, har to nye kvinner i Trondheim meldt seg for politiet og fortalt at sikta også har valdteke dei. I tillegg er han mistenkt for seksuelle overgrep mot fire andre kvinner, opplyser politiet.

Saka starta med at politiet vart tilkalla etter melding om feststøy frå bustaden til sikta på morgonen 10. april.

Han vart pågripen og sikta for å ha fleire ulovlege våpen og ei mindre mengde narkotika.

Same kvelden fortalde han til politiet at han også hadde hatt seksuell omgang med ei kvinne på festen. Då vart han også sikta for valdtekt av henne.

Før fengslingsmøtet 12. april vart siktinga utvida til nok ei fornærma. Denne kvinna budde sikta i lag med nokre månader fram til februar 2022.

Etter førre fengslingsmøte melde to nye kvinner seg for politiet. Begge meiner sikta også valdtok dei.

Måndag ettermiddag fekk mannen vite om den fjerde kvinna.

Sikta meiner skuldingane er hemn

I fengslingsmøtet tysdag gjentok han det han har sagt heile tida:

Eg har ikkje valdteke nokon.

Han forklarte seg i detalj om kva som hadde skjedd mellom han og dei fire kvinnene. Tre av dei hadde vore på fest hos han.

To av forholda skal ha skjedd for halvtanna år sidan.

To av dei fornærma hadde han berre seksuell omgang med ein gong.

– Eg føler meg litt lurt, sa sikta.

– Eg har aldri gjort noko gale mot N.N. (namn på kvinna som sikta hadde sex med «mange, mange gonger» ifølgje han sjølv.)

Han kalla det «horribelt» å bli skulda for valdtekt.

– Her må etterforskarane gjere jobben sin, sa han.

Les også Fleire våpenbeslag under politiaksjon i Trondheim

Politihuset i Trondheim

Mannen har tidlegare vore etterforska for to valdtekter mot andre fornærma, men desse sakene er lagt bort av politiet.

I retten la han ikkje skjul på at han hadde eit aktivt seksualliv, ofte innblanda med fleire kvinner parallelt.

Nokre av kvinnene likte det sikta kalla «røff sex» også med å bli bundne fast, men alt var frivillig, ifølgje sikta.

Det var han som bad den tidlegare sambuaren om å flytte ut, fordi ho vart så «sur» ifølgje sikta.

Dei har også hatt kontakt etterpå for å freiste å kome i lag igjen, fortalde han.

Sikta meiner skuldingane er hemn for konfliktar i venegjengen og for at han ikkje ville ha eit skikkeleg forhold til eit par av jentene.

Mange festar med mykje drikke

Det var ofte mange gjester i huset til sikta. Gjestene kunne forsyne seg sjølv med drikke og det var alltid ei god stemning.

Sikta kalla den «fenomenal» og viste til festvideoar som politiet også har.

Mannen i 40-åra snakka med høg og tydeleg stemme då han detaljert gjekk gjennom det han er sikta for. På bordet framfor han låg mykje papir med notat. Gjennomgangen hans tok over ein time i fengslingsmøtet.

Der oppga han også namn på fleire som kan vitne om kva som skjedde på festane og om konflikten som skal ha vore i det han omtala som «venegjengen».

Kvinna som han hadde mykje sex med, men som ikkje han budde i lag med, omtala han som ei som var «glad i alkohol, mykje alkohol.»

Han var likte sjølv å feste og drakk ein del alkohol. Men avviste at han var «overstadig rusa» og ikkje visste kva som skjedde.

Vil ikkje vete kva dei fornærma har forklart

Sikta meiner han frå første dag har forklart seg om alt politiet vil vete. Han har gitt politiet tilgang til alt han har av datamaskiner og mobil. Han sa han alltid lagrar meldinga frå Snapchat og at desse vil vise korleis han har kommunisert med dei fornærma.

Kvinnene er avhøyrde, men sikta vil ikkje vete kva dei har forklart.

Aktor, politiadvokat Line Novstad Klungreseth bad om fire nye veker i varetekt for mannen. Ho viste til at sikta kan påverke vitne og tekniske bevis om han blir sett fri.

Forsvarer Kolbjørn Lium meinte klienten hans vil øydeleggje si eiga sak om han freistar å kontakte vitne eller fornærma.

Kolbjørn Lium

FORSVARER: Kolbjørn Lium bad om at sikta blir sett fri frå varetekt.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Politiet viser også til faren for at sikta kan utføre nye straffbare handlingar om han blir sett fri no.

Lium meiner dagleg meldeplikt og rusprøve av sikta hos politiet vil vere nok.

Kritiserte politiet for å be kvinner melde seg

To dagar etter at sikta var pågripen, sende politiet ut ei pressemelding der dei bad eventuelle andre fornærma om å melde seg.

– Dette er i strid med uskuldspresumpsjonen om at ein person er uskuldig inntil han blir dømd, sa Lium.

Han meiner politiet med dette antyda at sikta var skuldig i dei to valdtektene som då vart etterforska.

Aktor kommenterte ikkje dette i retten.

Sikta har delvis erkjent å ha nokre ulovlege våpen i huset. Det var delvis arvegods som han ikkje hadde registrert.

Han seier og at narkotikaen som vart funnen ikkje var hans, men noko som låg igjen frå gjester. Sjølv bruker han ikkje narkotika, har han forklart før.

Trøndelag tingrett oppheva referatforbodet som gjeld i fengslingsmøte etter ønske frå NRK.