Hopp til innhold

Foreldre til mobbar: – Trondheimsskulen skaper taparar

Dottera deira på 14 er ein av ungdomane som spreier frykt blant jamaldrande i Trondheim. Ho vart sjølv mobba før ho hamna i eit miljø som kommunen ikkje har klart å handtere.

Jentevold

Her blir mindreårige utsett for uprovosert vald på et toalett på ein burgerrestaurant i Trondheim. Snapen NRK har fått tak i viser kvelartak og knyttneveslag mot andletet. Valden forskrekkar også foreldra til dei som går til åtak på andre mindreårige.

Foto: Skjermdump fra Snapchat

– Det skremmer meg at dei som skal forstå seg på dette verkar å vere så kunnskapslause. Vi foreldre har stått på døgnet rundt for å passe på at ho ikkje stikk av, skader andre eller seg sjølv.

Orda kjem frå far til «Elise», ei av jentene som har fått merkelappen «mobbar» i debatten rundt uroa ved fleire ungdomsskular i Trondheim.

Tek fullstendig avstand frå det dottera er med på

NRK møter mor og far heime i huset deira i Trondheim. Dei har gått med på å fortelje om kampen dei har hatt med «Elise» siste året. Men dei vil vere anonyme. Serleg dei siste par vekene har vore tøffe etter at NRK fortalde om valdsepisodane som har skjedd på byen.

– Vi tek fullstendig avstand frå valden dottera vår er med på. Då ein annan viste oss snappane dagen etter det hadde skjedd, gret eg og vart fortvilt, seier mor. Tårene sit i augekroken. Ektemannen tek over:

– Det er inga orsaking for slik framferd mot andre. Eg vart sjokkert og forbanna.

Hender

Foreldra til «Elise» er takknemlege for at dei er to som kan støtte kvarandre.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Foreldra har i periodar teke mobiltelefonen frå «Elise» for å minske kontaktflata hennar. Dottera har også forbod mot å dra til Midtbyen der serleg miljøet rundt Trondheim torg lokkar.

Eit miljø som faren meiner kommune og politi gjer alt for lite for å kontrollere. Foreldra har gitt vektarane bilete av dottera slik at dei kan ringast om ho dukkar opp i sentrum. Ungar heilt ned i 10-årsalderen vankar her, saman med rusmisbrukarar.

– Ei omsorgsfull jente som brått endra seg

På barneskulen var «Elise» ei vanleg jente, omsorgsfull og utan teikn til å vere valdeleg, ifølgje mor. Så byrja dottera på ungdomsskulen. (NRK har valt å utelate namnet på skulen, av omsyn til personvernet. red.anm)

«Elise» merka tidleg at serleg ein av lærarane ikkje likte henne. Ho kjende det som om læraren meinte ho var «dum» og demonstrerte det framfor klassen med måten han behandla henne på. Nokre elevar byrja også å erte henne, kome med slengmerknader som gjorde henne usikker. Men også opprørt. Løysinga vart å skulke timane med læraren. Foreldra meiner skulen gjorde lite for å støtte dottera og tru på det ho fortalde om episodar.

Etter kvart kom utageringa og «Elise» søkte saman med «problemelevar» på andre skular.

Ho vart ein av mange elevar frå andre skular i Trondheim som oppheldt seg mykje rundt Rosenborg skule både i og utanfor skuletida: Hasjrøyking og trakassering av andre elevar og mot folk i nabolaget.

Seinast same kvelden det nyleg var allmøte for foreldra, var det slåstkamp få meter unna inngangen, har NRK fått stadfesta.

Foreldra meiner tilværet for dottera forverra seg ytterlegare i løpet av sommaren. «Elise» fortalde då at ho var vorten valdteke og forsøkt valdteke av ulike gutar.

Torget i Trondheim mot vest.

Trondheim torg tiltrekker seg unge og rusmisbrukere.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRk

Ho har forklart seg på Barnehuset og namngjeve personar. Men førebels har ikkje foreldra høyrt kvar etterforskinga står.

– Eg trur desse hendingane «trigga» ho ekstra til «å gje faen», seier far.

Foreldra har vore på minst 30 møte med ulike instansar i Trondheim det siste året. Men det har vore mykje prat, lita hjelp og null framgang, meiner foreldra.

Dei krev at «Elise» går på skulen kvar dag. Det har fungert bra. Uteblir ho frå ein time, er avtalen at skulen varslar faren.

Når det «smell» verkar kommunen handlingslamma.

Far til Elise meiner mobbarane må splittast opp: Flyttast ut av byen, få ein ny start gjennom tilrettelagde tilbod.

Kommunaldirektøren: Ingen raske løysingar

– Eg forstår kritikken frå foreldra mot kommunen. Dette er komplekse problemstillingar der det ikkje finst raske løysingar.

Det seier kommunaldirektør for oppvekst og utdanning Camilla Trud Nereid til NRK.

– Så ser vi at vi har kome til eit punkt der vi må sette i verk andre og skjerpa tiltak. På fritida er samarbeidet med politiet også viktig, seier Nereid. Ho understrekar at dette ikkje er eit «Rosenborgproblem», men at elevar kjem frå andre skular og lagar bråk.

Regionalt kunnskapssenter for barn og unge i Bergen (RKBU) tilbyr gratis hjelp og rettleiing til kommunar gjennom antimobbeprogrammet.

Trondheim brukte Olweusmetoden inntil 2007, men har deretter valt andre løysingar. Alle skulane har minst eitt av i alt tjue ulike opplegg under temaet «Læringsmiljø 2018».

– Men forsking viser at berre eit par av programma Trondheim bruker kan dokumentere mindre mobbing, seier rådgjevar i NORCE, RKBU-Vest, Andre Baraldsnes til NRK. Han fortel at dei fleire gonger det siste året har kontakta Trondheim og tilbydd programmet som er betalt av Helsedirektoratet og brukt i mange kommunar med svært godt resultat.

«Elise» meiner ho kjem til å døy før ho er 18

Det er to slitne foreldre NRK seier farvel til etter nesten tre timar. Å snakke om korleis ein av ungane deira har vorte ein «mobbar» er tungt, men samstundes viktig:

– Dette er eit samfunnsproblem. Skulen må tidlegare sjå teikna når barn ikkje har det bra. Ein «problemelev» er også eit varsku, ikkje berre dei som blir plaga. Dårleg skulemiljø skaper taparar.

Ofra får ofte heller ikkje hjelp.

– Eg hadde aldri trudd at vi skulle få vanskar med «Elise». Det siste året verkar som ein vond draum.

«Mobbaren» har også byrja å skade seg sjølv. Derfor går ho ofte med langarma genser.

– Ho har sagt til meg at ho ikkje lever til ho blir 18.

– Kva meinte ho med det, trur du?

– Eg veit ikkje. Eller eg vil ikkje seie meir om det, avsluttar mor til 14 år gamle «Elise» i Trondheim.

Her kan du lese meir om tiltak for barn og unge.