Hopp til innhold

Valdteken i gapestokk tre gonger – tiltalte dømd til ni år i fengsel

Ein mann i 40-åra i Trondheim er dømd til ni år i fengsel for å ha valdteke to kvinner. Den eine var fastlåst i ein gapestokk under overgrepa.

gapestokk- brukt i BDSM- og eid av tiltalte i voldtektssak i Trøndelag tingrett 2023

Sambuaren vart valdteken tre gonger mens ho var fastlåst til gapestokken, ifølgje tiltalen.

Foto: Politiet

Domen er eitt år strengare enn aktors påstand på åtte års fengsel.

Tiltalte kjem til å anke domen til lagmannsretten, får NRK opplyst hos forsvarer.

Retten:- Kvinne fylt av åpenbar frykt

Heilt sidan han vart arrestert og varetektsfengsla i april i fjor, har tiltalte halde fast ved at han ikkje er skuldig i valdtekt. Han la ikkje skjul på at han hadde eit aktivt seksualliv med fleire kvinner der det også vart praktisert BDSM-sex.

–Det var frivillig, men røff sex, sa sikta då han forklarte seg i fengslingsmøte i mai i fjor.

Trøndelag tingrett trur ikkje på tiltalte si forklaring om at dette var frivillig heile vegen.

Alene bedømt ut fra videofilmene som viser overgrepene i realtid, holder retten det å være helt utenkelig at man står overfor noe skuespill, en BDSM-lek, noen frivillig underkastelse eller lignende fra N.N.(fornærma) sin side. Videofilmene skildrer en kvinne fylt av åpenbar frykt, angst og utpreget stor hjelpeløshet.

Trøndelag tingrett

Les også Sikta for å ha valdteke fire kvinner: – Horribelt, seier mannen i 40-åra

Trondheim tinghus

Saka vaks under etterforskinga då fleire kvinner melde seg for politiet. På eit tidspunkt var han sikta for åtte valdtekter mot fem ulike kvinner i Trondheim.

Fleire av sakene vart lagt bort i mangel på bevis.

Han vart tiltala for å ha valdteke ei kvinne ein gong, og sambuaren sin tre gonger.

I husværet hadde han eit eige rom som han kalla «sexrommet».

Her var det ein gapestokk der kvinnene kunne låsast fast.

Dei to fornærma kvinnene samtykka til sex, men tiltalte gjekk lenger enn det som var avtalt, ifølgje tiltalen.

Sambuaren var låst fast til gapestokken ved alle dei tre høva.

Kolbjørn Lium, forsvareren til den tiltalte, noterer på en ark i en ringperm

Forsvarer Kolbjørn Lium opplyser til NRK at tiltalte kjem til å nake domen til lagmannsretten.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Filma utan at kvinnene visste om det

Under etterforskinga fann politiet fleire skjulte små kamera på «sexrommet». Nokre var fastmonterte, andre kunne flyttast på.

Eitt av kamera var på undersida av gapestokken, eit anna på ein lyskastar ved sidan av.

Opptaka lagra tiltalte på server. Om lag 1000 timar med film vart funne der.

Under rettssaka fekk tingretten sjå fire av videoane med fornærma og tiltalte. Det som visast der er delvis også skildra i tiltalen.

Tiltalte fortalde ikkje kvinnene om den skjulte filminga på «sexrommet». Derfor vart han også tiltalt for seksuelt krenkande framferd mot tre kvinner som er filma, noko han tidleg erklærte seg skuldig i.

Les også Valdtektssikta hadde skjulte kamera på «sexromet» i huset

Kolbjørn Margido Lium, Vegard Aaløkken og forsvarer Erik Vatne under fengslingsmøtet i en voldtektssak i Trondheim i august 2022.

Høyrer ikkje noko stopp-ord på videoane

Tiltalte forklarte at det alltid var avtalt eit stopp-ord mellom partane når dei hadde sex. Ordet var «raudt» i følgje tiltalte. Ingen av kvinnene som vitna kjende til dette.

Sambuaren som var fastlåst forklarte i retten at ho heller ikkje visste korleis ho sjølv kunne kome seg ut av gapestokken, slik tiltalte meinte var tilfelle.

Andre videoer viser kvinner som låser seg ut av gapestokken. Dette kan ikkje brukast som bevis for at sambuaren visste korleis ho skulle gjere det.

At fornærma frivillig plasserte seg i gapestokken kan heller ikkje føre til lågare straff, påpeikar retten.

Handlingene er usedvanlig grove og kan vanskelig karakteriseres som noe annet enn rystende handlinger. Etter rettens syn opptrådte tiltalte på en nær sadistisk måte og behandlet fornærmede nedverdigende.

Trøndelag tingrett

Tiltalte må betale 300 tusen kroner i oppreisningserstatning til den tidlegare sambuaren og 240 tusen kroner til den andre fornærma kvinna.

Stort beslag av skjulte kamera

Politiet fann mange små kamera då dei ransaka husværet til tiltalte, dei fleste på sexrommet.

Som ein del av domen blir desse inndregne til Staten.

Tiltalte hadde mellom anna briller, flaske, USB-leidningar, ladekablar, røykvarslar, klesknaggar, bilnøklar, minnepinnar, klokker og lyspære med kamera.

Også eit jakkemerke, såkalla button, med smilefjes hadde eit skjult kamera, viser lista.