Hopp til innhold

Valdtektssikta hadde skjulte kamera på «sexromet» i huset

Kvinnene visste ikkje at sikta hadde fleire kamera som filma dei mens dei var i lag med den sikta på «sexromet» hans. No går politiet gjennom over 1000 timar med videofiler for å finne ut kva som skjedde.

Kolbjørn Margido Lium, Vegard Aaløkken og forsvarer Erik Vatne under fengslingsmøtet i en voldtektssak i Trondheim i august 2022.

Dei tre forsvararane Kolbjørn Lium, Vegard Aaløkken og Erik Vatne i fengslingsmøtet i valdtektssaken i Trondheim fredag.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Mannen er sikta for å ha valdteke fem kvinner. Framleis etterforskar politiet om seks andre kvinner er utsette for overgrep frå sikta.

Han har fortalt om «røff sex», men at kvinnene var med på det.

Kvinner vart filma i skjul på «sexromet»

Den sikta i 40-åra har omfattande kameraovervakning både utanfor og inne i huset sitt i Trondheim.

Sikta sa i fengslingsmøtet fredag at han har synlege kamera i nesten alle rom.

6700 videofiler, med ei speletid på 1100 timer, er funne på lagringseiningar som politiet tok beslag i tidleg i saka.

Sjølv om politiet ikkje har gått gjennom heile videomaterialet enno, er det svært mykje som tyder på at størsteparten av videoane er frå det sikta har kalla «sexromet».

Les også Sikta for å ha valdteke fire kvinner: – Horribelt, seier mannen i 40-åra

Trondheim tinghus

Sikta påpeika at mengda med video ikkje er unaturleg, sidan det var så mange kamera som «stod og gjekk».

Men i «sexromet» er dei fem-seks kamera skjulte, mellom anna i røykvarslar.

Han har tidlegare fortalt om interessa si for seksuelle rollespel med dominans og underkasting.

På spørsmål frå aktor kvifor sikta har så omfattande kamerovervaking, svarte sikta at det både er for å ha minne frå festar og for å hindre innbrot.

– Openbert at det ein ser på videoen er eit seksuelt overgrep

Det var ofte mange gjester i huset til sikta i Trondheim. Gjestene kunne forsyne seg sjølv med drikke og sikta kalla stemninga «fenomenal» i eit tidlegare fengslingsmøte. Der viste han også til «festvideoar».

Politiet har enno ikkje gått gjennom heile det omfattande opptaksmaterialet.

Men aktor, politiadvokat Ole Andreas Aftret, meiner videoane saman med forklaringar frå kvinnene, er viktige bevis i etterforskninga:

– Det er openbert at det ein ser på videoen er eit seksuelt overgrep.

Spørsmålet er om dette var eit avtalt rollespel, slik sikta meiner, påpeika aktor.

– Politiet har eit sjeldant godt utgangspunkt for å oppklare saka på grunn av alle videoane, seier Aftret til NRK.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret er aktor i en voldtektssak i Trondheim.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret i fengslingsmøtet i fredag.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ikkje bra å filme kvinnene utan at dei visste det

Sikta sa i fengslingsmøtet at han i ettertid har skjønt at det ikkje var bra å filme kvinnene i skjul. Dette var noko han byrja å tenkje på då han vart varetektsfengsla i april.

– Men videoane bidreg også til å sannsynleggjere det som faktisk har skjedd og om det har skjedd straffbare forhold.

Det seier Erik Vatne, ein av forsvararne for sikta til NRK.

Politiet ba om fire nye veker i varetekt for sikta. Faren for at han skal gjere nye overgrep, er til stades, meiner politiet.

Aktor viste også til ei fersk rettspsykiatrisk undersøking av sikta for å underbygge faren for gjentaking.

Sikta avviser det meste av det dei sakkunnige har kome fram til så langt.

Saka starta i april etter meldingar om feststøy frå huset hans. Politiet sikta han då for å ha fleire ulovlege våpen og ei mindre mengde narkotika.

Same kvelden fortalde han til politiet at han hadde hatt seksuell omgang med ei kvinne på festen. Då vart han sikta for valdtekt av henne.

Fare for gjentaking

Sikta har sagt seg seg til å melde seg kvar dag for politiet i Trondheim om han slepp fri frå varetekt.

Fredag ettermiddag bestemte Trøndelag tingrett at sikta framleis skal site i varetekt i nye fire veker.

Retten viser også til erklæringa frå dei sakkunnige om personlegdomstrekk ved sikta som gjer at han framleis bør sitte i varetekt:

Etter rettens syn er erklæringen med på å underbygge at det fortsatt foreligger en slik høy gjentakelsesfare som loven omhandler.